TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Vindafjord bonden satsar også i skogen

Vindafjord bonden satsar også i skogen

Bestefar min planta granskog for kring 50 år sidan og no vil me byggje skogsvegar for å skape betre lønsemd ved hogst av skogen seier heiltidsbonden Torleif Stople i Vindafjord.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 22.08.2014

Øverst: Skogbruksjef Gitte P Halvorsen (t.v) rosar bøndene i Vindafjord og seier at ho også har merka ein aukande interesse for skogbruk og skogsvegbygging dei siste åra. Torleif Stople som her (t.h) stolt viser fram ei infotavle ved Nerabygda i Skjold representerar denne positive haldninga. Tavla fortel om eit av landets mest aktive landbrukskommunar.
Nederst: "Om me får ein bra pris på denne furuskogen vil me gjerne forlenge skogsbilvegen hit for å redusere driftskostnaden og dermed skape betre lønsemd også i skogen" seier heiltidsbonden Stople og festar lit til dei politiske lovnader om større satsing på infrastruktur i skogbruket frå 2015.
Alle foto; Helge Kårstad

Vindafjord er landets 4 største husdyrkommune med 450 gardsbruk og kring 700 tilsette.
Skogen er viktig og blir stadig viktigare også i Vindafjord. Produktivt skogareal er kring 250 000 dekar og ei aktiv skogreising med gran gjer at hogsten kan mangedoblast i åra framover. Men det må byggjast mykje skogsvegar for å nå fram til skogen og samtidig skape god lønsemd ved hogst.
"Bestefaren min planta mykje granskog og bygde allerie i 1950 ein felles skogveg til skogeigedomane her vest for Knapphus i Vindafjord. Men 50-åras vegstandard tilfredstiller ikkje krava til eit vogntog i dag" sier Torleif Stople som saman med naboen nyleg rusta opp denne bilvegen. Samtidig hogst gav eit svært godt økonomisk resultat, veginvesteringa inkludert.   

Vil byggje meir skogsbilveg
Det er også mykje furuskog i området og Stople vurderar no å forlenge skogsbilvegen for å redusere driftskostnaden ved hogst av denne furua. "Eg har sett at det er økonomisk svært gunstig å byggje skogsvegen først og deretter hogge skogen" sier Stople og viser til både ei god skogfondsordning, gjennomsnittsligning og ikkje minst statstilskotet.  
Og Torleif Stople veit kva han snakkar om, - saman med kona Else Gurine utfører dei alt arbeidet på denne flotte garden i Nerabygda. Dei har også rekna ut at saman med dei 2 andre gardane i Nerabygda i Skjold  produserar dei årleg nok mjølk til 8500 personar, storfekjøt til 2500 personar, svinekjøt til 7000 personar og lammekjøt til 1600 persoanar. Og årleg tilvekst i skogen er reisverk til 6-7 bustadhus.

Skogbruksjef i Vindafjord Gitte P Halvorsen sier at ho har registrert ei aukande interesse for skogbruk og skogsvegbygging i kommunen dei siste åra. Det er også naturleg fordi granskogen etter kvart blir hogstmoden. Men ho understrekar at det er viktig å planlegge eit vegnett før ein set igang hogst og viser til at i mange tilfeller kan det vere avgjerande også for å skape eit positivt omdøme for lønsemda i næringa. Ho legg til at Vindafjord kommune er igang med utarbeiding av ein hovudplan for framtidig skogsvegbygging i kommuen og at denne vil bli eit viktig reiskap i det vidare arbeidet.