TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/I grevens tid

I grevens tid

Arbeidet med utviding av tømmerkaien på Kaupanger i Sogn og Fjordane er no i gang. Vi venter ny hogstrekord i 2014 og utvidinga av tømmerkaien på Kaupanger kunne ikkje vore betre "tima" seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane Skogeigarlag Ingunn Kjelstad.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 19.08.2014

Øverst; Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug besøkte Kaupanger tømmerkai sist vinter.
F.v. landbruksdirektør Christian Rekkedal, dåverande avd. direktør i Landbruks- og matdepartementet Ivar Ekanger, Listhaug, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Skogeigarlag Ingunn Kjelstad og styreleiar i Sogn og Fjordane Skogeigarlag Halvor Brosvik.
Nederst: Entreprenørfirmaet Kleiven Sogn AS v/ maskinførar Bjarne Fredheim er no igang med utviding av Kaupanger tømmerkai. Legg merke til stålrøyrspelane som allereie er monterte. I neste veke startar forskalingsarbeidet.
Foto; Helge Kårstad

I 2012 vart det sett av midlar revidert statsbudsjett til tømmerkaiar i kystskogfylka. 5 prosjekt vart prioriterte for statstilskot og tømmerkaien Kaupanger var ein av desse.  
Målet med desse midlane har heile tida vore å bidra til reduserte transportkostander for tømmer til skogindustrien.
Dagleg leiar i Sogn og Fjordane Skogeigarlag Ingunn Kjelstad viser til ein sterk auke i hogsten i fylket siste åra. For inneverande år har laget budsjettert med ei omsetning kring 145 000 kubikkmeter tømmer som i så fall vil vere rekord. I tillegg omset Nortømmer ein del tømmer i Indre Sogn og Nordfjord. Dette fører totalt sett til eit sterkt press på tømmerkaiane og utvidinga på Kaupanger kjem så absolutt i grevens tid. Utan statlege tilskot hadde denne utvidinga heller ikkje vore muleg å gjennomføre og dette sikrar såleis omsetninga for skogeigarane ved å oppnå lågare transportkostnader avsluttar Kjelstad.

Entreprenørselskapet Kleiven Sogn AS frå Årdalstangen fekk jobben etter utlysing og har nyleg starta opp arbeidet. Byggeleiar Jakob Hammer seier at arbeidet går heilt etter planen og skal vere ferdig ved årsskiftet.
I Kaupanger er det planlagt utviding av eksisterande kai med 50 meter til totalt ca. 90 meter lengde. Forlenginga gjeld ein betongkai på stålrøyrspelar (tjukkelse 12,5 mm, stålkvalitet S355), det skal også støypast inn hylser for 3 rekker med stablestøtter (totalt 12 støtter/ casingrør, 6 meter over kai), det skal mudrast til 8 meter djupne ved fjære sjø (LAT) og i tillegg blir bakarealet noko større enn før. Totalt sett vil utvidinga skape mulegheiter for ein betre logistikk og auke tømmerkapasiteten over kaia bortimot 3 ganger. Det vil også bli lettare for lasteskipa å legge til kai, og auka djupne vil føre til at lesseing kan føregå utan å ta omsyn til tidevatnet. Prognosane for framtidig omsetning over kaia er ca. 70 000 kubikkmeter tømmer.
Det er Sogn og Fjordane Skogeigarlag som eig eksisterande kai på Kaupanger. I byggefasen for den nye kaien har dei innleia eit godt samarbeid med Norskog/ Nortømmer. Dette samarbeidet vil bli utvikla vidare i driftsfasen og det er også planer om felles eigarskap av den nye kaien.
Som ved dei andre tømmerkaiane langs kysten vil det (ved bruk av statlege tilskot) også bli tinglyst ein framtidig bruksrett til kaien for skogeigarane i kommunen/ane som soknar til kaien.
Vi ser fram til opningsdagen !