TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Informasjon er viktig ved kaiutbyggingar

Informasjon er viktig ved kaiutbyggingar

Nortømmer og Sogn og Fjordane Skogeigarlag skal utvide Kaupanger tømmerkai. Denne veka hadde dei invitert bygdefolk til informasjon om plan- og byggeprosessen.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 31.05.2014

Over: Kaupanger tømmerkai skal utvidast 46,5 meter mot sør, i retning småbåthamna.
Under: Denne veka var det invitert til informasjonsmøte kring utbyggingsplanane for bygdefolk på Kaupanger skule. Til venstre byggeleier Jacob Hammer. Nr. 5 fra venstre (bak bordet) er eigar av tomta Christen Knagenhjelm.

Informasjon er generelt viktig for å til gode prosessar, - også ved utbygging av tømmerkaier.

Kaupanger tømmerkai var ein av dei 5 første utbyggingsprosjekta som fekk statleg støtte våren 2013 (over revidert statsbudsjett 2012). Det er skogeigar Christen Knagenhjelm som eig grunnen og Sogn og Fjordane Skogegarlag eig eksisterande kai som vart bygd i 1985. Tømmerkaien fekk statleg tilskot våren 2013 for utviding av kaifront frå 50 + til 96,5 meter og utviding av bakareal til ein kapasitet ca 1000 m3. Totalt vil ein såleis kunne plassere kring 4000 kubikkmeter tømmer kaifront og bakareal når den planlagde utbygginga er ferdig. I dag blir det omsett kring 20 000 kubikkmeter over kaia, - dette vil auka i åra som kjem og kan enkelte år kome opp i 70 000 kubikkmeter tømmer. Det har vore svært trangt på denne kaia siste åra, og dette har medført mykje unødig flytting av tømmer. Investeringa vil difor gi reduserte transportkostnader inntil 50 kroner pr. kubikkmeter. Føresett godkjenning av byggesøknad vil oppstart skje før sommarferien og vere ferdig i desember 2014.

Informasjonsmøte for bygdefolk denne veka
Siste året har både planprosess og framtidig organisering av drifta av tømmerkaien vorte diskutert. Før kommuen etter planen vil ta endeleg stilling til byggesøknaden no i juni, vart det denne veka halde eit informasjonsmøte for bygdefolk. Dette viste seg å vere svært vellukka fordi bygdefolket hadde mange spørsmål og kom også med innspel til tiltak framover som vil vere til beste for alle parter. Informasjon kring aktivitet i byggetida er viktig for turisttrafikken i området. Likeeins er problematikk kring støy eit sentralt tema, og det kom under møtet mange innspel til eigarane. Viktigast er kanskje likevel at det blei etablert ein god dialog som grunnlag for vidare kontakt mellom bygdefolk og dei som skal bygge og drifte tømmerkaien. Dette gjeld også til ein viss grad tilførselsvegen som delvis er kommunal
Vi håpar at tilsvarande informasjonsmøter vil bli halde ved utbygging av tømmerkaier andre stader i kystskogfylka.