Fotomåling av tømmer er suverent
"Fotomåling av tømmer er heilt suverent" seier tømmerbilsjåfør Robert Vatnan frå Mosjøen. I regi av Norsk Virkesmåling vart fotomålestasjonen etablert i 2011 og pr. dags dato fins det 14 slike målestasjonar i Norge.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 17.11.2014
![]() |
Øverst; Tømmerbilsjåfør Robert Vatnan (t.v) med nummerskiver som blir festa på lasset før fotografering. Regionleiar Øyvind Skarvang (t.h.) fortel at det er 4 fotomålestasjonar i kystfylka og at målemetoden venteleg eignar seg godt på dei største tømmerkaiane langs kysten. Nederst; Vogntoget til Robert Vatnan på målestasjonen klar for måling. Legg merke til fotoutstyret som er montert på stanga. Totalt blir det teke 6 bilder av vogntoget og det heile tek ca. 8 minutt. Alle foto; Helge Kårstad |
![]() |
Det er tidleg morgon klokka 06.00 og tømmerbilen til Robert Vatnan er på veg inn til fotomålestasjonen ved Mosjøen Havn.
Tømmerbilen stoppar, 6 stk. foto (2 på bil og 4 på hengar) blir raskt teke og overført til Skogdata via ein mottakarkontroll på Skogn. Etter ca. 8 minuttar er tømmeret målt og Vatnan kan lesse av på kaifront eller baklager for vidare transport av tømmeret med båt til Moelven van Severen i Namsos. "Eit suverent opplegg" seier Vatnan. "Det er billeg og fleksibelt. Ja her er opningstid døgnet rundt heile veka, berre stengt i helga. Enkelte dagar kan det bli snakk om opptil 8 turar til terminalen i Mosjøen, - det vanlege ligg kring 5-6 turar" avsluttar Vatnan.
Robert Vatnan er ein av 5 tømmerbilsjåførar i Nordland for tida. Han reknar med at han passerar 40 000 kubikkmeter tømmer på bilen sin innan året er omme, av dette blir ca 3/4 fotomålt. Resten av virket blir sjåførmålt, av dette ein del bjørk og mest til mindre lokale kjøparar. Vatnan fortel også at både det private og offentlege vegnettet der han køyrer stort sett toler 22 meter vogntoglengde og inntil 50 tonn totalvekt. Det fins ein del flaskehalsar som medfører kippkøyring, men dette er av mindre omfang. Han rosar også skogsbilvegane som er bygde men etterlyser ein del opprusting.
4 (av totalt 14) fotomålestasjoner i kystskogfylka
Regionleiar Øyvind Skarvang i Norsk Virkesmåling fortel at Mosjøen er ein av 14 fotomålestasjoner for tømmer og flis i Norge.
I kystskogfylka er det etablert 4 stasjonar, dvs. Mosjøen, Follafoss, Skogn og Orkanger. Erfaringane har vore svært gode alle stader. "Ja såvel kjøpar som seljar av tømmer og skogsvirke er svært nøgde og i desse daga opnar vi ein ny fotomålestasjon på Follum" seier Skarvang.
Fotomålestasjonar kan vere eigna i tilknyting til tømmerkaier
Norsk Virkesmåling vart etablert i 2003 og er eigd av seljarar og kjøparar av skogsvirke. Fotomåling av tømmer starta opp hos Norske Skog på Skogn i 2006, men det er særleg etter 2012 at tal stasjonar har vokse mest. Kvantumet som har blitt fotomålt har tilsvarande auka og Skarvang reknar med at fotomålt skogsvirke vil passere 2 millionar kubikkmeter i løpet av 2015.
I praksis er denne type måling i konkurranse med sjåførmåling, - i tillegg blir noko stokkmålt manuelt men dette utgjer stadig mindre del. Skarvang meiner også at fotomålestasjonen i Mosjøen og på Orkanger som fotomåler kring 50 000 kubikkmetre tømmer kvar, er av ein storleik som gjer at dette blir ei svært lønsam tømmermåling. "Det vil sannsynlegvis vere aktuelt ved flere tømmerkaier som blir bygd ut i åra som kjem. Målinga er svært påliteleg, fri opningstid og dertil relativt låge målekostnader" legg Skarvang til.