Størst i Skandinavia
Sogn og Fjordane Skognæringsforum held årsmøte i Stryn denne veka. Ny leiar er Lars Trygve Sæle frå Balestrand. Etter årsmøtet var det besøk hos Hagen Trevare A/S som i dag er den største trappeprodusenten i Skandinavia.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 23.01.2015
Øverst.: Administrerande direktør Johan Herman Foss Hagen viser fram i utstilligslokala til bedrifta som ligg sentralt i Stryn Nederst: Skogbrukar Asle Lyslo frå Innvik i Stryn kommune prøver "Strynetrappa" Foto; Helge Kårstad |
Årsmøtet i Sogn og Fjordane Skognæringsforum vart avvikla i Stryn denne veka og Lars Trygve Sæle frå Sæle Sag i Balestrand vart vald som ny leiar. Med seg i styret har han Ingunn Kjelstad frå Sogn og Fjordane Skogeigarlag, Inger Marie Svingeset frå Norsk Bygdesagforening, Torbjørn Frivik frå T. Frivik Taubanedrift A/S, Christian Rekkedal frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Oddbjørn Sellevold frå Førde kommune.
Vedtok serviceavgift
Årsmøtet vedtok å innføre ei serviceavgift for medlemsskap inkludert støttemedlemskap for enkeltpersonar, på lik linje med tilsvarande satsar i dei andre kystskogfylka. Kjersti Kinderås, dagleg leiar i Skognæringa Kyst orienterte engasjert om arbeidet i næringsorganisasjonen og anna arbeid som føregår innafor paraplynettverket Kystskogbruket.
Det var ei svært interessert forsamling som kom med mange forslag til det nye styret.
Største trappeprodusenten i Skandinavia
Etter årsmøtet vart det arrangert bedriftsbesøk hos Hagen Trevare A/S som er den største trappeprodusenten i Skandinavia. Administrerande direktør John Hermann Foss Hagen orienterte om ei bedrift som starta allereie i 1934 på Visnes i Stryn med 3 tilsette. I dag sysselset Hagen Trevare AS totoalt 110 personar, kring 90 i Stryn og resten fordelt ved 7 utsalstader i Norge.
Hegen fortalde om den industrielle tenkninga ved bedrifta, dagens krav til design og ikkje minst kunden sine haldningar til innreiing og forventningar til produsentar. I dag hentar bedrifta virket (mest furu) i utlandet (Estland og Slovenia) men Hagen var open for å sjå på bruk av meir kortreist virke. Bedrifta produserar king 5000 trapper i året og mest kjent i marknaden er nok "Strynetrappa".
Årsmøtedeltakaraen vart kort sagt imponert over ei moderne trebearbeidande bedrift som tydelegivis blir driven svært godt.