Forskar på klima og med røter i sitkaskogen
Aaron Smith er stipendiat ved Klimasenteret på Ås. Aaron kjem frå Salem i Oregon og har vakse opp med utsikt til store sitka-tre. No forskar han på korleis trea i skogen påverkar klimaet vårt.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 06.07.2014
Aaron Smith frå Oregon arbeider ved Klimasenteret på Ås og skal utvikle funksjonar for å kunne finne ut kor mykje biomasse eit bjørketre lagar, - både i stamme, greiner og røter. Bildet er teke utanfor Skog og Landskap sitt regionkontor i Fana ved Bergen. Foto; Helge Kårstad |
Folk i Oregon elskar sitkaskogen (Picea sitchensis) og vil helst bevare den. "Men trea i Oregon er jamt mykje større enn sikta-trea i Norge" sier Aaron Smith og kan forstå at det blir reaksjonar på tette unge siktabestand langs norskekysten. Men desse trea i Norge kan også bli gamle og store og då blir det både lyst og triveleg i sitkaskogen seier Aaron som er gift med ei ekte bergensdame og kjenner såleis diskusjonen kring sitka- og skogplanting frå fleire sider.
Aaron kan også fortelje om sitkatreet sine gode styrkeeigenskapar og viser til "The Wright brothers" som like etter 1900 brukte sitkavirke i flykroppen istadenfor aluminium. Dette var mykje brukt heilt fram til 2. verdenskrig og mest kjent er kanskje bombeflyet "Havilland Mosquito Fighter".
I litteraturen kan vi lese at dette flyet var raskare enn det meir kjente "Spitfire" og viste seg å bli eit av dei mest kostnadseffektive fly som nokon gong er bygd. Flyet kunne gå høgare enn noko anna fly. Det kunne bere stor last fordi det hadde liten eigenvekt og vedlikehaldet var også enklare. Alt sitkatømmeret til bruk i desse flykroppane kom altså frå heimtraktene til Aaron eller frå "sitkazone" som går nordover langs Oregon-kysten og langt inn i Canada (British Columbia).
Skog og Landskap si avdeling i Bergen sitt pionerarbeid
I dag er Aaron Smith på besøk ved Skog og Landskap si avdeling i Bergen og ringen er på mange vis slutta. Det var nettopp herifrå norske skogforskarar drog til Oregon før krigen for å skaffe frø til sitka. Det var nettopp sitkatreet sine gode styrkeeigenskapar og gode vekst som gjorde at nordmenn og norske politikarar satsa stort på å plante sitka på 1950- og 60 talet. Vi skulle "byggje landet" etter krigen og alt dette var reinspikka pionerarbeid.
Hogsten av sitkagran er knapt kome igang i Norge i 2014. Vi opplever nok meir "barnesjukdomar" enn vi vil innrømme. Kanskje vi enno har mykje å lære av dei som skjøttar sitkaskog og foredlar sitkavirke i Oregon og nordover langs kysten av Canada.
Doktorgrad for klima
Men Aaron er ikkje i Norge på grunn av sitka. Han er i avslutninga av ein doktorgrad der han skal lage funksjonar for å kunne rekne ut kor mykje biomasse eit bjørketre produserar når ein tek med både det som er under og over bakken. Oppdraget er gitt til Klimasenteret på Ås og har ei forankring i Kyoto -protokollen og trongen for meir kunnskap kring lagring og utslepp av CO2.
Dette arbeidet er etter det Aaron kjenner til ikkje utført i sama skala på bjørk før, og er på mange vis også eit pioner-arbeid.
Me ynskjer Aaron lukke til med doktorgraden !