TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Suksess i Mosjøen

Suksess i Mosjøen

I 2013 vart Mosjøen Virkesterminal opna etter ei investering kring 9 millionar kroner.Så langt har investeringa i Mosjøen Havn vist seg å vere ein suksess seier hamnesjef Kurt Jessen Johansson.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 01.07.2014

Investeringa ved Mosjøen Virkesterminal har vore ein suksess så langt seier hamnesjef Kurt Jessen Johansson (t.h). Til venstre stortingspolitikar Else-May Botten som opna det nye terminalområdet 28. august 2013.

Før investeringa ved Mosjøen Havn i 2013 vart det omsett kring 30 000 kubikkmeter tømmer over kaia.Utbygginga av eit bakareal på ca 5 dekar i indre havneområde (Flokkmannbukta) skulle opne for bruk av hjullaster ved lessing av tømmer til båt og redusere terminalkostnadane med ca 15 kroner pr. kubikkmeter.
Mosjøen Havn var også ein av dei 5 første prosjekta som fekk statleg støtte til tømmerkaiutbygging.

Meir og meir tømmer over kai
Innan utgangen av juni månad er det i 2014 transportert ca 50 000 kubikkmeter tømmer over kaia.
I tillegg til sparte transportkostnader har kvantumet auka betydeleg. Investeringa ved Mosjøen Havn må såleis seiast å vere ein suksess seier hamnesjef Kurt Jessen Johansen.
Auka hogst er sjølvsagt hovudgrunnen,  men sparte transportkostnader er også viktig for skogindustrien, i dette tilfelle kjøparane som er sagbruket Moelven van Severen i Namsos og papirfabrikken Norske Skog Skogn.


Kurt Jessen Johansson er også leiar i Nordland Skognæringsforum og seier at forumet også vil setje fokus på betre rammevilkår for eksisterande skogindustri i Nordland. Flaskehalsar på det offentlege vegnettet er også ei prioritert oppgåve framover. Dette vart nyleg presentert for samferdselsministeren under eit møte i Mosjøen.