TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Første nord for Dovre.

Første nord for Dovre.

Tora Aurstad frå Steinkjer er første jente nord for Dovre med lærlingeplass i skogfag. Tora avsluttar i desse dagar studiet VG2 Skogbruk ved Mære Landbruksskole. Ho har no fått lærlingeplass hos Overhalla Skogsdrift og gledar seg til 2 år bak spakane i hogstmaskina.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 08.06.2017

Tora Aurstad frå Beitstad i Steinkjer er første jente nord for Dovre med lærlingeplass i skogfag, her i hogstmaskina til Overhalla Skogsdrift.
Alle foto: Helge Kårstad 

På tømmerhogst i Ogndalen i Steinkjer
Vi møter Tora Aurstad hos skogsentreprenør Stig Lyngsnes i firmaet Overhalla Skogsdrift som for tida driv tømmerhogst i Ogndalen i Steinkjer. Tora har i løpet av VG2 studiet hatt praksis hos Stig, dette som yrkesfagleg fordjupning (YFF) i studiet. Desse praksistimane har gitt meirsmak for Tora som fortel at avtalen om lærlingeplass nyleg har gått i orden. Tora gledar seg grueleg til oppstart og kan mest ikkje vente til etter sommarferien. Gleda var difor stor då Stig tilbydde oppstart allereie 3. juli, like etter avslutta studie på Mære.

Overhalla Skogsdrift
Stig Lyngsnes frå Overhalla driv saman med Eskil Mjønes og Tore Hansen frå Namsos føretaket Overhalla Skogsdrift. Stig har bortimot 20 års erfaring frå skogsdrift. Etter nokre år i anna arbeid, er han no tilbake i bransjen og vil ta på seg skogsarbeid i området Steinkjer – Snåsa. Overhalla Skogsdrift tek oppdraga sine gjennom SB Skog.

Lærlingar er viktige for oss seier Stig
Vi spør Stig Lyngsnes korleis det heile kom i gang. Han fortel at det var i eit møte sist haust med Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) at han først vart orientert om trongen for å stille som vert for ein lærling. På dette møtet kom han også i kontakt med Opplæringskontoret for Anlegg og Bergfag (OKAB) som i ettertid har ordna med lærekontrakter.
Noko seinare og under ei visning av Komatsu hogstmaskiner på Inderøya, møtte Stig VG2 klassen frå Mære saman med læraren Hallstein Berre. På eit konkret spørsmål frå Hallstein om å ta mot ein lærling var svaret frå Stig ja, - utan å nøle. – «Eg synest det er svært bra at nokon vil satse på eit yrke i skognæringa og vil gjerne stille opp. Og lærlingeordninga er nok heilt avgjerande for å bli ein god hogstmaskinoperatør» seier Stig.
At Tora er jente ser Stig på som berre positivt. – «Det er utvilsomt slik at i Norge er det relativt få jenter som driv aktivt skogsarbeid. I Sverige er det annleis, - der er det mykje meir vanleg å sjå ei jente i ei hogstmaskin. Det er på tide vi tek etter svenskane også der, jentene er nok like dyktige som gutane, det er viktig for miljøet og viktig for næringa» avsluttar Stig.

Øverst: Stig Lyngsnes frå Overhalla meiner det er viktig at skogsentreprenørar tilbyr lærlingeplassar. Han er svært positiv til ordninga og rosar både MEF og skogbrukslæraren Hallstein Berre ved Mære Landbruksskole for å ha informert om ordninga som til slutt har gjeve Tora Aurstad lærlingeplass i Overhalla Skogsdrift. 
Nederst: Tora Aurstad stortrives i hogstmaskina og ser fram til oppstart som lærling 3. juli.

Heldigvis ein kort ferie på Tora
Kring 14 dagar etter at dei møttest på Inderøya ringte Tora til Stig og spurde om det var muleg for ho å få høve til ei vekes utplassering og i neste omgang få lærlingeplass i firmaet Overhalla Skogsdrift. Etter ein intervjurunde var plassen klar for Tora. Utplasseringsveka skuffa heller ikkje Stig; - «Tora viste seg å vere svært dyktig, ei roleg jente med stor interesse for å lære. Ja eg vart i det heile svært nøgd med arbeidet til Tora og no ser vi fram til 2 aktive og forhåpentlegvis lærerike år i skogen» avsluttar Stig.
Tora fortel at VG2 studiet på Mære har siste skuledag 20 juni. Og etter 14 dagar ferie, dreg ho til Steinkjer for å starte opp tømmerhogst i firmaet Overhalla Skogsdrift. Ho gledar seg veldig og har ikkje tid til meir ferie.

Første jente nord for Dovre
Hallstein Berre er skogbrukslærar på Mære Landbruskskole og fortel at det utvilsomt har betra seg med å skaffe vertar for elevar som vil gå vidare som lærlingar etter VG2 studiet. – «Eg meier at det har skjedd ei haldningendring mellom skogsentreprenørar siste åra. Samtidig som vi har merka auka interesse for skogfaget ved skulen, har også interessa ute blant entreprenørane for å tilby lærlingeplassar blitt større. Dette er viktig fordi det er trass alt er rekrutteringa til næringa vi her snakkar om» seier Hallstein. Tal frå Opplæringskontoret (OKAB) viser også dette. Siden 1997 har det vore 43 lærlinger i skogfag i Trøndelagsfylka, og av dette har det vore 20 lærlingar berre dei 4 siste åra. Og Hallstein legg til at Tora nok er den første jenta nord for Dovre som satsar på ei lærlingekontrakt i 2 år etter gjennomført VG2 Skogbruk ved Mære Landbruksskole.

Lærar Hallstein Berre (t.h) saman med klassen til Tora Aurstad (VG2 Skogbruk 2016/17) ved Mære Landbruksskole. Hallstein meiner det har skjedd ei haldningsendring hos skogsentreprenørane fordi dei er blitt mykje meir interesserte i å tilby lærlingeplassar. Berre dei siste 4 åra har det vore utplassert heile 20 lærlingar i skogfag i Trøndelagsfylka. 

Maskinentreprenørenes forbund vil ha fleire lærlingeplassar
Eva Christine Skagestad er fagsjef skog i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF). Ho har engasjert seg svært mykje for yrkesutdanninga i skogbruket og viser til at det er trong for ei dobling av lærlingeplassar i Norge i åra som kjem. Det er fleire grunnar til det, - ikkje minst at kystskogfylka i stadig sterkare vil aukar hogsten etter skogreisinga. – «Ja auka hogst saman med krav til effektivitet og miljøomsyn i skogsdrift føre til at behovet for fleire maskinførarar med fagbrev er stigande» seier Eva Christine. Ho viser også til at MEF i sitt innspel til den siste skogmeldinga har understreka trongen for ei styrking av den yrkesfaglege utdanninga i skogbruket, å legge til rette for praktisk etterutdanning av faglærar, å sikre tilgang på aktuelle maskiner og utstyr og opprette ei kompensasjonsordning for entreprenører som opptrer som praksisverter for elever på VG2 Skogbruk (yrkesfagleg fordjuping, forkorta YFF).

Eva Christine Skagestad (innfelt) i MEF har engasjert seg mykje for yrkesutdanninga i skogbruket. Vi treng ei dobling av lærlingeplassar i norsk skogbruk i åra som kjem. Dette gjeld også kystskogfylka der det både er og blir ein realtivt sterk auke i hogsten i åra framover sier Skagestad.