TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Arbeid på gang i 19 kommunar

Arbeid på gang i 19 kommunar

For tida pågår plan- og anleggsarbeid ved tømmerkaiane i Risøyhamn, Lenvik, Namsos, Ørsta, Fjaler, Granvin, Sauda, Egersund, Mandal, Herre og Eydehamn. I tillegg til dette blir det no arbeidd med nye søknader for utbygging i kommunane Nordreisa, Steigen, Sørfold, Brønnøysund, Nærøy, Hemne, Orkanger og Fusa.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 05.11.2017

Det er stor interesse for å byggje ny tømmerkai m.a. i Fusa i Hordaland. For tida blir det arbeidd med ein reguleringsplan for eit nytt hamneområde der tømmekaien vil bli første investering. I eit møte med kommunen forrige veke sa ordføraren at planar for ein ny kai venteleg vere klare kring 1. april 2018.
Ein ny tømmerkai i Fusa er prioritert av både Vestskog og heile skognæringa i Hordaland. I bakgrunnen kaien som blir brukt idag og som ligg i Eikelandsosen i Fusa. Den er både for liten og ligg uheldig til i høve til andre aktivitetar i sentrum i Eikelandsosen.
F.v. einingsleiar i Fusa kommune Terje Raunsgard, ordførar Atle Kvåle, dagleg leiar i Vestskog Kjetil Andre Rødland og planleggar Martin Tveitnes i planfirmaet Harald Bjørndal AS.
Foto: Helge Kårstad

Tømmerkaiar viktig for utvikling av den norske skogindustrien
Sjøtransport saman med kortast mogeleg tømmerbiltrasnport av skogsvirket legg grunnlaget for eit rasjonelt skogbruk i kystskogfylka. Denne regjeringa har prioritert tømmerkaiar som også er ein del av den tverrpolitiske målsetjinga om å overføre meir av tungtrafikken frå veg til bane og sjø. Sjøtransport pr. volum/kg og kilometer av ei vare (eks. skogsvirke) er både rimeleg og miljøvenleg, jfr. også SINTEF-rapport «Transport av skogsvirke i kyststrøk» frå 2011.
Tømmeret går både til norsk og utanlandsk skogindustri. Siste året har ein relativt større del av tømmeret gått sjøvegen til norsk industri i kystskogfylka. På sett og vis kan vi seie at satsinga på tømmerkaiane kom i grevens tid. Auken i hogsten etter skogreisinga legg ein del av grunnlaget for å vidareutvikle den norske skogindustrien og ikkje minst skogindustrein i kystskogfylka. Utan ei satsing på sjøtransporten hadde dette vore vanskeleg.

Moelven Van Severen i Namsos (bildet) er eit av dei største sagbruka i Norge. Dette sagbruket får stadig meir av sagtømmeret inn med båt, siste året heile 40%. Utan tømmerkaiane som er bygde ut langs kysten hadde dette vore både vanskelegare og dyrare sier adm. dir Knut Dreier (innfelt til høgre i bildet). Harry Homstad (også Moelven) til venstre i bildet. 
Foto: Helge Kårstad

21 anlegg hittil
Denne hausten løyvde Landbruksdirektoratet totalt 72 millionar kroner til utbygging av 6 nye tømmerkaiar i Norge, dvs. Eydehamn, Egersund, Sauda, Granvin, Fjaler og Risøyhamn. Frå tidlegare løyvingar pågår det enno arbeid i Lenvik, Namsos, Mandal og Herre.
Totalt er det sidan 2012 løyvd 220 millionar statlege kroner til utbygging av tømmerkaier. Totalt har denne satsinga utløyst kaiinvesteringar kring 300 millionar kroner fordelt på 21 tømmerkaianlegg frå Drammen til Lenvik i Troms.

Nye søknader vil komme
I forslag til statsbudsjett 2018 er det sett av nye 92 millionar kronger til skogveier og tømmerkaiar. Det er enno ikkje teke stilling til fordelinga. Dette vil venteleg skje etter at statsbudsjettet er endeleg vedteke på Stortinget i desember månad.
Uansett er det fortsatt svært stor interesse for å bygge ut nye tømmerkaiar i kystskogfylka og nye søknader vil komme ved ei venta neste utlysing våren 2018. Dette gjeld først og fremst tømmerkaiar i Nordreisa i Troms, Steigen, Salten (Sørfold) og Brønnøysund i Nordland, Nærøy i Nord-Trøndelag, Orkanger i Sør-Trøndelag, Hemne i Møre og Romsdal og Fusa i Hordaland.