42.4 millionar kroner på statsbudsjettet til skogsvegar og tømmerkaier
I statsbudsjettet 2014 er det sett av 42,4 millionar kroner til verdiskapingstiltak i skogbruket med vekt på tiltak som kan bidra til å redusere transportkostnadane. LUF-tildelinga som også inneheld pengar til infrastruktur er auka med 10 millionar kroner, men her gjenstår forhandlingar før desse er fordelte.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 09.10.2014
![]() |
Det er sett av 42,4 millionar kroner over statsbudsjettet 2015 til tiltak som kan redusere transportkostnadane. Det er sannsynleg at kring halvparten av desse midlane vil gå til utbygging av tømmerkaier. Det er eit skrikande behov for utbygging av tømmerkaier i kystskogfylka, - her frå Ørsta-terminalen som er ein av mange søkjarar om statstilskot og som enno ikkje er finansiert. Foto; Helge Kårstad |
Under kapittel 1149, post 71 i statsbudsjettet er det sett av 42,4 millionar til verdiskapingstiltak i skogbruket. I proposjon 1S frå Landbruks- og matdepartementet til Stortinget er det gitt klare føringar for bruken av desse midlane;
Når det gjeld skogsvegar står m.a.: "Behova for investeringar i infrastruktur er store over heile landet, men utfordringane er ulike i kyst- og innlandsfylka. Mykje av den skogen som i dag er hogstmoden eller eldre produksjonsskog, står langt frå veg eller i bratt og vanskeleg tilgjengeleg terreng. Dette gjeld særleg i mange av kystfylka". Og vidare i avsnittet kan vi lese; "Kommunale hovudplanar for skogsvegar er eit godt verkty for å vidareutvikle skogsvegnettet".
Når det gjeld tømmerkaier står m.a.: "Endringar i avsetnaden av virke og marknadene for tømmer og treprodukt dei siste åra har gjort tilgangen til kai og sjøtransport viktig, også i etablerte skogområde på Sør- og Austlandet. Ein tenleg kaistruktur langs kysten er avgjerande for å sikre både kostnadseffektive leveransar av trevirke til foredlingsindustri i Noreg og produktflyt til marknader nasjonalt og internasjonalt. Dette vil gi positive sysselsetjings- og verdiskapingseffektar. Satsinga på infrastrukturtiltak er i tråd med mellombelse tilrådingar frå Skog22 for å effektivisere transportarbeidet og styrkje konkurransekrafta i skognæring".
Og til slutt: "Departementet vil styrkje satsinga på infrastruktur i skogbruket ytterlegare, og gjer framlegg om ei løyving på denne posten på 42,444 mill. kroner for 2015.
LUF midlar over jordbruksavtalen
Under kapittel 1150 på statsbudsjettet (til gjennomføring av jordbruksavtalen) ligg det ein auka på 10 millionar kroner til 214 millionar kroner som LUF midlar til skogbruk. Men fordelinga mellom dei ulike verkemidla under denne posten vil bli gjort etter drøftingar mellom avtalepartane i etterkant av jordbruksoppgjeret. Næringsorganisasjonane til skogbruket blir også invitert til drøftingsmøte. Dette er såleis ikkje avgjort endå.
Men i statsbudsjettet ligg sterke føringar også her; "Eit velfungerande skogsvegnett er avgjerande for lønsam skogsdrift. Investeringsnivået ligg framleis betydeleg under det som er nødvendig for å få tilgang til skogressursane og for nødvendig modernisering av vegnettet. Kystskogfylka har betydelege skogressursar og høg tilvekst. Kystfylka har ein aukande del av den hogstmodne skogen i landet. Samtidig har desse fylka andre utfordringar enn skogstrøk i innlandet, mellom anna med langt dårlegare utbygd skogsvegnett og offentleg infrastruktur. Kystskogfylka samarbeider godt for å møte dei felles utfordringane".
Kva blir så den totale statlege ramma til infrastruktur i skogbruket for 2015 ?
Statstilskotet på 42.4 millionar ligg fast inntil eventuell endring når statsbudsjettet kjem til Stortinget. Det er sannsynleg at kring halvparten (20 mill. kr) vil gå til skogsvegar og resten (22,4 mill kr) vil gå til utbygging av tømmerkaier.
Det er også sannsynleg at det vil bli henta minst like mykje pengar til infrastruktur (skogsvegar) frå LUF potten som for inneverande år (ca 89 mill. kr). Med dei føringar for LUF potten som er gitt i statsbudsjettet 2015 er det ikkje usannsynleg at denne vil auke noko.
Den totale ramma til skogsbilvegar (over ordinært statsbudsjett og LUF) vil venteleg minst kunne auke med 10 millionar kroner i 2015. Dette avgjer partane i jordbruksforhandlingane.
Men også Stortinget kan seinare i haust endre rammene for skogbruket som heilheit og dei føreslegne løyvingane til infrastruktur i skogbruket som går fram av statsbudsjettet.