Bonde og vegbyggjar
Norske bønder kan meir enn å mjølke. I Vindafjord i Rogaland har heiltidsbøndene Severin Fatland og Jan Haslemo bygd skogsbilvegen sin sjølv og resulata er svært gode.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 26.08.2014
![]() |
Øverst: Severin Fatland (t.v) er heiltidsbonde i Vindafjord og har nyleg bygd Sigveteigvegen, ein skogsbilveg (klasse 4) på ca 1200 meter. I bakgrunnen skogeigedomen der ca 3000 kubikkmeter hogstmodent grantømmer vil dra nytte av ein transportgevinst på kring 100 000 kroner eller ca 33 kroner pr. kubikkmeter. Bildet viser også at topplaget/grus på vegen manglar enno. Nederst:Jan Haslemo har bygd Aurdalsvegen på ca 1800 meter og tilrettelagt stiar og bruer ved skogsbilvegen for turfolket. På brua står skogbruksjef Gitte P Halvorsen i Vindafjord som er svært nøgd med skogsbilvegane som er bygde og ikkje minst tilrettelegginga for ålmenta. Alle foto; Helge Kårstad |
![]() |
Severin Fatland og Jan Haslemo er heiltidsbønder i Vindafjord kommune i Rogaland.
Fatland driv med kyr, sau og gris og Haslemo driv med mjølkegeiter. Haslemo er ein av dei største geitemjølk produsentane i Norge og har mellom anna dyrka opp 200 dekar jord for grasproduksjonen på garden. Han har også bygd fleire andre vegar på garden.
Byggjer gode vegar med omsyn til fleirbruk
"Det er viktig å få bygd opp vegen slik at ikkje vatnet tek den" seier Haslemo. Med eiga gravemaskin, traktor og traktordumper har Haslemo rusta opp ca.1800 meter traktorveg til skogsbilveg standard, klasse 4. Han har funne stadeigne massar, solda elvegrus sjølv og knust topplagsgrus. Vi testa vegen med ein Subaru personbil og det er sjeldan me køyrer på ein så godt bygd skogsbilveg med god "strekk" i vegen, god kurvatur og skikkelleg breidde. Haslemo er også oppteken av at grunneigarane må få høve til å utvikle alle ressursane på garden og tilretteleggje naturen for folk flest. Sjølv har han bygd gangbruer over elvepassasjar for vandring og tilrettelagt stiar i tilknytning til skogsbilvegen.
Mykje å tene på å byggje skogsbilvegen før ein høgg skogen.
Aurdalsvegen kjem i tillegg til Haslemo til nytte for 3 andre grunneigarar. Vegen løyser ut ca. 20 000 kubikkmeter tømmer, derav 4500 kubikkmeter gran, ca. 3000 kubikkmeter lauvskog og resten furuskog. Transportgevinsten er høg fordi kostnadsreduksjonen ved redusert gjennomsnittleg køyrelengd med lassberar multiplisert med heile kubikkmassen utgjer 3/4 million kroner (3 kr/km/ 100 meter). Vi er imponerte over alt arbeidet som blir utført på garden og ikkje minst kvaliteten frå a til å. Og vi må leggje til at Haslemo også utfører alt skogsarbeid sjølv og nyttar lauvskogen til vedproduksjon for sal.
Også Severin Fatland fortel om ein aktiv kvardag der bygginga av skogsbilvegen Sigveteigvegen i tillegg til gardsarbeidet har teke mykje tid siste året. Det var foreldra hans som planta ca 50 dekar gran for kring 60 år sidan. I dag er dette hogstmodent og med gjennomsnittleg 60 kubikkmeter tømmer pr dekar må det no hoggast ca. 3000 kubikkmeter. Fatland hadde nyleg tilbod om å hogge dette feltet og basere det på lang uttransport med lassberar. "I dag er eg glad for at eg bygde vegen først" sier Fatland. Og det har han all grunn til. Ved hjelp av statstilskotet og full utnytting av skogavgiftsfondet kan han rekne med ein netto vinst kring 100 000 kroner ved å byggje skogsbilvegen før han høgg skogen. Fatland har store beite- og slåtteteigar langs første del av skogsbilvegen og har investert i grindar som raskt let seg både opne og lukke. Dette er også eit viktig tiltak for denne type kombinasjonsbruk.
Skogbruksjef Gitte P Halvorsen stadfestar at begge desse vegane er svært lønsame og at ikkje minst kvaliteten på dei ferdige vegane er svært bra.
![]() |
Øverst:Aurdalsvegen på ca 1800 meter og bygd av Jan Haslemo. Legg merke til godt "strekk" i vegen, fin linjeføring og topp kvalitet på toppdekket. Til venstre området ved elva som massane til vegen er henta frå. Nederst:Jan Haslemo er ein av Norges største geitemjølk produsentar. Geitene til Haslemo er i sommarhalvåret på Haukelifjell, - elles i året (utanom vinterhalvåret) går dei på oppdyrka, inngjerda beiter som bildet viser. Bildet er teke frå skogsbilvegen i ein avstand på ca 200 meter. |
![]() |