TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/72 millionar kroner fordelte

72 millionar kroner fordelte

Nyleg løyvde Landbruksdirektoratet 72 millionar kroner til utbygging av 6 tømmerkaiar i Norge. Totalt er det sidan 2012 løyvd 220 millionar statlege kroner til utbygging av tømmerkaiar. Denne satsinga utløyser kaiinvesteringar for kring 300 millionar kroner fordelt på 21 tømmerkaianlegg frå Drammen til Lenvik i Troms.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 24.09.2017

Landbruks- og matminster Jon Georg Dale har satsa mykje på å betre infrastrukturen i skogbruket og sette av heile 75 millionar kroner til tømmerkaiar på statsbudsjettet for 2017. Under opninga av Eikefjord tømmerkai i mai deltok han saman med finansminister Siv Jensen som sa at dette var eit stategisk val frå regjerings si side og lova følgje opp vidare.
Alle foto: Helge Kårstad

6 tømmerkaiar
Eydehamn i Aust Agder, Egersund og Saudasjøen i Rogaland, Granvin i Hordaland, Fjaler i Sogn og Fjordane og Risøyhamn på Andøya i Nordland fekk nyleg løyvd statlege investeringstilskot til utbygging av tømmerkaier, totalt 72 millionar kroner. Løyvingane til tømmerkaier gjer at skogbruk kan utøvast i store deler av landet og fører samtidig til reduksjon av logistikk- og terminalkostnader ved sjøtransport av tømmer. Prosjekta som får tilskot har ein frist for sluttføring på inntil tre år.

Kring ein tredjedel gjenstår
Regjeringa har satsa mykje på å bygge ut infrastruktur i skogbruket. I 2011 utarbeidde Kystskogbruket SINTEF-rapporten «Transport av skogsvirke i kyststrøk» og året etter kom den første statlege løyvinga til tømmerkaiar. Sidan 2012 er det totalt løyvd 220 millionar kroner frå staten si side. Dette gjeld midlar til 15 tømmerkaiar som delvis er ferdig utbygd eller under utbygging. Saman med desse 6 som no har fått løyving, har totalt 21 tømmerkaiar fått statleg investeringstilskot løpet av dei 6 siste åra. Kystskogbruket kan dokumentere at kring 2/3 av trongen for utbygging av tømmerkaier i kystskogfylka no er sikra og at kring 1/3 av aktuelle tømmerkaiprosjekt gjenstår.

Ein kort presentasjon av dei 6 prosjekta 

I Eydehavn ved Arendal i Aust-Agder skal innkøyringa til kaien byggast om og baklageret for tømmer skal utvidast. Over kaia i Eydehavn blir det årleg transportert ca. 110.000 m3 tømmer. Prosjektet har no fått løyvd 2,375 millioner kroner i tilskot, med opsjon om ytterlegare pengar når tilskotssramma tillet det.

 

I Egersund skal det byggast 72 meter ny kaifront og baklager for tømmer. Det er venta ei årleg utskiping av ca 50.000 m3 tømmer fra søndre deler av Rogaland. Prosjektet har fått ei løyving på 19 millioner kroner.
Bildet:
Sentrale skog- og hamnetilsette har jobba mykje for prosjektet i Egersund. F.v. Lloyd Gundersen frå Nortømmer, dagleg leiar Lars Kolnes i Eigersund Havn og Næring, skogbruksjef Hans Petter Tønnesen, Leif Arne Hellvik frå Multiconsult, havneinspektør Ove Romslo, leiar i Eigersund Havn og Næring og varaordførar Leif Erik Egaas, fylkesskogmester Stein Bomo, Randi Birkeland frå Rogaland Skognæringsforum, Arnfinn Ervik frå Ervik Shipping, dagleg leiar Terje Ervik ved Ervik Shipping, Inga Apeland frå Vestskog, Kjetil Andre Rødland frå Vestskog, Torbjørn Storesletten frå Myklebusthaug Rederi og Lars Slåttå frå Rogaland Skognæringsforum.

 

I Saudasjøen er det planlagt oppfylling mellom kaifronten og landareala. Det er venta ei årleg utskiping kring 20.000 m3. Prosjektet har fått ei løyving på inntil 1,6 millioner kroner i tilskot.
På bildet ved det aktuelle området for utfylling står skogbrukansvarleg Bernt Schibevaag i Sauda.

 

I Granvin skal det byggast 80 meter ny kaifront til høgre for kaia i bildet. Kaia vil dekke kommunene Voss, Granvin og Ulvik. Det er venta eit framtidig kvantum for utskiping på inntil 75.000 m3 tømmer pr. år, og det er løyvd 21 millioner kroner i tilskot. Det er Moelven Granvin Bruk som eig området og har stilt det til disposisjon for utskiping.

 

I Fjaler ynskjer Vestskog SA og Reen Holding AS å bygge ny kaifront på 84 meter pluss baklager. Tømmeret vil kome frå kommunane Hyllestad, Fjaler, Askvoll og Gaular og det er venta eit framtidig kvantum for utskiping på inntil 75.000 m3 per år. Prosjektet har fått 19 millioner kroner i tilskot.

 

I Risøyhavn på Andøya planlegg Th. Benjaminsen AS å bygge ei flerbrukskai til nesten 20 millioner kroner der tømmertransport er eit av bruksområda. Det er venta eit framtiddig kvantum for utskiping på kring 12.000 m3 pr. år. Det er løyvd 5 millioner kroner i tilskot.
Biletet med Risøyrenna i bakgrunnen, f.v. Bjørn Næsvold (Allskog, Ole Bakke (Allskog), skogbruksjef i Lofoten og Vesterålen Gjermund Pettersen og eigar av Risøyhamn Hans Benjaminsen.