TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Førstesida i Andøyposten

Førstesida i Andøyposten

«Skog til 200 mill» heiter eit nyleg førstesideoppslag i Andøyposten. Bakgrunnen er at Landbruksdirektoratet nyleg løyvde 5 millionar kroner til ny tømmerkai i Risøyhamn på Andøya. Dette er viktig for skogbruket og viktig for omstillinga på Andøya seier handelstad- og kaieigar Hans Benjaminsen.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 03.10.2017

Handelsstad-og kaiaeigar Hans Benjaminsen i Risøyhavn jublar for pengar til ny tømmerkai. Denne fleirbrukskaia blir viktig både for skogbruket og omstillinga på Andøya seier Benjaminsen.
Foto: Andøyposten

5 millionar kroner til Risøyhamn
Nyleg løyvde Landbruksdirektoratet 72 millionar kroner til utbygging av 5 tømmerkaiar i Norge, av desse ein tømmerkai i Risøyhamn på Andøya.
Handelstad- og kaieigar Hans Benjaminsen jublar i eit førstesideoppslag i avisa Andøyposten. For løyvinga er utløysande for ny fleirbukskai med 60 meter kaifront i Risøyhamn. Totalkostnaden ved denne kaiutbygginga som ligg like sør for Andøybrua er kalkulert til ca. 20 millionar kroner og arbeidet vil venteleg starte opp i løpet av 2018.
Investeringa sikrar eit lønsamt skogbruk på Andøya i framtida seier skogbruksjef Gjermund Pettersen og viser til at skogreisinga hittil har produsert skogverdiar for kring 200 millionar kroner på øya.

Kan bli bra for omstillinga på Andøya
I boka "Nordlandske handelssteder" er eigarane av Risøyhamn skildra heilt tilbake til 1760. Her kan vi m.a. lese: - «Derpå ble Risøyhamn kjøpt i 1902 av den driftige handelsmann Th. Benjaminsen fra Gimsøy i Lofoten. Han hadde en tid vært betjent hos Dahl i Nussfjord og siden et par år hatt egen landhandel på Napp i Lofoten» I dag møter vi altså 4 generasjon som no heiter Hans Benjaminsen og som m.a. har stor tru på skognæringa og vil difor satse på denne nye fleirbrukskaien. Og Benjaminsen meiner at ein ny tømmerkai kan gje ringverknader langt utover skognæringa. – «Vi har bruk for mer kaifront og bakareal. En ting er tømmer. En annan ting er alle de andre virksomheter som vi har gåande og som er i sterk vekst. Dette har ført til plassmangel som vi nå vil være i stand til å løse. Ja en ny flerbrukskai kan bli viktig for omstillinga på Andøya» understrekar Benjaminsen

Øverst: Bilde frå Skjoldehamn på Andøya. Investeringa for ny tømmerkai i Risøyhamn sikrar eit lønsamt skogbruk på Andøya i framtida seier skogbruksjef Gjermund Pettersen og viser til at skogreisinga hittil har produsert skogverdiar for kring 200 millionar kroner på øya.
Nederst: Sist vinter vart det hogge ca 2000 kubikkmeter tømmer av sitkagran i Skjoldhamn. F.v. Bjørn Næsvold (Allskog), representant for Andøya Energi, skogsarbeidar Kenneth Glad, skogsentreprenør Stig Rognan, Ole Bakke (Allskog) og Gjermund Pettersen som er skogbruksjef i Lofoten og Vesterålen.
Foto: Helge Kårstad

Imponerande skogproduksjon på Andøya.
Skogbruksjef Gjermund Pettersen kan fortelje om ein dokumentert skogproduksjon på Andøya på 70 kubikkmeter pr. dekar etter 70 år for sitkagran (Picea Sitchensis) og lutzigran (Picea glauca x sitchensis). Og dette er jamt over dobbel så høg produksjon som for vanleg gran (Picea Abies) som det også er planta ein del av i desse områda. Pettersen kan også fortelje det totalt på Andøys pr. idag står kring ein halv million kubikkmeter tømmer, hovudsakleg i hogstklasse 4 men noko er etter kvart blitt hogstmodent. Dette gjev ein førstehandsverdi kring 200 millionar kroner. Hogstaktiviteten vil nok variere frå år til år framover, men skogbruksjef Pettersen reknar med at det årleg og gjennomsnittleg kan hoggast kring 12 000 kubikkmeter tømmer av god kvalitet på Andøya.

 
Det er ein imponerande høg skogproduksjon på Andøya. Skogbruksjef Gjermund Pettersen (midten)seier at sitkagran og lutzigran produserar omlag det doble pr. dekar av kva vanleg gran gjer i desse områda. Kvaliteten er også svært god berre skogen blir gammal nok. F.v. Ole Bakke og t.h Bjørn Næsvold, begge frå Allskog.
Foto: Helge Kårstad 

Stor transportgevinst
Utan ein framtidig tømmerkai i Risøyhamn, vil nærmaste tømmerkai ligge på Sortland, ein ekstra gjennomsnittleg transportavstand på ca. 5 mil. Dersom ein legg til grunn ein kostnad på 8 kr/m3/mil og eit årleg hogstkvantum på 12000 m3 (førstehandsverdi kring 4 millionar kroner) vil dette utgjere ein årleg ekstra transportkostnad kring 0,5 millionar kroner. Mykje av nettoen ved skogsdrifta vil følgjeleg gå tapt i lang bilvegstransport. Utan denne tømmerkaien i Risøyhamn vil det knapt kunne gjennomførast eit lønsamt skogbruk på Andøya. Infrastrukturprogrammet (2015) som vart utarbeidd i regi av Kystskogbruket viste også at det burde byggast relativt fleire og mindre tømmerkaiar i Nordland og Troms samanlikna med tilhøva lenger sør.

Sitkagrana er vinnaren av treslaga nord for Saltfjellet, - så også her på Andøya i Nordland.
Etablering, stell og produksjon av sitkagran krev forstleg kunnskap. Sitkagrana set lett frø, spirer lett og stiller følgjeleg krav til fagleg innsikt ved etablering. Den produserar svært godt, bind mykje CO2, kan bli svært høg (50 meter i Norge) og svært gammal (inntil 1000 år i Canada). Trevirket er særleg ettertrakta på verdsmarknaden etter at "ungdomstida" er over, dvs. minst 100 år gammal.
Foto: Helge Kårstad

Dyktige og framsynte skogreisingsleiarar
Underteikna har farta mykje langs kysten dei siste 10 åra, og vil gjerne framheve at det utan tvil er utført ei svært god skogreising på Andøya. Det er jamt over store samanhangande felt og oftast gode driftstilhøva utan særleg trong for taubane. Det er også synleg at veksten er god, rotråte og/eller andre sjukdomsteikn på skogen er heller ikkje registrert. Vi vil gjerne leggje til at skogterrenget på Andøya er synleg betre enn gjennomsnittet langs kysten og at ein såleis kan rekne med akseptable driftskostnader. Det har utan tvil vore dyktige og framsynte skogreisingsleiarar på Andøya i Nordland.
Vi vil til slutt skryte litt av Andøyposten som har hatt fleire gode faglege oppslag om skogbruk, skogsdrift og skogreising på Andøya.

Side 1 i Andøyposten her
Side 10 og 11 i Andøyposten her