Ei framtidsløysing i Feios
I strålande vinterver kunne prosjektleiar for Feiosprosjektet Asbjørn Grindedal ynskje nærare 50 skoginteresserte velkomne til ein ekte skogdag for heile skognæringa hos Rune Lunde i Feios i Sogn den 17. november. Skogsdrift med taubane og bioenergi var tema.
Denne nyheten ble publisert av: Torgunn Sollid Publisert dato: 24.11.2010
Taubanekonsulent Nils Olaf Kyllo frå Kystskogbruket demonstrerte modell av taubane. Dyktige representantar for lokale maskinfirma demonstrerte vedmaskin, kranmata flishoggar og anna aktuelt skogsutstur tilgjengeleg i regionen.
Dunge bioråstoff
Fylkesskogmeister Merete Larsmon presenterte nye tal for skogane i Sogn og Fjordane. Mesteparten av grana er relativt ung og framleis i god vekst . Men fylket har mykje gamal furu- og lauvskog som burde vore hausta. Larsmon forklarte også kvifor det på plassen låg ein enorm dunge med bioråstoff. Som lekk i å finne ut korleis grein og topp frå intensive skogsdrifter kan nyttast til bioflis, var her lagt opp ein 40 meter lang og 5 meter høg ranke av grein og topp frå ei taubanedrift. Virket skal ligge til tørk og seinare hoggast til flis.
Vellukka skogreising
Skogdag gjekk over til skogkveld på grendahuset i bygda. Etter ein kald dag på skogen vanka det real betasuppe. Helge Kårstad frå Kystskogbruket sette fokus på konkrete utfordringar omkring transport, veg og kai i eit engasjerande innlegg. I Feios finn vi noko med den mest vellukka skogreisingsskogen i fylket, ja heile landet, men den offentlege vegen gjennom bygda tolar knapt eit lite tømmerlass – ei utfordring for kommune og fylke.
”Framsnakke” skogbruket
Bygda er ein av fire pilotområde innafor kystfylka som inngår i prosjektet ”Frå ti til ein” der ein skal det jobbe fram ulike samarbeids- og samdriftsformer i skog. Gro Follo frå Senter for bygdeutvikling fortalde med glød korleis ho som forskar følgjer arbeidet i mellom anna Feiosprosjektet. Hovudbodskapen hennar var at gjennom dette samarbeidsprosjektet får skogaigarane i Feios også ein unik moglegheit til påverke skogpolitikken for skogreisingsstroka sidan prosjektet skal ende opp i kva signal og verkemiddel som er viktige for å forvalte desse skogverdiane også vidare i verdikjeda. Ein annn viktig bodskap frå Follo var det å ”framsnakke” skogbruket, altså snakk om, fortelje og gjere kjent denne delen av skogbruket for å skape interesse og forståing.