TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Utfordra Kystskogbruket til dugnad

Utfordra Kystskogbruket til dugnad

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale deltok på Taubanesamlinga i Ørsta forrige veke. Han utfordra Kystskogbruket og Allskog til å medverke for å få ned kostnadane i skogbruket. Vi vil invitere næringa til ein dugnad kring desse spørsmåla sa Dale til ei talrik forsamling i ei bratt li på Steinnes i Ørsta

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 09.07.2017

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale møtte Norsk Taubanelag 30. juni i Ørsta. På heimlege trakter utfordra han skognæringa til dugnad for å få ned kostnadane i skogbruket.
Alle foto Helge Kårstad

Utfordra Kystskogbruket til dugnad
Dette var første gongen ein norsk «landbruksminister» møtte Norsk Taubanelag. Eit lag som i tidlegare tider representerte svært mange som dreiv hogst i bratt terreng i Norge. Effektivisering og mindre hogst i bratt terreng, har ført til langt mindre medlemer i dag. Det var likevel folksamt i skogen på Steinnesstranda i Ørsta fredag 30. juni då Jon Georg Dale entra talarstolen, ein talarstol av trevirke som Dale meinte måtte vere «verdas finaste».
Dale minna om at regjeringa har sterkt prioritert å satse på ein betre infrastruktur i skogbruket, særleg skogsvegar og tømmerkaier men også medverka til at dei offentlege vegane har blitt betre. - «Men mykje gjenstår og vi vil følgje opp vidare» sa Dale som la til at han ville utfordre Kystskogbruket og Allskog til å setje i verk tiltak for å få ned kostnadane. - «Og eg vil invitere skognæringa til ein dugnad på det. Kva er dei første lågthengane fruktene vi kan ta no, - kva kan vi utvikle i lag som gjer at vi kan få kostnaden ned» sa landbruksministeren.

Kvelden før demonstrasjonen
Torsdagskvelden før demonstrasjonen i Steinnesstranda kunne Jørn Lileng frå Landbruksdirektoratet fortelje at det i 2016 vart avvirka og drive fram ca. 104 000 kubikkmeter med taubane. Han viste vidare statistikk for perioden 2011 – 2016 som synte at det har vore størst aktivitet i Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Oppland. Og orkanane dei siste åra har prega biletet.
Til slutt informerte Lileng om ei endring som venteleg vil kome frå 2020 der vedtaksmyndigheita i skogsaker (m.a. taubanetilskotet) vil bli flytta til kommunenivå. Dette er noko som så vel heile skognæringa som Norsk Taubanelag har sagt vil vere uheldig. Lileng trudde likevel ein ville kunne finne ordningar som kunne gi ei grei løysing i praksis.
Per Bø frå Sandnes orienterte om pågåande arbeid med å utvikle ein prototyp taubane som blir driven via ein elektrisk kabel. Bø har erfaring fra tilsvarande arbeid med brønnkablar i Nordsjøen og meiner at denne modellen vil gi lettare driftsutstyr og lågare driftskostnader. Innan utgangen av 2017 skal Bø utvikle ein minimodell for uttesting i laboratorie. Fullskala testing i felt vil skje i 2018 sa Bø, som også kunne fortelja at Innovasjon Norge har støtta prosjektet. Det vart sagt på møtet at dette er noko alle ser fram til å høyre meir om.

Øverst: Taubanesamlinga starta med fagleg program torsdagskvelden på Sagafjord Hotell i Ørsta. Mykje folk og gode innlegg fra m.a. Jørn Lileng (nærmast) frå Landbruksdirektoratet og oppfinnar Per Bø frå Sandnes skapte god steming i ein kommune som har satsa sterkt på skogreising.
Nederst: Torbjørn Frivik vart einstemmig gjenvald som leiar i Norsk Taubaneleg. Her opnar han demonstrasjonen i Steinnesstranda. Talarstolen er laga av Frank Terje Rørvik (son til Vidar Rørvik) og statsråd Jon Georg Dale meinte denne måtte vere "verdas finaste" talarstol.

Årsmøtet i Norsk Taubanelag
Fredags morgon vart det ordinære årsmøtet halde. Det vart m.a. vedteke at interesserte personar/ organisasajonar for ettertida vil bli innkalla til årsmøte med tale og røysterett. Dette fordi det er relativt få taubaneentreprenørar igjen i Norge men samtidig minst like mange personar/ organisasjonar som er interesserte i tema og er sterkt involverte i prosessar for å få i gang og gjennomføre taubanedrifter.
Styret fekk fornya tillit. I styret sit Torbjørn Frivik (leiar), Vidar Rørvik (styremedlem), Nils Olaf Kyllo (kasserar) og Helge Kårstad (sekretær).

Demonstrasjon av taubanedrift ved Rørvik Taubanedrift
Vidar Rørvik i Røvik Taubanedrift har drive fram tømmer med taubane i More og Romsdal i mange år og ikkje minst med opprydding av vindfall dei siste åra. Siste året har firmaet drive fram kring 30 000 kubikkmeter berre i Ørsta og Volda. Rørvik fortalde om kvifor han som ung utdanna bokbindar kring 1980 vart hekta på skog og har deretter drive meir elle mindre med skogsdrift i bratt terreng. I dag har firmaet 3 baner, den eine bana blir nytta sporadisk og som opplæring. Rørvik har satsa på norskutvikla taubaner frå Owren på Vingrom i Oppland og kunne fortelje at vinsjen som var i bruk i Ørsta denne dagen vart produsert av Owren i år 2000. Rekord for vinsjen vart sett i 2016 med ca. 22 000 m3 på eit skift (ca. 90 m3 dagleg i snitt). Rørvik understreka at sikkerheit og god opplæring er første bod og minna om at han pr. i dag ikkje har hatt alvorlege ulykker. Etter å ha slutta i oljeindustrien i fjor, ser Rørvik no fram til å realisere nye investeringar i forbetra vinsj og hogstmaskin.

Øverst: Vidar Rørvik fortalde forsamlinga at han har drive som taubaneentreprenør i heile 37 år. Men rekorden kom 2016 då ca. 22 000 kubikkmeter gran passerte Owren 400 krana på eit skift (ca. 90 fm3 pr. dag)
Nederst: Nokre av deltakarane og sentrale medspelarar for skogsdrift i bratt terreng. F.v leiar i Ørsta og Volda Skogeigarlag Olav Svein Aambøe, Jørn Lileng frå Landbruksdirektoratet, statsråd Jon Georg Dale, skogbruksleiar i Allskog Per Gunnar Sande, leiar i Søre Sunnmøre Skogeigarlag Håkon Johan Eliassen, styremedlem i Allskog Anne Katrine Løberg, taubaneentreprenør Torbjørn Frivik, politisk rådgjevar for Jon Georg Dale Margrete Dysjaland og Heidi Eriksen Riise frå kommunikasjonsavdelinga i Landbruks- og matdepratementet. 

Fleire innlegg etter demonstrasjonen i Steinnestranda
Det vart halde 3 innlegg etter talen til statsråd Jon Georg Dale i Steinnesstranda. Vi gjengir kort noko av innhaldet til desse.
Anna Ceselie Brustad Moe er næringspolitisk sjef i Allskog og held eit svært engasjerande og godt førebudd innlegg. På vegne av Allskog takka ho først Statsråden for å syne innsikt, interesse og å sjå dei same utfordringene som skognæringa sjølv har sett i årtider. – «Det er ingen selvfølgelighet at vår næring blir prioritert politisk» sa Brustad Moe. Videre takka ho for dei ekstra 8 millionane som nyleg vart tilbode frå staten i Jordbruksforhandlingene og ikkje minst for den sterke satsinga på skogsvegar og tømmerkaiar dei siste åra. På vegne av Allskog takka ho også for avskaffing av temakartet INON (inngrepsfrie områder i Norge) og også at regjeringen hadde lagt til rette for digitale vegkart som no kan brukast direkte inn i skogsdriftsplanleggingen frå skog til industri.
Brustad Moe ufordra samtidig Statsråden til å stå rakrygga for skognæringa i miljøsaker og også ta vare på fagkompetansen i Landbruksdirektoratet ved ei eventuell flytting. – «Der har skogavdelingen 12 ansatte som ivaretar vår nærings interesser, opp mot sakskomplekset og forskningsrapportene fra 700 i Miljødirektoratet, i tillegg til forskerne i NINA og Artsdatabanken, som stadig utarbeider nye miljøhensyn for skog, i en tid biologisk mangfold i skog blir bedre» sa Brustad Mo.
Til slutt utfordra ho statsråd Jon Georg Dale til å stå opp for næringa mot;
Det egenerklærte Ekspertrådet for økologisk tilstand i skog, og deres forslag.
• Evalueringsrapporten for skogvernet, som selv på manglende kunnskapsgrunnlag konkluderer med behovet for økt vern av lavtliggende produktiv skog.
• EUs klimakvoteforhandlinger som vil påvirke muligheten for å bruke skogen
• Artsdatabankens Svartelistearbeid, som vil vurdere regionale fremmede arter der norsk gran vil bli en fremmed art. Styresammensetningen i ADB bør også vurderes, slik at de næringene som bruker naturen, sikres den kunnskapen de trenger.
• Miljødirektoratets unngåelse av vitenskapelighet i naturtypekartlegginger, som gir ubrukelige data for samfunnet og forvirring hos grunneierne.

Næringspolitisk sjef i Allskog Anna Ceselie Brustad Moe takka statsråd Jon Georg Dale for å ha synt interesse og innsikt for skogbruket og for å ha sett dei same utfordringane innan infrastruktur som skognæringa har påpeika i årtider. Ho gav også statsråden fleire utfordringar på vegen vidare og bad han fortsetje å stå opp for skognæringa ved fleire konkrete innspel.

Skogsjef Johannes Bergum i Mjøsen Skog representerar einaste omsetningsorgan på Austlandet som dei siste åra har tilbode skogeigarane skogsdrift i bratt terreng ved hjelp av taubane.
Bergum held eit brennande og tydeleg innlegg kring tema der han presiserte trong for langsiktighet i rammevilkåra. Han understreka at driftstilskotet i bratt terreng er heilt avgjerande for å kunne drive med taubane. På den andre sida sa Bergum at dette tilskotet frå staten blir betalt igjen det mangedobbelte ved at tømmeret går inn i verdikjeden frå skog til industri. Til slutt kom Bergum inn på at det er viktig å oppretthalde eit taubanemiljø som etter kvart har blitt både effektivt og profesjonelt. - "Bruk av taubane er i tillegg svært miljøvenleg og burde kanskje brukast oftare enn i dag. Ja berekraftig forvaltning betyr at ein balanserar alle forhold kring økonomi, samfunn og miljø» sa Bergum til slutt.

Øverst: Skogsjef Johannes Bergum i Mjøsen Skog tala varmt for å oppretthelde taubanetilbodet i Norge og bad om langsiktigheit i rammevilkåra. 
Nederst: Leiar i Ørsta og Volde Skogeigarlag Olav Svein Aambøe rosa ministeren frå nabobygda for satsinga på infrastruktur. Aambøe var likevel tydeleg på at heile skognæringa måtte ta grep for å sikre skogeiaren eit betre utbyte ved hogst. I alle fall må skogen ikkje hoggast for tidleg sa Aambø. 

Lokallagsleiar Olav Svein Aambø i Ørsta og Volda Skogeigarlag rosa ministeren for satsinga på infrastruktur. Men han var uroa over dårleg lønsemd for skogeigaren og oppmoda alle partar til å arbeide for løysingar som betre sikrar skogeigaren meir netto i skogsdriftene. Ikkje minst må skogen få stå til den er utvaksen. – «Dette vil også medverke til større interesse for skogplanting etter hogst» understreka ein  tydeleg og klar Olav Svein Aambøe.

Orførar Stein Aam avslutta det heile og fann det ikkje vanskeleg å skryte av Dale sjølv om han representerte eit konkurrerande parti og i tillegg kom frå nabokommunen Volda. Aam minna om den store satsinga på skogplanting i Ørsta og håpa at felles jobbing ville føre fram til ei lønsam næring i alle ledd. Ikkje minst ville den nye tømmerkaien i Ørsta medverke til ei meir effektiv og lønsam transport av tømmeret

Ordførar i Ørsta Stein Aam avslutta dagen og takka for frammøtet.
Når veirgudane synte seg frå si beste side kan ein med sikkerheit seia at alle var enige om at det hadde vore ei glimrande Taubanesamling i Ørsta.