FrP Hordaland med resolusjon om skogsvegar og tømmerkaier
Årsmøtet i Hordaland FrP vart avvikla i Bergen denne helga. I ein resolusjon oppmoda dei Regjeringa om at den statlege investeringstøtta til skogsvegar og tømmerkaier må aukast ytterlegare i 2016.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 01.02.2015
![]() |
Stortingsrepresentant og finanspolitisk talsmann i FrP Gjermund Hagseæter (t.h) har gjort mykje for å få bygd meir skogsvegar på Veslandet. Ove Frotvedt (t.v) fekk gjennom ein einstemmig resolusjon på årsmøte i Hordaland FrP i helga om å satse vidare på dette i 2016. |
Ove Frotvedt (Fanagro) kom med framlegg til ein resolusjon i Os FrP sitt årsmøte som tok den vidare til årsmøtet i fylkelaget no i helga. Frotvedt heldt eit brennande innlegg til årmøtet og framheva Regjeringa si satsing på skog og spesielt skogsvegar. Han viste til at den statlege løyvinga til skogsvegar er bortimot dobla siste åra og rosa stortingsrepresentanten Gjermund Hagesæter frå Hordaland som er finanspolitisk talsmann i Frp for å ha gjort ein stor jobb for å få bygd meir skogsvegar på Vestlandet.
Innstilt på å følgje opp skogsvegar og tømmerkaier vidare
I sin tale til årsmøtet på lørdag understreka Terje Søviknes, ordførar i Os og sentralstyremedlem i FrP at satsinga på skogsvegar var ei av fleire svært vellukka satsingar frå FrP si side for distrikta. I Hordaland trengs det ei ekstraordinær satsing på skogleg infrastruktur for å få fram verdien av skogreisinga og her er både skogsbilvegar og tømmerkaiar viktige sa Søviknes.
Gjermund Hagesæter understreka det same i eit innlegg under debatten på søndag og var innstilt på å følgje opp denne viktige saka for skognæringa.
Resolusjonen blir no oversendt FrP sentralt, stortingsgruppa og media.
Les resolusjonen her