Norske tømmerkaier må bli betre seier kaptein Atli Jensen
«Av og til må me leite oss fram i i bekande mørke for å finne tømmerkaien og å finne landfeste (pollert) kan vere ei ny utfordring. Det er på høg tid med eit sterkare fokus på logistikk og tømmerkaiar» seier kaptein Atli Jensen på M/V Heidi i Storesletten Rederi.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 31.07.2014
![]() |
Øverst: Kaptein Atli Jensen kjenner kvar tømmerkai/ hamn langs norskekysten, - her legg han M/V Heidi med sagtømmer frå Vestlandet til kai i Wismar. I bakgrunnen ILIM Nordic Timber, eit av verdas største sagbruk. |
![]() |
Vi er om bord på M/V Heidi til Storesletten Rederi med tømmerfrakt frå Vestlandet til Wismar i Tyskland. Skipet er på 5630 dvt, ei lengde på 106 meter, fullasta med tømmer (ca 5000 kubikkmeter) og oppnår ein fart mellom 9 og 11 knop eller nautiske mil pr. time (sjå og «faguttrykk" under).
Eit mannskap med lang erfaring i tømmerfrakt
Kaptein på M/V Heidi er Atli Jensen frå Færøyane. Styrmann er Yaroslav Degtyarev, opphaveleg frå Russland men no busett med familien i Tallin i Estland. I tillegg har skipet eit mannskap av ingeniørar, mekanikarar og ikkje minst kokken som totalt tel 11 personar. Ein fantastisk arbeidsam gjeng som til ein kvar tid er på vakt, - ja skipet tek faktisk aldri fri; «Heidi er enten på veg mellom hamner eller lossar/ lesser tømmer eller trelast i ei eller annan hamn i Nord Europa» seier Jensen der han frå «brua» har utsikt til ca. 5000 kubikkmeter tømmerstokkar i lasterommet og på dekk. Han kan og fortelje i detaljar om innseglinga til omlag alle tømmerhamner i Norge, om korte og lange kaiar, om ulike djupner, bergnabbar som stikk ut her og der, om manglande lyssetjing, om stormar og tøffe vakter på brua, om vakker og vill natur langs norskekysten. «Det er godt de set fokus på tømmerkaiane» seier Jensen som veit godt kva god tilgang på riktig trevirke betyr. Sjølv kjem han frå Færøyane og kan fortelje om sterka tradisjonar i bruk av trevirke som går heilt tilbake til vikingtida. Ikkje minst kapproing med trebåtar (bygd av norsk furu) i Torshamn , om fortsatt aktiv trebåtbygging på Færøyane og om færøyiske sjømenn som dyktige fraktarar over alle verdas hav….. «Men de må få opp lys på kaiane og fleire stader manglar landfeste (pollert)…ja når kaien er berre 30 meter lang, vinden og straumen i sjøen sterk kan det vere svært vanskeleg å leggje til med Heidi og mannskapet får ofte ei stor utfordring i bekande mørke. Me får det no til….. men korleis skal framtidas mannskap takle dette ?» spør Jensen på godt gammalt norsk og minner meg om at også i skipsfarten er «nye tider» og nye krav på veg inn.
Auke i tømmervolum og frakt i nautiske mil
Når det gjeld sikkerheita til havs har mykje blitt betre siste 20 åra. M.a. har dei fleste skip eit såkalla AIS- system for å vite kvar skipa til ein kvar tid er å finne. Dette saman med radar gjer at det er rimeleg greit å ta seg fram til tømmerkaiane, gjennom trange fjordar og ikkje minst i trafikkerte farvatn som eks. over Storebælt og mot Wismar. Jensen rosar skipsfartsmyndigheiter både i Norge og Scandinavia, - «skjer det noko gale og me blir liggjande stille i ope farvatn er «dei» på telefonen med ein gong. Ja det er annleis no enn i tidlegare tider..... då skipsfarten for så vidt var minst like stor»
Mellom Wismar og Bergen er det ca. 500 nautiske mil, dvs. ca. 50 timars (2 døgn) gange med denne type skip. Motvind og mykje bølger (bølgehøgde og retning) kan bety 2-3 timar lenger gangtid, mosett ved medvind. Mellom Bergen og Trondheim er det ca. 300 nautiske mil, vidare mellom Trondheim og Bodø er det tilsvarande ca 300 nautiske mil. Dette betyr mellom anna at båtfrakt av tømmer frå lengst nord i kystskogfylke (Nordland/ Troms) til Tyskland nærmar seg 1000 nautiske mil og båttransporten vil ta kring 4 døgn ein veg.
Torbjørn Storesletten i Storeletten Rederi fortel at trafikken med tømmer frå Norge har auka mykje siste året og firmaet hans har innleia eit samarbeid med Arriva Shipping i Ølen. Skipsparken består såleis av M/V Heidi, M/V Helene, M/V Ingvild, M/V Norvind og M/V Norbris.
Storeletten fortel at M/V Heidi er registret på Færøyane/ Torshavn og seglar såleis under Færøyisk flagg. Norskeigde skip er i dag registrert i Norsk internasjonalt skipsregister (NIS) eller Norsk ordinært Skipsregister (NOR). Registrering i NOR krev at både eigarskap, mannskap og drift er norsk.
Førstereisgut
Som «førstereisgut» vart eg imponert over aktiviteten på skipet. I hamn er det full rulle med lessing/ lossing over kai. Mellom hamnene skjer det vedlikehald på skip og utstyr. Innimellom går praten om store tømmerlaster, framtidas tømmerkaier og rullande hav.
Stor Takk til Atli og Yaroslav og mannskap på M/V Heidi.
Faguttrykk
1 nautisk mil = 1852 meter
1 knop = 1 nautisk mil pr. time
1 sjømil (historisk begrep som er lite nytta i dag) = 4 nautiske mil. Tidlegare vart også ordet «kvartmil» brukt om ei nautisk mil
AIS = automatic identification system (viser posisjon til skip digitalt på kart til ein kvar tid)
NIS = norsk internasjonalt skipsregister
NOR = norsk ordinært skipsregister
![]() |
Øverst: Styrmann Yaroslav Degtyarev sjekkar sluttlossinga av M/V Heidi i Wismar for denne gongen. Legg merke til tømmervognene på kaia som lesser ca 25 m3 sagtømmer (4 grabbar med krana/lastaren på skipet) og fraktar det det nokre hundre meter direkte til inntaket på sagbruket Nederst: M/V Heidi fullasta med sagtømmer på veg "Mellom bakkar og berg" langs vestlandskysten mot Wismar |
![]() |