TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Myklebusthaug Rederi satsar på sjøtransport av tømmer

Myklebusthaug Rederi satsar på sjøtransport av tømmer

Myklebusthaug Rederi i Austrheim kommune i Hordaland satsar no også på sjøtransport av tømmer. I desse dagar utstyrer dei nyinnkjøpt M/S Grinna med eigen lastar som aukar rekkevidda frå 12 til 16 meter frå skutesida og dette vil auke både rekkevidde på kai og lesse/ losse kapasiteten av tømmer.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 12.03.2015

Øverst: Tore Myklebusthaug framfor M/S Grinna som raskt vil bli sett inn i tømmerfrakt langs norskekysten. Skipet vil i løpet av sommaren bli utstyrt med Sennebagen laster som vil auke både rekkevidde og laste/ lossekapasitet av tømmer.
Foto: Helge Kårstad
Nederst:  Myklebusthaug Management har driftsansvaret for M/S Ingvill (tilhøyrande Storesletten Rederi), her under lasting frå heilt ny kommunal kai i Sykkulven i Møre og Romsdal denne veka.
Foto: Asle Johan Bergseth Konnerth 

Myklebusthaug Rederi i Austrheim kommune nord for Bergen er eit familieføretak som har drive med skipstrafikk sidan krigens dagar. Det var Mikkal Myklebusthaug som starta opp med fraktefart langs norskekysten rett etter krigen. For etter krigen skulle landet «byggast» og det var stor trong for gjenreising av utbrende bygder og byar i nord. Mikkal som enno er aktiv i firmaet fortel om tøffe turar heilt til Kirkenes frå 1945 med trematerialer m.a. frå sagbruket i Namsos.
I dag er det sønene Tore og Roald som fører tradisjonane vidare i selskapet Myklebusthaug Mangement og dei sysselset kring 200 personar. Selskapet disponerar i dag 16 skip, hovudsakleg container feeder og offshore fartøy. Siste tilskotet på stammen er M/S Grinna som skal setjast inn i frakt med tømmer langs norskekysten og til skogindustri i Norge og ellers i Europa. I tillegg har Myklebusthaug teke over driftsansvaret for M/S Heidi og M/S Ingvill som tilhøyrer Storesletten Rederi (sjå reportasje her dagsett 10.05.13).

Auka rekkevidde og auka lesse/ lossekapasitet av tømmer
M/S Grinna (tidlegare Transforte) er bygd i Tyskland i 2005, er på 6300 dvt og lengda er 116 meter. Skipet stikk 5,7 meter i sjøen og kan laste kring 6000 kubikkmeter tømmer. Tore Myklebust fortel at dei i løpet av mai månad vil montere ein Sennebogen Kran på dekk som vil kunne auke kapasiteten mykje. I tillegg vil rekkevidda til krana bli ca. 16 meter frå skutesida (normalt inntil 12 meter i dag) og det vil vere greit å laste 3 lag tømmer på kaien. På ein tømmerkai på ca. 100 meter lengde vil ein kunne plassere ei heil båtlast (6000 m3) og lesse/ lossetid vil kunne reduserast. Dette vil også gi rom for jamt meir tømmer framlagt på kaifront, forenkle logistikken på land, auke kapasiteten og bidra til reduksjon i terminalkostnader for tømmeret. Vi vil gratulere Myklebusthaug Rederi med denne satsinga !