TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Planter frå Alstahaug har gitt årleg 10 % forrentning

Planter frå Alstahaug har gitt årleg 10 % forrentning

Etablering av klimaskogar nasjonalt og internasjonalt skapar optimisme ved Alstahaug planteskole. Og det skulle berre mangle. Eit konkret eksempel frå Dønna kommune viser at ein skog som vart etablert med sitkagranplanter (Seward proveniens) frå Alstahaug i 1967 hittil har gitt eigaren ei årleg forrentning kring 10 %.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 17.12.2014

Øverst; Dagleg leiar Tore Frisli Hov ved Alstahaug planteskole gjer klar planter for sesongen 2015.
Nederst; Alstahaug planteskule ligg godt plassert, ved foten av De Syv Søstre og ca. 2 mil frå Sandnessjøen i Nordland.
Alle foto; Helge Kårstad

«Det har vore ein tøff nedtur etter 2003» seier Tore Frisli Hov ved Alstahaug planteskole i Nordland. «Hadde vi ikkje investert i nye lokaler like før krakket i 2003 hadde vi ikkje eksistert i dag. No set vi vår lit til den gryande optimismen både internasjonalt og nasjonalt kring planting av vanleg skog, aukande etterspørsel etter fornybart trevirke, binding av CO2 og ikkje minst planting av klimaskog» seier Frisli.
I dag er Alstahaug planteskole saman med Bardufoss planteskole i Troms dei einaste planteskulane som er igjen i Nord-Norge.

Sitkagranplanter frå Alstahaug gir 10 % forrentning
Alstahaug planteskole vart etablert i 1930 og er såleis ein av dei eldste eksisterande skogplanteskular i landet. Eit stort engasjement i oppstartingsfasen frå eigaren Helgeland Skogselskap og ikkje minst dåverande fylkesskogmeister Einar Asla utvikla denne planteskulen til ein av dei fremste i landet. I toppåret 1963 produserte planteskulen ca. 6 millionar skogplanter, - i dag er talet noko i underkant av 1 million planter. Den gongen som i dag leverer Alstahaug planteskole planter hovudsakleg til Nordland fylke, men også sporadisk lenger nord og sør langs kysten (særlig sitkagran og lutzgran).
I dag blir det mest planta norsk gran, noko lutzgran og sitkagran i Nordland. Og opphavet til dagens planter er lokalt. Det vil seie at frø av lutzgran er hausta på eldre lutzgrantre i Vesterålen, sitkafrø er hausta på kvalitetsrike sitkabeststand på Helgeland og granfrø er frå lokale bestand sør for Saltfjellet.

I 1967 vart det planta sitkagran (proveniens Seward) frå Alstahaug planteskule på Lauvøy i Dønna kommune. I dag, 47 år etterpå har denne investeringa gitt eigaren ei årleg rente på 10 %, betre enn både aksje- og banksparing. Skog og Landskap har lagt ut 2 forsøksflater i denne skogen og dei siste målingane frå 2012 viser ca. 100 kubikkmeter tømmer pr. dekar. Forrentninga er rekna ut på basis av eit opphaveleg tilskot til skogplantinga, dagens tømmerpris og aktuell driftskostnad (hjulgåande hogstmaskin, lassberar og bruk av lekter). Men eigaren vil sjølvsagt ikkje hogge den godt veksande skogen enno.

Eit dramatisk fall og von om ein ny vår
Tidlegare planteskulekonsulent i Norge Ketil Kohmann har registrert nedgangen i den norske skogplanteproduksjoen og tilsvarande utplantingar i norske skogar etter 1990. «Men i 2003 fikk vi et dramatisk fall» skriv Kohmann i bladet Skogeieren i 2008 og fortset; «I 2001 fikk vi en ny landbruksminister som uten varsel fjernet all støtte til skogreising og skogetablering. Planteskolene på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Norge tapte, - ikke bare på manglende salg, men fikk også kostnadene med å kompostere plantene. Nær 8 millioner planter måtte vrakes i året 2003. Undertekngede anser tidligere landbruksminister Lars Sponheim for å være det største skadedyret vi har hatt i skogen».
Blir det no ein ny vår for Alstahaug planteskole og planteskulane som er igjen i kystskogfylka ?
Vi trur det ! Vi trur også at framsynte nordmenn etter kvart vil oppdage at det er pengar i anna enn olje.