TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Meklar tømmertransportar til sjøs

Meklar tømmertransportar til sjøs

Det har vore ei stor dreiing frå import til eksport av tømmer frå Norge siste åra. Samtidig har kvantuma auka jamt, og i dag meklar me tømmerfrakter i heile Europa seier Bjarte Hystad ved Norbroker Shipping & Trading A/S i Flekkefjord

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 20.09.2014

 
Øverst; F.v Roy Hansen, Bjarte Hystad og Geir Jerstad i Norbroker Shipping & Trading A/S.
Nederst; Frakteskipet M/V Norbris er eit av 20 skip der Norbroker meklar transportoppdrag. Dette skipet tilhøyrer reiarlaget Arriva Shipping i Ølensvåg /Hordaland. Det lesser her (juni 2014) tømmer frå Håhjem tømmerkai i Skodje/ Møre og Romsdal. Denne kaien er nyleg opprusta med asfaltert baklager for effektiv lessing med hjullaster som også bildet viser. 
Alle foto; Helge Kårstad
 

Norbroker Shipping & Trading A/S er eit av skipsmeklarkontora i Norge som også tek seg av tømmerfrakter. Selskapet vart etablert allereie i 1993 og i dag er det 6 tilsette ved kontoret i Flekkefjord. Tømmer utgjer ca 25 % av omsetnaden og dette har vore sterkt aukande siste åra.
"I prinsippet tilbyr vi kostnadseffektive logistikkløysingar for sjøtranssport og me har totalt 20 fartøy som me besørgar frakter" seier Bjarte Hystad.I tillegg er Norbroker agent for all frakt over hamnene i Flekkefjord og Kvinesdal.  

Hollenderbyen frå seglskutetida
Ein av dei verkeleg fine dagane i september blir me svært godt motteke av Hystad som også kan fortelje at det på 15- og 1600 talet vart frakta mykje stein og tømmer nettopp frå Flekkefjord og den gongen med seglskuter. Ein del av Flekkefjord heiter den dag i dag Hollenderbyen. Historia kan og fortelje at deler av byen Amsterdam er bygd opp på tømmer fra Flekkefjord og at stein fra Flekkefjord er å finne under storflyplassen Schiphol.

Krev god kjennskap til norske hamner og tømmerkaier
Hystad fortel at oppdraga til Norbroker kjem frå reiarane, direkte frå skogeigarlaga eller dei som omset tømmeret frå Norge. Transportlogistikken for tømmer frå Norge er eit arbeid som krev god kjennskap til norske hamnetilhøve/ tømmerkaier og stiller generelt store krav til fagleg kompetanse, gode språkferdigheiter og ein må også kunne jobbe under jamt press. Både leverandør og kunde set store krav til resultat og tidsmarginane blir mindre og mindre. I dag har Norbroker hand om tømmertransportar til sjøs frå hamner langs heile Norskekysten. "Sidan eg starta opp med dette har der vore ein sterk dreining frå import av tømmer til norsk skogindustri til situasjonen i dag med stadig aukande eksport av tømmer frå norske hamner og tømmerkaiar. Det har også vore ein sterk auke i eksporten frå kystskogfylka" legg Hystad til.
Sjå meir frå Norbroker her:http://www.norbroker.com/