Honnør til FrP
FrP har bidrege sterkt til eit gjennombrudd for ei sterkare satsing på infrastruktur i skogbruket sa representantar frå Kystskogbruket under eit møte med den politiske leiinga i FrP i går
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 08.01.2015
Frå møtet på Stortinget i går. F.v Landbrukspolitisk talsmann i FrP Morten Ørsal Johansen, Ove Frotvedt frå FanAgro/ Hordaland, politisk rådgivar Lars Joakim Hanssen og Helge Kårstad frå Kystskogbruket. Finanspolitisk talsmann i FrP Gjermund Hagesæter frå Hordaland var ikkje til stades då biletet vart teke. Foto; Anita Olset |
Kystskogmeldinga (2008) fokuserte på ei sterkare satsing på infrastruktur i kystskogfylka. I ettertid har kring 200 kommunar frå Vest-Agder til Finnmark planlagt framtidig vegbehov i skogen. Ferske tal viser eit behov inntil ei firedobling av skogsvegbygginga i 20 år framover i dei fleste fylka langs kysten.
Honnør til Frp
Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (FrP) har frå dag 1. sterkt fronta ei sterkare satsing på skogsvegbygging og tømmerkaiar. I 2015 er det løyvd statlege midlar til skogsvegbygging på 121 millionar kroner og 22,5 millionar kroner til tømmerkaier. Dette er i realiteten ei dobling av satsing på infrastruktur i skogbruket sidan 2012 og i all hovudsak har dette kome etter at Listhaug tiltrådde.
Resultata blir etterkvart synlege
Under eit møte med den politiske leiinga i FrP på Stortinget i går sa Ove Frotvedt frå skognæringa i Hordaland at denne satsinga allereie har gitt store resultat og i løpet av 2015 vil fleire nye skogsbilvegar bli ferdigstilte. Dette er vegar som opnar for nye skogområder etter skogreisinga og samtidig bidreg til reduserte transportkostnader for tømmeret. Skogsvegar er også viktige fleirbruksvegar, ikkje minst som turvegar.
I Bergen og omegn er det også bygd ein del skogsvegar med overskotsmasser frå større tunnell- og anleggsprosjekt. Dette er ei god løysing som også representantar frå miljøinteresser har applaudert.
Det vart på møtet også vist til at det pr. i dag er på gang utbetring og nybygging av tømmerkaiar i 8 fylker og allereie 23 mars vil den nye tømmerkaien i Kaupanger i Sogn og Fjordane bli opna, seinare på året Namsos i Nord-Trøndelag og Eidsnes i Hordaland. "Det er ei fantastisk god utvikling for ein betre infrastruktur i skogbruket og resultata blir etterkvart synlege. Men her gjenstår enno svært mykje" sa Ove Frotvedt.