TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Trives svært godt på Mære

Trives svært godt på Mære

Kystskogbruket har nyleg møtt skoginteresserte elevar på VG1 Naturbruk ved Mære Landbruksskole i Nord-Trøndelag. – «Vi trives svært godt, her er eit godt miljø, gode lærarar, gode medelevar og her kan vi vere oss sjølve» sier elevane. Difor vil dei gå vidare på VG2 Skogbruk

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 13.07.2017

Andreas, Eline, Rune og Therese har nett avslutta VG1 Naturbruk ved Mære Landbruksskole. Dei trivs så godt på skulen at dei vil gå vidare på VG2 Skogbruk skuleåret 2017/18. Den nyinnkjøpte lassberaren i bakgrunnen vil gå inn som del av opplæringa.
Alle foto: Helge Kårstad

Eit godt skulemiljø
Vi har nyleg møtt nokre elevar på VG1 Naturbruk ved Mære Landbruksskole, ein offentleg vidaregåande skule i Steinkjer kommune i Nord-Trøndelag. Dette er elevar som er så godt nøgde med både skulen og faget at dei vil satse vidare på VG2 Skogbruk for skuleåret 2017/18.
På spørsmål om kvifor dei går på Mære er svara eintydige: - Eit godt skulemiljø som skapar trivsel, flinke lærarar og mykje artig å drive med. Og dette har vi høyrt frå tidlegare elevar, venner og andre kjente. Vi er naturinteresserte og likar å ta eit tak ved sida av å sitje på skulebenken. Samtidig er valfaga mange og kompetansen er likestilt med anna tilsvarande kompetanse ved dei andre vidaregåande skulane i landet.

Kort om 4 elevar som vil gå VG2 Skogbruk 2017/18
Andreas Melting (bilde under) kjem frå eit gardsbruk i Mosvik, Inderøy kommune i Nord-Trøndelag.
Andreas har nyleg avslutta VG1 Naturbruk og skal gå vidare på VG2 Skogbruk. Målsetjinga til Andreas er å bli skogsentreprenør. Andreas seier at han lenge har hatt interesse av å jobbe i skogen med motorsag og elskar å køyre maskiner i skogen. Arbeidet er variert, medfører ein del reising som han synest er bra. Han trivest svært god på Mære.


Eline Selnes (bilde under) kjem frå Verdal i Nord-Trøndelag.
Og Eline har planane klare. Først skal ho gå VG2 Skogbruk skuleåaret 2017/18 og deretter skal ho gå VG3 Naturbruk Studieforberedende.
Mære reklamerar også med at : «Studiekompetansen fungerer som "inngangsbillett" hvis du tenker å studere videre på høgskoler og universitet. Naturbruk gir en "grønn" forståelse og erfaring som vil være etterspurt på arbeidsmarkedet i tiden framover».
Deretter vil Eline prøve seg som lærling ein stad i dei trønderske skogar. Eline starta på Mære fordi vennene hennar reklamerte for staden. Ho har også i dag mange venner som går på Mære.


Rune Brandtzæg
(bilde under) kjem fra Steinkjer i Nord-Trøndelag.
Rune skal også gå vidare på VG2 Skogbruk skuleåret 2017/18 og har også planar om gå
3. året på VG3 Naturbruk Studieforberedenede. Denne studieretninga gjev mulighet til å få studiekompetanse ved seinare skulegang, sjå ovanfor. For Rune som er svært interessert i skogbruk seier at han sannsynlegvis vil gå vidare på skule innafor skogbruket. Før han starta her hadde han høyrt at det var eit godt miljø på Mære. Han har ikkje angra på at han starta og vil gjerne gå vidare. Rune legg til at Mære har eit godt tilbod og her kan alle vere seg sjølve.


Therese Wigen (bilde under) kjem også fra Steinkjer i Nord-Trøndelag.
Etter å ha gjennomført VG2 Skogbruk for skuleåret 2017/18 vil Therese søkje opptak som lærling og vil helst jobbe på ei hogstmaskin. Grunnen til at ho start på Mære var at ho hadde høyrt mykje bra om skulen og legg til at dette har ho fått stadfesta etter eit år. Ho trivest svært godt på skulen og dette er også noko av grunnen til at ho vil fortsetje.



Tilbodet om VG2 Skogbruk i Norge idag
Det er i dag tilbod om fagutdanning i skogbruk( VG2 Skogbruk) ved 8 skular i Norge. Tal elevar svingar noko frå år til år, men vi kan rekne med eit årleg snitt kring 10 elevar på kvar skule. Desse skulane er:

Nordland: Mosjøen Vgs. Avd Marka i Hattfjelldal kommune
Nord-Trøndelag: Mære Landbruksskole i Steinkjer kommune
Aust-Agder: KVS Bygland i Bygland kommune (privat skole)
Telemark: Søve Vgs., Ulefoss i Nome kommune
Buskerud: Kongsberg Vgs. avd. Saggrenda i Kongsberg kommune
Oslo: Natur Vgs. i Oslo
Oppland: Valle Vgs..Lena i Østre Toten kommune
Hedmark: Solør Vgs., Sønsterud i Åsnes kommune

Som oversikten syner er det ingen tilbod om VG2 Skogbruk på Vestlandet. Det blir no arbeidd for å få i gang eit skogtilbod ved Voss Jordbruksskule i Hordaland.

Mære landbruksskole reklamerar.
På nettsida til Mære landbruksskole kan vi lese følgjande:
Om Mære:
Mære landbruksskole ligger i naturskjønne omgivelser på Mære, 12 km sør for Steinkjer sentrum, midt i Nord-Trøndelag.
Vi er en videregående skole som tilbyr undervisning på studieretning naturbruk, og skolen har i dag ca. 200 elever og 80 ansatte. Mære er en videregående skole som gir grønn studiekompetanse, og er et spennende alternativ for elever som vil utdanne seg innen naturbruk, biologi og miljøfag. Vi har linjer innen landbruk, anleggsgartner, skog, hest og naturforvaltning med studiespesialisering.
Mære er også et kompetansesenter og en arena for videreutvikling av grønne næringer (landbruk, lokalmatproduksjon, bioenergi og reiseliv). Mære er en fremtidsrettet landbruksskole som gir yrkesutdanning i nært samarbeid med næringslivet.

Eit relativt nytt bilde henta til facebooksida til Mære Landbruksskole. Eit vakkert landskap, ein populær skulestad, ein svært velhalde jordbruksskule som også har eit godt tilbod om skogbruksutdanning. 

Om historia til Mære
Navnet Mære eller Mærin kommer av Mær-vin som betyr fruktbar jord eller et hellig berømt sted.
Mære var et senter i hedensk tid. På Mære samla folk seg til store blotefester flere ganger i året. Blotegildene varte gjerne i flere dager, og man ofret til de norrøne gudene så alt skulle gå bra med gårdsarbeid og vikingetokt. Blotinga varte fram til 1021, da Olav Haraldson gjorde alt i sin makt for å forby trønderne å dyrke sin hedendom»
Høsten 1894 vedtok amtstinget at gården Mære nedre i Sparbu skulle innkjøpes til landbruksskole. Gårdens siste private eier var Anders Mære. Etter en rask byggeperiode kom skolen i gang 1. november 1895. Skolen fikk navnet ”Nordre Trondhjems Amts praktiske ungdomsskole på Mære”.
Fra starten var skolen en kombinert landbruksskole og husmorskole. Skolen bygde i stor grad på ideologi fra folkehøyskolen med et solid innslag av allmenndannende fag. Husmorskolen ble avvikla i 1916.

Kua på Mære fotografert ein dag i mai 2017. Kua representerar fortsatt berebjelken på landbruksskulen som i tillegg til ei brei fagutdanning har eiga utviklingsavdeling og ikkje minst spisskompetanse på lokalmat. Kvart år stiller f.eks..kring 500 etablerte bønder på ulike kurs på landbruksskulen.