TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Rogaland Massivtre AS byggjer sauefjøs i Suldal

Rogaland Massivtre AS byggjer sauefjøs i Suldal

Rogaland Massivtre AS byggjer i desse dagar eit nytt sauefjøs i massivtre i Suldal og bak leveransane står 9 sagbruk i Rogaland. "Her får me eit betre innemiljø både for dyr og arbeidsfolk, god støydemping og naturleg ventilasjon" sier byggherre og bonde Arve Aarhus.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 07.10.2014

Øverst: Svein Kjetil Rønnevik driv Jørpeland Sag i Forsand kommune i Rogaland og er eit av 9 sagbruk som står bak Rogaland Massivtre AS.
Nederst: Sauefjøs i massivtre hos Arnfinn Auestad i Ålgård. Bygd i 2014 av Rogaland Massivtre AS

Rogalendingane er kjente for å til.... det dei vil til !
For nokre år sidan vart Rogaland Massivtre AS etablert og bak selskapet står i dag 9 "småsagbruk" i Rogaland. Føremålet med selskapet har primært vore å levere komplette fjøsløysingar i massivtre. Det er lagt vekt at råstoffet er lokalt foredla og såvel kvalitet som pris skal vere konkurransedyktig med alternative fjøsløysingar i marknaden.

Sauefjøset i Suldal som er starta opp denne veka er det tredje fjøset som Rogaland Massivtre står bak. Sentral i Rogaland Massivtre er Svein Kjetil Rønnevik. Han er eigar av Jørpeland Sag som er ein dei 9 sagbruka står bak foretaket. Alle desse sagbruka er godt etablerte sagbruk med kvar sin marknad i sin region. Det betyr at dei både er fleksible og i felleskap raskt kan levere totale fjøsløysingar i massivtre. Rønnevik har stor tru konseptet, men det krev ei god organisering for å kunne yte profesjonelle tjenester. Monteringa av bygget kan enten gjerast av byggherre sjølv, i samarbeid med eller innleige av profesjonelle snikkarar. Han viser også til at nær sagt alle treslag kan nyttast i produksjonen og nemner både gran, sitkagran, hemlock og edelgran.Nyleg har selskapet fått utvikla ein "jigg" som automatisk spikrar massivtre-elementa. Denne skal for første gong brukast bygget i Suldal.

"Rolls-Royce"
Byggherre
og bonde Arve Aarhus i Suldal legg vekt på at konseptet i massivtre vil gi eit betre inneklima enn alternative løysingar. "Det gir stor støydemping, er sterkt fukt-absorberande og gir samtididg ein stor grad av naturleg ventilasjon. Når pris og byggetid også er akseptable er dette eit klart val" sier Aarhus. Totalt er dette sauefjøset kring 500 m2 og det er rekna med ei byggetid på ca 1,5 månader. Og her er det ikkje rom for slingringsrom fordi sauene må i hus innan vinteren set inn.
Svein Kjetil Rønnevik seier det slik: "Denne løysinga i massivtre gir ein komfor for både folk og fe som overstig det meste innan fjøsinnreiingar og fjøsløysingar, - ja det er ei ekte "Rolls-Royce" løysing".

Trong for 140 km nye skogsbilvegar i Rogaland dei neste 20 åra
Som i dei fleste andre fylka i kystskogbruket er det etablert mykje skog i Rogaland, - i hovudsak gran og sitkagran. Mykje av denne skogen manglar ein effektivt utbygd infrastruktur og dette kan bli avgjerande for lønsemda i næringa. Tilgangen av lokalt virke til akseptable prisar til desse 9 sagbruka i Rogaland Massivtre AS vil også vere avhengig av skogsvegar og gode offentlege vegar. 
Hovedplanleggjar Oddbjørn Helland oppgir eit framtidideg vegbehov i Rogaland på  
140 km nye skogsbilvegar og 50 km nye traktorvegar. Dersom ein legg til grunn at dette skal gjennomføras på 20 år må det årleg byggjast ca 7 km nye skogsbilvegar og dette er ein betydeleg auke jamført med aktiviteten dei siste åra.