TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Ei båtlast med tømmer om dagen

Ei båtlast med tømmer om dagen

ILIM Nordic Timber i Wismar i Tyskland er eit av verdas største sagbruk og kjøper stadig meir tømmer frå Norge. «Det norske tømmeret er viktig for oss, men det ligg eit stort potensial i å betre logistikk og tilgang til effektive tømmerkaier langs kysten av Norge» seier Michael Grøger som er leiar for importavdelinga ved sagbruket.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 30.07.2014

Øverst: Ein god logistikk og effektive tømmerkaiar langs norskekysten er viktig både for seljar og kjøpar av tømmer seier importsjefen Michael Grøger ved ILIM Nordic Timber i Wismar/ Tyskland.
Nederst: M/V Heidi frå Storesletten Rederi på veg inn i hamna i Wismar med ca. 5000 kubikkmeter sagtømmer frå Norge. Legg merke til industriområde med kaianlegg til venstre og byen Wismar i bakgrunnen.
Alle foto; Helge Kårstad

Det er sommarferie men skogindustrien i Europa står ikkje stille. Over Kattegat passerar det også i juli månad dagleg skip med tømmer frå Norge til Tyskland.
Kystskogbruket sin prosjektleiar på tømmerkaier har ein av dei varme dagane i juli fått plass på «brua» til M/V Heidi frå Storesletten Rederi, - på veg med tømmer frå Vestlandet til Wismar. Ja nettopp varm luft og stille hav gjer at skipet held bra fart (11 knop) nedover norskekysten. Det har blitt natta når vi må ankre opp og bunkre drivstoff på Skagen i Danmark. På vegen sørover registrerar vi på AIS-skjermen (som viser posisjon til skip til ein kvar tid) 3 andre skip på veg mot Danmark med tømmer, - det eine skipet fra Vestlandet og dei 2 andre skipa frå hamner på Sør og Austlandet.
Det er kø i hamna når vi kjem til Wismar på lørdag og det blir ikkje blir lossing før seint på søndag og innan mandag kveld er båten planlagt å vere tom.
Lossing føregår med laster i skip til tømmervogner som går mellom kai og sagbruket. Lastaren tek ca. 6 kubikkmeter i grabben og vognene lesser ca. 25 kubikkmeter tømmer. Dette krev 3 tømmervogner på land for å kunne utnytte lossekapasiteten på skipet (max. 250 m3 i timen) og då vil skipet kunne tømmast i løpet av ca. 20 timar. Manglande kapasitet på land (vogner) fører ofte til at lastaren på skipet må vente. Akkurat dette skjedde denne mandagen og M/V Heidi var ikkje lossa før tysdag ut på dagen.


Ein skogindustri i Wismar som utnyttar heile tømmerstokken
ILIM Timber har hovudsete og eigarskap plassert i St. Petersburg i Russland.
Industriføretaka er plasserte i Ust-Ilimsk i Russland (sagbruk), Bratsk i Russland (plywood/ kryssfiner/bygningsplater og treforedling), Landsberg am Lech i Tyskland (sagbruk) og Wismar (sagbruk).
Sagbruket i Wismar har kapasitet på 2,2 millionar kubikkmeter tømmer og er eit av dei største sagbruka i verda. Omrekna vil det seie at dei kan forbruke ei god båtlast med tømmer om dagen (ca. 6000 m3). Sagbruket vart etablert i 1998. Mesteparten av tømmeret kjem fra Tyskland, i tillegg blir det importert tømmer frå Russland, Sverige, Norge, Danmark, Scotland og dei Baltiske statar.
Sagbruket i Landsverk am Lech har kapasitet på 1,5 millionar kubikkmeter tømmer og er eit av dei mest moderne sagbruka i verda. Råstoffet er her 100% gran.

På kaia i Wismar møter vi Michael Grøger som er leiar for importavdleinga for rundtømmer ved sagbruket og han kjenner Norge og nordisk tømmer svært godt. Han fortel stolt om skogindustriell knoppskyting i Wismar siste åra og viser til at absolutt alt av tømmerstokken blir utnytta. Dette gjeld industriverksemder som produserar tradisjonell bygningslast, limtrekonstruksjonar, bygningsplater, diverse halvfabrikata av trelast, pellets, pallar og varmeproduksjon.
Desse bedriftene er sjølvstendige, er etablerte på same industriområdet som sagbruket men nyttar sin del av tømmertokken. Dette saman med ei god hamn og ein skogindustri sentralt plassert i Europa gjer at også sagbruket i Wismar har mange konkurransefortrinn.
Tømmeret frå kystskogfylka har god kvaltiet seier Grøger, men mange små kaier gjer at dei som kjøpar ikkje kan ha ansvar for organiseringa av opplasting og sjøtransporten i Norge. Dei kjøper difor tømmeret som oftast levert kai i Wismar (CIF eller CFR handelsregel, - sjå forklaring under).
«Men det ligg eit stort potensial i å betre logistikk og tilgang til effektive tømmerkaier langs kysten av Norge» seier Grøger og legg til at han synest nordmenn er greie, effektive og pålitelege handelspartnarar.

Også Sitka
Wismar kan ta imot dei fleste treslag og kvalitetar, - dette har også vist seg å vere eit konkurransefortrinn men det stiller store krav til logistikk på sagbruket. Dei kjøper også sitkagran. «Inntil vidare har det vore vanskeleg å oppnå gode prisar på trelast av sitka i Europa, …dette er noko vi stadig jobbar med» legg Grøger til.
Marknaden for ferdigprodukta frå Wismar er ca 30% i Tyskland, ca 30 % i andre EU- land, 20% til Midt Østen og Nord Afrika og resten meir eller mindre fordelt over heile verda.

Frå Wismar til Larvik og Norske Skog på Skogn
Eg følgjer M/V Heidi tilbake til Larvik for å lesse opp tømmer som skal til Norske Skog sin fabrikk på Skogn i Nord Trøndelag. Deretter dreg skipet sørover og første stoppestad er på ein tømmerkai på Vestlandet…og så vidare.
Stor Takk til kaptein Atli Jensen og Torbjørn Storesletten i Storesletten Rederi for at de er så positive og gir oss ein betre innsikt i denne viktige delen av verdikjeden i Kystskogbruket. Takk også til Michael Grøger ved ILIM Nordic Timber som på kort varsel stiller opp og informerar oss om ein skogindustri i Tyskland som idag er viktig for norsk tømmer.

Faguttrykk
Handelsreglar:
Incoterms eller international commercial terms er ei rekkje internasjonale salsklausular/ leveringsbetingelsar som blir brukt i internasjonal handel. Vanlegast (ved sjøtransport) er såkalla FOB handelsregel (free on board) eller CFR (cost frakt)/ CIF (cost insuranse og frakt) handelsregel.
FOB handelsregel
Seljar må laste varene ombord på det skipet som er definert av kjøperen. Ansvaret for varene blir overført til kjøper i det augeblikk at varene er ombord i skipet, dvs. kryssar skutesida på båten. Seljaren må også eksportklarere varene. Regelen gjeld kun ved sjøtransport.
CFR handelsregel;
Seljaren må bere alle kostnader og frakt fram til definert lossehamn og lossa. Risikoen blir derimot overført kjøparen i det augeblikkk varene blir lasta ombord i skipet. Regelen gjeld berre ved sjøtransport.
CIF handelsregel;
I utgangspunktet lik CFR, bortsett fra at selgjaren også har ansvaret for å forsikre varene under transporten for kjøparen. Forsikring dekkjer kun minimumskrava og skulle kjøpar ynskje tilleggsdekning må han sjølv ordne dette. Også denne regelen gjeld berre ved sjøtransport.

M/S Hagland Borg/ Hagland Shipping lossa tømmer (også frå Norge) til tømmervognene på kaia  når M/V Heidi la til kai. I bakgrunnen industriområdet i Wismar med sagbruket sentralt plassert.