TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Stort engasjement i Bodø

Stort engasjement i Bodø

Tømmertransport i Nordland var tema då eit halvt hundre skogfolk var samla i Bodø i går. Gode innleiarar og ei positivt innstilt forsamling med vilje til å finne løysingar prega dagen.

Denne nyheten ble publisert av: Torgunn Sollid Publisert dato: 29.08.2014

Sentrale deltakar på møtet om tømmertransport i Bodø i går. Fv. Arnt A Albretsen frå Statens Vegvesen, Anna Cecilie Brustad Moe frå Allskog, Bjørn M. Jarmund frå Arbor Hattfjelldal, Jørn Hoberg frå Dønna og Herøy kommune og Kurt Jessen Johansson frå Mosjøen Havn KF og leiar i Skognæringsforum Nordland 
Foto: Helge Kårstad

Kurt Jessen Johansson, leiar i Skognæringsforumet i Nordland opna dagen med å vise til ein skogtilstand i fylket der det årleg vil bli meir tømmer å hogge. Saman med manglande skogsvegar og tømmerkaier er det mykje flaskehalsar på det offentlege vegnettet og dette var noko av hovudtema for dagen. Og ikkje minst,  ei forbetring av dette er noko som alle i verdikjeden vil kunne dra nytte av, - frå skogeigar til tømmerkjøpar/ skogindustri.
Underteikna orienterte om arbeid med infrastruktur i Kystskogbruket og Geir Sund frå
fylkesmannen i Nordland held ei god orientering om skogsvegbygging og arbeid med hovudplanar i Nordland.
Anna Cecilie Brustad Moe frå Allskog og Frode Moen frå Transportselskapet Nord held eit engasjerande innlegg om kva tømmertransport er. Dei fekk m.a.tydeleg fram kvifor eit moderne vogntok med tømmer har god framkomstevne og eit lågt marktrykk, - ja betre enn mykje anna tungtrafikk på vegane våre.
Dag Skjølås frå Norges Skoeigarforbund gav ei god framstilling kring kartlegging av flaskehalsar på dei ulike offentlege vegar i landet og i Nordland. Han viste m.a. til brev frå Vegdirektoratet om at "...så store deler av fylkesvegnette som mulig skal kunne opnes for tømmervogntog med 24 meters lengde og 60 tonn totalvekt". Når det gjeld Nordland er knapt 40 % av fylkesvegnettet opne for langhengar (ca 22 meter). Skjølås konkluderte med at alle fylkesvegar som er opne for 19,5 meter vogntoglende raskt kan opnast for 24 meters tømmervogntog og dette vil over tid få stor betydning for næringa. Når det gjeld kommunale vegar er utfordringane større, her er pr i dag ingen av vegane opne for langhengar. I tillegg til lengdebegrensingar er det også akseltrykkbegrensingar og her er m.a mange bruer begrensande faktorar.

Gamle bruer er ein flaskehals som ofte kostar pengar
"Hvilke vegar kan skrives opp adminsitrativt ?" var spørsmålet til Statesn Vegvesen sine representantar på møtet. Kurt Sollas er seksjonsleiar for bru og fergjekaiar i Statens Vegvesen Nordland og viste til at av fylket sine 1440 bruer på riks- og fylkesvegnettet er heile 470 bruer bygd før 1970. Desse eldre bruene er generelt dårleg bygd sett i høve til dagens krav og har i tillegg ofte setningskader og dette fører til redusert tillate akseltrykk. Konklusjonen er at det må føretakast ei teknisk vurdering av ei bru før ein vegparsell med bru eventuelt kan skrivast opp administrativt. Vegar/ parsellar utan bruer kan vere enklare å få oppskrive.

Inger Grethe Hansen sit i styret for Skognæringa Kyst og leia møtedagen på ein fin måte. Ho overlet til Kurt Jessen Johannson og Frode Moen å konkludere følgjande i sluttfasen; For å sikre alle i verdikjeden i skognæringa betre vilkår er det mykje å ta tak i både på det private og offentlege vegnettet,  også inkludert tømmerkaier. Og ikkje minst må det kommunale hovudplanarbeidet for skogsvegar i Nordland snarleg bli ferdigstilt.
Etter at fagdagen var slutt var det invitert til årsmøte i Skognæringsforum Nordland. Meir om dette seinare.