TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Kvalitet og materialkunnskap

Kvalitet og materialkunnskap

Me satsar på kvalitet og materialkunnskap om trevirke sa Pål Solberg då det første møtet i Skogarena Bergen vart avvikla i går kveld.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 23.01.2015

Nokre av dei frammøtte på Skogarena Bergen. Fv. Pål Solberg, Eirik Brynjelsen frå Fylkesmannen i Hordaland, Steinar Anda frå Klimaseksjonen i Bergen kommune, Tor Loftur Jonsson frå Høgskulen i Bergen, Jan Ole Skage frå Skog og Landskap, Heidi Saure frå NLA/ Høgskulen i Bergen og Håvard E Bjordal frå Bergen kommune. 
Foto; Helge Kårstad

Mykje folk hadde funne vegen til Chinarestauranten i Bergen sentrum då det første møte i Skogarena Bergen vart avvikla i går kveld. Pål Solberg frå Solberg Sag på Osterøy sysselset i dag 7 personar og baserar drifta på bruk av lokalt råstoff, sterke materialkunnskapar og ikkje minst kjennskap til opphavet for trevirket. Saman med faren Arild held han eit svært interessant innlegg om bruk av ulike tresalg. Treslag som har vokse lokalt på Osterøy, i nabokommunane og ikkje minst kring Bergen by.

Ein møteplass for skog, miljø og naturinteresserte
Pål viste fram kvalitetsvirke av eik, douglas, furu, sypress, osp, gran og trekte til slutt fram ein plankebit av ei siktagran som var planta på Fløyen kring 1890. Eit tre som den gongen vart planta av pionerane i Bergen Skog-og Treplantingselskap som vart etablert i 1868. "Dette er noko med det beste virke du kan få" sa Solberg og la til at det elles så omdiskuterte treslaget har treeigenskapar som brukt på rett vis blir ein vinnar.
Målet med Skogarena Bergen er å samle skog, miljø og naturinteresser i Bergen m/ omegn. Etter ein times fagprogram vart det ein ivrig diskusjon kring alle desse tema, -  på restauranten med den finaste plasseringa sentralt i Bergen by. Vi takkar den skoginteresserte familien Hui som velvilleg stiller restauranten til rådigheit og ser fram til neste møte ein gong ut i mars.