Har tilført lokalsamfunnet 10 milliardar
Sponplatefabrikken Arbor i Hattfjelldal i Nordland vart etablert i 1956. Fabrikken sysselset i dag 80 personar og forbrukar 80 000 kubikkmeter skogsvirke. "Stadig meir vern av skogen kring fabrikken og dertil høgare transportkostnader for råstoffet tek snart knekken på oss" seier adm.dir Bjørn M Jarmund.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 15.11.2014
![]() |
Øverst; Ei rykande fersk sponplate frå Arbor Hattfjelldal. Eit 3-årig SINTEF-prosjekt skal analysere virkesflyten i skogbruket i Nordland og vil nytte sponplatefabrukken Arbor i Hattfjelldal som eit "case". F.v. fabrikksjef ved Arbor Odd Fagervold, skogkonsulent i Statskog Halle Heggli, Kristin Tolstad Uggen frå Sintef, Vibeke Stærkebye Nørstebø frå Sintef, Adrian Werner frå Sintef, Andreas Sletten frå Fylkesmannen i Nordland, Jostein Saus frå Statskog og Ulf Johansen fra Sintef. Nederst:Arbor Hattfjelldal vart etablert som den første sponplatefabrikken i Norden i 1956. Etter ein brann i 1971 vart det bygd ny fabrikk. I ettertid og basert på lokalt råstoff har Arbor tilført lokalsamfunnet ei verdiskaping på totalt kring 10 milliardar kroner. |
![]() |
I ein tysk flyhangar etter krigen vart det i 1956 etablert sponplatefabrikk i Hattfjelldal, den første i Norden. Utover 1960 og -70 talet vart det etablert fleire slike fabrikkar i Norge, - i dag er Arbor ein av to fabrikkar som er igjen. I starten var bjørk hovudtreslaget, i dag er gran hovudtreslaget men det blir også nytta noko bjørk. Ein brann i 1971 gjorde at det vart etablert ein heilt ny fabrikk som produserte den første sponplata den 27.08.74, heilt pressist klokka 23.55.
Såvel arbeidstokken som råstoffet har tradisjonelt vore så lokalt det kan bli. I alle år har også arbeidsmiljø for tilsette og kvalitet på produktet hatt første prioritet. "Ja sidan oppstarten etter brannen i 1971 har bedrifta tilført lokalsamfunnet ei verdiskaping totalt kring 10 milliardar kroner" seier fabrikksjef Odd Fagervold og legg ikkje skjul på at dette er ei hjørnesteinsbedrift for Hatfjelldal kommune.
Skogvernet har påført ekstra transporkostnader og nedlegging av skogindustri
Det er stort sett staten som eig skogen i Hattfjelldal. "Og det var nettopp Statskog som sikra råstoffet til Arbor i tidlegare tider" seier Fagervold. Sagbruket i Mosjøen (Nesbruket) som la ned i 2008 var også svært viktig for Arbor. Sagflis frå sagbruk er i tillegg til rundtømmer av gran og furu eit svært godt utgangsråstoff i sponplateproduksjonen og relativt kort transport frå Nesbruket i Mosjøen (ca 7 mil) var eit konkurransefortrinn. I dag må Arbor hente sagflis hos Moelven Van Severen i Namsos, men det er ca 4 ganger så langt med dertil høgare transportkostnader.
"Største utfordringa har likevel vore vern av skogen i Hattfjelldal dei siste 10-åra" seier Jarmund med ettertrykk. I dag er nærmare 30 % av totalarealet i kommuen verna og nye verneplaner vil bandleggje nye 10 % av det produktive skogarealet. "Skogvernet i Hattfjelldal og nedlegging av Nesbruket har medført ein auke i transportkostnadane med 60% for Arbor sin del " seier Jarmund. Og legg til ; "Hovudgrunnen til nedlegging av Nesbruket i 2008 var også skogvernet i dei tradisjonelt sett virkesrike skogane i Grane, Hattfjelldal, Vefsn Hemnes og Rana".
Sintef skal sjå på virkesflyt og tranportkostnader
Eit 3-årig SINTEF-prosjekt som er støtta av Forskingsrådet (effektive verdikjeder for skogbruket i Kyst-Norge, 2014-17) skal først og fremst sjå på tømmerflyten i Nordland. Det vil bli analysert ulike "case", m.a. tømmer- og råstoffflyten til Arbor i Hattfjelldal. Kan ny informasjon kring samhandling i verdikjeda påverke til ein meir kostnadseffektiv transport ?. Dette kan bety vere eller ikkje vere for både Arbor, annan skogindustri både i Nordland og elles i Norge.
Les meir om det nye SINTEF-prosjektet her: http://forskning.no/skogbruk-transport/2014/11/transportdilemma-skogindustrien