Jan Ivar Rødland attvald som leiar.
Skognæringa Kyst gjennomførte sitt første årsmøte i Molde den 22. oktober. Styret kunne vise til stor aktivitet i organisasjonen sitt første år.
Denne nyheten ble publisert av: Torgunn Sollid Publisert dato: 27.10.2014
Styreleder Jan Ivar Rødland fortalde om eit interessant år som styreleder for Skognæringa Kyst. Så interessant at han tok attval, slik at han kan fortsette å jobbe med «den raude tråden og nøstet», som han har brukt som metafor for verdikjeda i kystskogbruket dette året.
Årsrapporten viste at den unge organisasjonen Skognæringa Kyst har hatt stor aktivitet så langt det første året. Mellom saker det har vore jobba med, er:
|
- Forskingsprosjektet «Frå ti til ein» - skogeigarsamarbeid, samarbeid med Norsk senter for bygdeforsking, avslutta våren 1014
- Kompetanseutvikling i Kystskogbruket, samarbeid med Skogkurs
- FoU-strategi og handlingsplan for Kystskogbruket – samarbeid med Grøn Forsking Midt-Norge
- Forprosjekt ARENA – med mål om å søke ARENA-prosjekt i 2015. Samarbeid med Skognæringa i Trøndelag
Andre saker det er jobba mykje med det siste året er
- SKOG22. Skognørings Kyst sitt i arbeidsgruppa for skog
- PEFC – innspel til arbeidet med ny gjennomgang av krava for PEFC-standarden. Dette gjeld for kystskogbruket særleg dei nye krava til bruk av utanlandske treslag.
- Rullering av Melding om kystskogbruket.
Det er gjennomførd to konferansar, eit FoU-seminar, og konferansen «Større konkurransekraft i kystskogbruket». I tillegg er det gjennomførd fleire politiske møter, og vi har delteke i ei rekkje politiske møter, både regionalt og nasjonalt.
Det er få utskiftingar i styret, men Viggo Rasmussen går av med pensjon ved årsskifte. Knut Dreier, tek over som direktør etter Viggo i Moelven van Severen på Namsos, og trer inn i styret for januar. Viggo har vore ein varm forkjempar for samarbeidet i kystskogbruket gjennom ei årrekkje. Vi takkar Viggo Rasmussen for innsatsen i Kystskogbruket og i styret for Skognørings Kyst.
Det nye styret for 2015 er samansett av:
- Jan Ivar Rødland, leiar for 1 år, Vestskog, representerer i Skognærings i Sogn og Fjordane
- Knut Dreier, nestleiar for 2 år, Moelven fan Severen frå 1. jan 2015, Skognæringa i Trøndelag
- Torbjørn Frivik, styremedlem, Frivik Taubane, Hordaland Skognæringsforum
- Anders Børstad, Veærdalsbruket, Skognæringa i Trøndelag
- Per Kosberg, MN Karton Follacell, Skognæringa i Trøndelag
- Geir Kvammen, Troms Skogselskap, Skognørings i Troms
- Inger Grethe Hansen, Allskog, Skognæringsforum Nordland