TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Vinn-vinn for miljø og skogbruk i Bergen kommune

Vinn-vinn for miljø og skogbruk i Bergen kommune

Store offentlege samferselstiltak (vegar, bruer, tunnellar) er i gang i Bergens-regionen. Millionar av kubikkmeter med overskotsmassar blir godkjent dumpa i strandsoner, i mindre vatn og i dalsider/terrengformasjonar på land. "Å nytte slike massar til bygging av nødvendige skogsbilvegar kan derimot vere ei svært god miljøfagleg løysing føresett at det ikkje går ut over naturmangfaldet" seier Oddvar Skre, leiar i naturmangfaldgruppa i Naturvernforbundet i Hordaland.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 03.10.2014

Fanafjellet blir tur- eldorado skriv BT.no torsdag 2. oktober og viser til den nye skogsbilvegen som er bygd opp av overskotsmassar frå bygging/ tunnelldriving av Bybanen i Bergen.
Foto Eskil Wie Furunes

Det er historisk store tal for investeringar i offentlege samferdselstiltak i Bergens-regionen. Det gjeld ny E39 mellom Os og Rådal med tunnell under Fanafjellet, ny Ulrikstunnell, utbyggingar på Flesland og Bybane-utvidingar mot Flesland. Dette er tiltak som allereie er i gang eller vil bli oppstarta i 2015 og til saman er det snakk om millionar av kubikkmeter med utsprengde/ knuste overskotsmassar. Det er godkjent deponeringar fleire stader i regionen, både til nytte og mindre nytte. 

Planlegging sentralt ved bruk av overskotsmassar
I Fanafjellet (ca 3 mil frå Bergen sentrum) er det planta mykje skog og grunneigarane er no igang med å byggje kring 5 km med nye skogsbilvegar. Dette er vegar som også er i samsvar den nye hovudplanen for skogsbilvegar i Hordaland. Med andre ord, - vegar som må byggjast for å kunne drive eit skog- og miljøfagleg rasjonelt skogbruk i området i framtida.
Det spesielle her er at kvar meter veg er bygd opp av overskotsmassar frå Bybane-utbygginga (med tunneller) i Bergen. Dette er massar som elles ville ha blitt dumpa i godkjente deponi men til knapt noko nytta for nokon. Resultatet er også at det ikkje har blitt fyrt av ei einaste salve på skogsbilvegen. Inngrepet i naturen i blir mindre, fyllingane blir kvalitetsmessig betre (mindre stor skoten stein) og den tekniske kvaliteten på vegen blir heilt optimal. "Det er viktig at slike skogsbilvegar med bruk av overskotsmassar blir godt planlagde med både lengde- og tverrprofil for å ha ei optimal fylling på ein kvar stad. Overdriven bruk av overskotsmassar er ikkje bra" seier planleggar Ove Frotvedt i FanAgro AS som har stått for planlegginga av vegane i Fanafjellet.

Kan vere ei god miljøfagleg løysing
Oddvar Skre er leiar i Naturmangfaldgruppa i Naturvernforbundet i Hordaland og kjenner svært godt til utfordringane kring bruk eller duming av overskotsmassar ved store samferdselstiltak.
"Vi ser postitivt på at massane kan nyttast til tilak som elles er nødvendige, - f.eks. skogsbilvegar" seier Oddavr Skre. "Men det er svært viktig at anlegga er godt planlagde, ikkje overdrivne fyllingar og at tiltaket totalt sett ikkje går ut over naturmangfaldet" legg han til. Han viser også til gode eksempel på oppdyring av jordbruksareal og nemner spesielt skogsbilvegane i Hornesmarka og Skagemarka i Fana som også har blitt svært populære turmål i Bergen.

Du kan lese meir om reportasjen I BT.no "Fanafjellet blir tureldorado" her.