TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Trebruk i kystskogbruket - frå cellulosekomponent til massivtreelement

Trebruk i kystskogbruket - frå cellulosekomponent til massivtreelement

Tre kan nyttast til nesten alt. Det fekk kystskogbruksaktørane fleiere eksempel på då dei var samla til fagdag i Molden den 23. oktober.

Denne nyheten ble publisert av: Torgunn Sollid Publisert dato: 26.10.2014

I samband med årsmøtet til Skognæringa Kyst i Molde, gjennomførde vi den 23. oktober fagdag med tema «Korleis auke verdiskapinga i verdikjedene frå kystskogen?». Vellukka dag med mange interessante foredrag og gode diskusjonar

Landbruksdirektør i Møre og Romsdal, Anne Berit Løset, opna samlinga med gode ord om samarbeidet i Kystskogbruket. Fylkesskogsjef i M&R, Harald Nymoen, som er leiar av Kystskogbrukets fylkesmannsgruppe, orienterte litt om skogbrukets utfordringar i M&R, men fokuserte meir på dei rike moglegheitene som skogen i M&R gir. Fylket har stor del av landets treindustri, men mykje av denne er basert på importert virke, medan tømmeret som hoggast vert eksportert ut av fylket. Her er det rom for meir lokal verdiskaping!

Heidi Kielland, adm. direktør for Treidustrien, hadde et tydelig bodskap om behovet for utvikling av standardar knytt til bruk av tre i bygg, slik dei i ei årrekkje har hatt for betong, glas og andre byggematerial. Dette treng vi for å gjere det enklare å bruke tre, både for arkitektar, byggherrar. Kielland åtvara også mot den aukande importen av byggevarer og moduler/element som kjem som følgje av at utalandsk arbeidskraft og entreprenørar kjem inn på byggemarknaden. Vi må ta opp konkurransen! - Utvikling av byggekonsept som er tilpassa framtidas utbyggingsmønster for både bustads og næringsbygg, og effektiv produksjon gjennom industrialisering i alle ledd er løysinga, sa Kielland.

Men tre kan nyttast til mykje meir enn bygg! Philip André Reme frå Papir- og fiberinstituttet AS, ga eit innblikk i korleis biobasert kjemi kan gi moglegheiter for heilt nye produkt. Norge som høgteknologiland kan konkurrere på kunnskapsbaserte høgverdige produkt. Sidan tremasse kan erstatte ei rekkje produkt som i dag vert utvinna frå olje, vil det grøne skiftet drive tempoet i overgangen til nye grøne produktporteføljar.

Dette ga Asle Ravnås frå Global Organic Energy (GOE IP), deltakarane eit innblikk i. Han viste korleis deira forsking har førd til patenterte løysingar for bruk av cellulosekomponentar oljeutvinning. Prosjektet har forventningar om auka utvinning frå modne oljefelt på 8-12 %. GOE er også inne i spennanse prosjekt for utvikling av bruk av cellulosekomponentar i oljebrønnbaser bioenergiproduksjon. 

Eit friskt innslag denne dagen var Alexander Lien frå MassivLust, som har starta opp produksjon av massivtreelement i Luster i Sogn og Fjordane. Han opplever at marknaden for trebygg, trekonstruksjonar og massivtre er svært aukande. Ønskjer å starte produksjon av element i sitka, og gjennomfører uttesting på bruk av sitkagran som råvare i lag med Tresenteret.

Olav Erik Witzøe, XL-Bygg Malo Sagbruk, viste korleis intern logistikk, bevisst marknadstenking og kundeoppfølging kan gjere bedrifter meir konkurransedyktige. - Ein lyt tenkjer kostnader og effektivitet i alle ledd, seier Witzøe. 

- Vi må samle folk for å skape kreative og innovative prosessar. Slik skapas de beste prosjekta, med innovasjon, vidareutvikling og nye produkt!. Det var bodskapen frå Magne Løfaldli, SIV Industri-inkubator i Surnadal. Nettverket «Innovasjonstre» kan vise til svært gode resultat. Kunnskapsbasert samarbeid med kompetansemiljøa er tingen seier Løfaldli, og roser samarbeid med NTNU, SINTEF, ENOVA, Tresenteret, Green Adviser.