TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Skogsvegbygginga i Sogn og Fjordane

Skogsvegbygginga i Sogn og Fjordane

Det vart gjort ferdig 11,5 km skogsbilvegar og 8,5 km med traktorvegar i Sogn og Fjordane i 2010.

Denne nyheten ble publisert av: Torgunn Sollid Publisert dato: 03.01.2011

Dette er på gjennomsnittsnivået dei siste ti åra. Likevel er det alt for lite relatert til trongen for nye skogsbilvegar.

Arbeidet med manuskarta til såkalla "Hovudplanar for skogsvegar" viser at det er trong for over 1000 km dei neste 30 åra. Dette arbeidet er lagt ut på fylkesatlas http://www.fylkesatlas.nounder landbruk og "Hovudplan for skogsvegar". Det blir no opp til kommunane å handsame manuskarta og utarbeide ein ferdig hovudplan i løpet dei fyrste åra.

Vi ser ei bekymringsfull auke i vegkostnaden på heile 60% over dei siste tjue åra. Vi trur dette gjer at skogeigarane i stor grad sit på gjerdet og ikkje vil ta investeringane før dei veit at dei har ein sikker inntekt frå skogen. Skogsvegar har stor lønsemd for samfunnet, eksempelvis 35 gonger statstilskotet!

Figuren viser utviklinga i skogsvegbygginga (med statstilskot) i Sogn og Fjordane dei siste tjue åra.

Mer om rapporten her