TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Det finaste arbeidet ein kan ha

Det finaste arbeidet ein kan ha

Å vere skogsentreprenør på Voss og i Indre Hardanger er det finaste arbeidet ein kan ha seier 24 år gamle Morten Horvik og Endre Velken.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 04.09.2014

Øverst: Bedriftseigar Lars Velken (t.h) rosar ungdomane Endre Velken (t.v) og Morten Horvik for godt arbeid i skogen. Gode og effektive arbeidfolk er nøkkelen i denne bransjen seier Velken.
Nederst:Høge kubikkmassar og god kvalitet på grana, men skrikande behov for meir skogsvegar på Vestlandet, her frå Øvreli/ Palmafossen på Voss. I bakgrunnen Voss sentrum.
Alle foto: Helge Kårstad

Morten Horvik frå Bolstad ved Voss og Endre Velken frå Granvin er begge 24 år gamle, men har allereie mange års erfaring som skogsentreprenørar. Dei er tilsette i firmaet Trå & Velken Skogsdrift AS Voss med eigarane Håvard Trå og Lars Velken.
Endre Velken fortel om fagbrev som "skogsoperatør" og med utdanning frå Voss jordbrukskule. Ei svært god utdanning som burde satsast stort i det vidare."For det å arbeide i skogen er det finaste arbeidet ein kan få" seier Endre og får full støtte av kollega og jamaldringen Morten Horvik
I dag høgg dei tømmer Øvreli ved Palmafossen Voss og dei er omlag halvferdige med ei drift kring 1800 kubikkmeter gran. Dette er planta gran frå slutten av 1950-talet og såvel kvalitet som kubikkmasse er med det beste ein kan . Og med at her er eit skrikande behov for skogsvegar seier Endre og viser til at i hovudplanen for Voss er det planlagt ein god del skogsbilvegar nettopp i dette området.

Ei stor forventning til at staten deltar i opptrappinga av skogsvegbygginga
Hovudplanleggjar
på Vestlandet, Oddbjørn Helland bekreftar dette. Det er laga svært gode hovudplanar også i dette området, men manglande statlege løyvingar er flaskehalsen. Det er svært uheldig fordi både lønsemda til skogeigar og effektiviteten i skogsdrifta blir betydeleg betre når vegtilkomsten er optimal utbygd og i samsvar med hovudplanen. Skogeigarane vil satse, no ventar me verkeleg  at staten følgjer opp seier Helland og viser til eit dokumentert behov kring ei firedobling av dagens vegbyggingsaktivitet  i Hordaland i 20 år framover.

Gode arbeidsfolk er nøkkelen i skogen
Lars Velken som er eigar av entreprenørselskapet fortel at han idag har to driftslag igang i Voss og Indre Hardanger. Han får alle oppdraga sine via Vestskog SA og synest det er ei svært god løysing. God planlegging og gode arbeidsfolk er grunnlaget for suksess i denne bransjen seier Velken og rosar alle dei 4 ungdomane som er tilsette i selskapet. Han understrekar også at hjulgåande driftsutstyr kombinert med gravmaskin er ei svært god driftsform i dette området, men det krev at mannskapet har god kjennskap til korleis vatn oppfører seg i terrenget. Velken meinar også at manglande skogsvegar etter kvart kan bli ein flaskehals og innrømmer samtidig at lang terrengtransport er dyrt men skulle kanskje vore dyrare. "Ja dei verkeleg gode driftene har vel hittil hatt ein tendens til å subsidiere dei dårlege i noko mon" seier Velken som ventar på ei flunkande ny hogstmaskin ein av dei første dagane. Ein Ponsse Scorpi https://www.youtube.com/watch?v=KwZ7U5bpYWg er bestilt, denne har heile 8 hjul med lågare marktrykk og betre framkomstevne. 
Lars Velken starta allereie kring 1990 med tømmerhogst, den gongen med ein Igland Teleskopvinsj. Han trur at den nye maskina vil gi større effektivitet, mindre vedlikehald og ser fram til nye oppdrag i vestlandskogen.