TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Samdrift i skog – nye tankar under utprøving

Samdrift i skog – nye tankar under utprøving

I bygda Feios i Vik i Sogn finn vi noko med det mest intensive og mest vellukka skogreising i fylket vårt. No kjem resultatet i form av veksterleg granskog, og utfordringane står i kø.

Denne nyheten ble publisert av: Torgunn Sollid Publisert dato: 15.11.2010

 Då dette vart planta rett etter krigen av ivrige plantarar som kom like frå Trøndelag for å få jobb, var det hesten som drog tømmer. I dag er det taubaner og skogmaskiner som rå,r og skogsvegane skal helst nå alle teigar. Nettopp små teigar og teigblanding er årsak til at Feios er plukka ut som eit av fire forsøksområde innafor Kystskogbruket der ein vil sjå på moglege samdriftsmetodar over eigedomsgrensene. Senter for Bygdeforskning følgjer denne samarbeidsprosessen for å samle nye erfaringar og kunnskap om samarbeidsformene i bygdene.

 Alle dei aktive skogeigarane i bygda har sagt seg villige til å vere med på dette spenstige forsøket som går over fem år og startar med skogregistreringar og  planlegging av tømmertransporten ut av bygda. Prosjektleiar Asbjørn Grindedal er trygr forankra i bygda. Og tømmer er det. Sjølv før registrering meiner fagfolk at to taubanelag har fulltidsarbeid i 20 år med å vinsje fram tømmerverdiane som no gror opp i bygda. Grein og topp frå granskogen er god bioenergi og testar for handtering,  lagring og transport av dette råstoffet blir også gjort i området. Nokre skogeigarar har alt starta  haustinga så no blir det god gamaldags skogdag som avsluttar med skogkveld på grendahuset i bygda. Sjekk kalender for tid og sted.