TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Eit strategisk val sa finansministeren

Eit strategisk val sa finansministeren

Det har vore eit strategisk val for regjeringa å betre infrastrukturen i skogbruket sa finansminister Siv Jensen då ho saman med landbruks- og matminister Jon Georg Dale opna Eikefjord tømmerkai mandag 29. mai.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 01.06.2017

Tigersvansen måtte brukast då Eikefjord Tømmerkai vart opna 29. mai. Kolbjørn Løken (f.v.) har vore ei eldsjel i skogeigarlaget ein heil mannsalder og drog svansen saman med finansminister Siv Jensen. Leier i Flora Skogeigarlag Asle Magne Ellingsund held furustokken saman med landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Ros til Flora Skogeigarlag
Veiret vart strålande og folk kom i hopetal då Eikefjord Tømmerkai i Sogn og Fjordane vart opne 29. mai.
Finansminister Siv Jensen kom saman med landbruks- og matminister Jon Georg Dale til kaien i kvart sitt vogntog. På tømmerkaien vart dei teke imot av kring 200 skoginteresserte i alle aldrar. Ja til og med skuleklassar frå Steinhovden skule og Eikefjord skule. Dette vart eit strålande arrangement for skognæringa. Vi vil rose Flora Skogeigarlag og bygdefoket i Eikefjord som hadde gjort ein stor innsats for at dette skulle bli vellukka.

Eit strategisk val sa finasnministeren
Finansminister Siv Jensen kom i sin tale inn på at det har vore eit strategisk val frå regjeringa si side å satse på å betre infrastrukturen i skogbruket. I eit intervju med NRK Vestlandsrevyen sa finansministeren også at veksten i skognæringa gjev store mulegheiter for meir verdiskaping og vil vere viktig for framtidig sysselsetjing. 
- "Vi er heldige som har så store naturressurser i vårt land. Det skal vi utnytte! Skape flere arbeidsplasser og inntekter til velferd i fremtiden. Nøkkelen er infrastruktur" sa Siv Jensen på si eiga facebookside like etter opninga. Ho la også til at det aldri er vanskeleg å vere velvilleg med kronene i statsbudsjettet når det handlar om å leggje tilrette for god infrastruktur, slik at lokale krefter kan byggje opp skognæringa. Og la til at det var "stor stas å få åpne ny tømmerkai i Sogn og Fjordane sammen med landbruksminister Jon Georg Dale"

Fortsatt fokus på infrastruktur
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale understreka m.a. i si tale at regjeringa med støtte av KrF og Venstre hadde dobla løyvingane  til skogsbilvegar og hittil finansiert over halvparten av tømmerkaiane som må byggjast ut.
Han understreka at tømmerkaiane bidreg til meir effektive logistikkjedar og sa til slutt at regjeringa ville fortsatt satse på å byggje ut infrastrukturen for skogbruket. Det vart også sagt at Kystskogbruket sitt arbeid var blitt lagt merke til og at denne type målbevisst og prioritert satsing frå næringa i alle kystskogfylka var viktig for statsråden.

Stor mediamerksemd
Og svært vellukka vart dette arrangementet, skal ein døme etter reaksjonane. Knapt nokon gong har det vore slik positiv mediamerksemd ved noko skogarrangement på Vestlandet. I alle fall om vi i tillegg til den ordinære media også tek med aktiviteten på facebook før, under og etter arrangementet. Nedanfor legg vi link til nokre av innslaga.

NRK Vestlandsrevyen: https://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-vestlandsrevyen/DKHO98052917/29-05-2017#t=3m6s
Siv Jensen si facebookside: https://www.facebook.com/Siv.Jensen.FrP/?fref=ts

Sogn og Fjordane Bondelag: https://www.bondelaget.no/nyhende/storslatt-opning-av-eikefjord-tommerkai-article97700-5098.html

Avisa Firda: https://www.firda.no/nyheiter/naringsliv/flora/finansminister-siv-jensen-drog-saga-som-ein-vaksen-kar/s/5-15-407626


Bilder
Etter opninga vart det bore fram helsingar. I ein kronologisk bildereportasje (sjå under) har vi prøvd dekka det meste som skjedde. Fotograf: Odd Asle Endestad.

 
Over: Presis klokka 10.05 mandag 29. mai kom vogntoga med begge statsrådane til Eikefjord tømmerkai.  
 
Over f.v. tømmerbilsjåfør Torbjørn Frivik, landbruks- og matminister Jon Georg Dale, finansminister Siv Jensen og tømmerbilsjåfør Gøran Kårstad. Sistnemde køyrde finansministeren til tømmerkaia.  
 
Over f.v. politisk rådgjevar for finansministeren Julia Brænnstrøm Nordtug som har vore sentral for å få istand besøket til finansminister Siv Jensen i Eikefjord.  
 
Over f.v. landbruks- og matminister Jon Gerog Dale, bonde Nils Magne Gjengedal frå Hyen og til høgre fylkesordførar Jenny Følling.   
 
Over: Born frå Steinhovden Skule var svært interesserte i å få helse på finansministeren. Og Siv Jensen kvitterte med å fortelje om kvifor trea frå skogen og som ligg på tømmerbilen er så viktige.  
 
Over: Leiar i Flora Skogeigarlag Asle Magne Ellingsund yngste alle Velkommen. F.v. Kolbjørn Løken saman med begge ministrane.  
 
Over: Byggeleiar og mangeårig vaktmester på tømmerkaia Gunnvar Seljeseth orienterte om tømmerkaia og arbeidet som har føregått.   
 
Over: Det var ei interessert forsamling med mykje media som var tilstades då finansminister Siv Jensen entra talastolen på Eikefjord tømmerkai.  
 
Over: Den eine går og den andre kjem. Helge Kårstad frå Kystskogbruket var ordstyrar denne dagen.  
 
Over: "Eg kjende at du var fast i klypa og sterk i draget. Slik du drog saga kunne du blitt ei god gardkjerring" sa ein humoristisk Kolbjørn Løken (t.v) til Siv Jensen då tigersvansen vart brukt til å opne tømmerkaia. Leier i Flora Skogeigarlag Asle Magne Ellingsund held furustokken saman med landbruks- og matminister Jon Georg Dale.  
 
Over: Stor steming og mange gode kommentarar då stokken var kappa med tigersvansen og tømmerkaia opna.  
 
Over: Leiar i Flora Skogeigarlag Asle Magne Ellingsund delte ut gåver til Kolbjørn Løken og begge ministrane etter opninga. Eit skjerebrett laga av eik frå Eikefjorden.  
 
Over: Henrik Falck (midten) orienterte om det nyskipa selskapet Blue Forest som har planar om ny skogindustri på Vestlandet. Eit av produkta er utvinning av sukker frå granslip og tilsetjing i kraftfor til husdyr. Falck hadde med seg smaksprøver av vanleg kraftfor basert på importert melasse og kraftfor basert på sukker frå grana.  
 
Over: Fylkesordførar Jenny Følling på talarstolen. I bakgrunnen til venstre Arne Sandnes frå Landbruksdepartementet. Følling sa m.a at slike tømmerkaiar er med på å gjere skogsdrifta meir lønsam, får meir transport bort frå vegane, over på båt og reduserer miljøskadelege utslepp.  
 
Over: Leiar i Skognæringa Kyst Jan Ivar Rødland sa at regjeringa hadde følgd opp kva skognæringa i kystskogfylka hadde prioritert i Melding om Kystskogbruket (2008 og 2015).  
 
Over: Torbjørn Storesletten frå Karmøy representerte reiarane (Myklebusthaug Rederi) og understreka at dei utbetra/ nye tømmerkaiane utan nattestenging (som her i Eikefjord) er svært effektive og til stor glede også for reiarane.   
 
Over: Ordførar i Fjaler Gunhild Berge Stang representerar eit av støttepartia til regjeringa (Venstre) og sa m.a. i si helsingstale at betring av infrastrukturen for skognæringa er svært viktig. Ho var også glad for at ein tømmerkai i hennar eigen kommune nyleg er prekvalifisert for statstilskot.   
 
Over: Leiar i Vestskog heiter Halvor Brosvik og kjem frå Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Han rosa regjeringa for satsinga på infrastruktur, men understreka at oppbygging av ny nasjonal skogindustri ville bli heilt sentralt framover for å sikre næringa betre lønsemd.   
 
Over: Jens Manger frå Nortømmer held til på Voss og fortalde at dette var hans tredje møte på ein tømmerkai saman med landbruks- og matminister Jon Georg Dale og håpa at dette kunne bli ein fast tradisjon. Dette vart godt motteke som biletet viser. 
Ved sida av Asle Magne Ellingsund står Anne Karin Kleiven Rynning som har vore svært sentral i Flora Skogeigarlag, Eikefjord Tømmerkai og ikkje minst i dette arrangementet. 
 
 
Over: Terje Engvik frå Førde er leiar i Sogn og Fjordane Skogselskap. Med sin bakgrunn frå Sogn og Fjordane Skogeigarlag (no Vestskog) gjekk han god for at satsinga på tømmerkaier og skogsvegar var heilt sentralt. Auka hogst skapte auka fokus på nyplanting, noko Skogselskapet ville engasjere seg i framover.   
 
Over: Nils Magne Gjengedal får Hyen er styremedlem i Norges Bondelag og helsa Flora Skogeigarlag med ny tømmerkai og gav full tilslutning til regjeringa for satsinga på ein betre infrastruktur i skogbruket.   
 
Over: Rune Nydal kjem frå Førde og representerte Norsk Bonde og Småbrukarlag. Auka fokus på ny skogindustri i det grøne skiftet var hans bodskap. Samtidig rosa han regjeringa for satsinga på ein betre infrastruktur.   
 
Over: Torleif Terum frå Landbruksdirektoratet er sakshandsamar for søknader om statstilskot til tømmerkaiar. Han kjenner skognæringa i Norge betre enn dei fleste, og minna i si helsing om at ei god forankring i skognæringa som her i Eikefjord er viktig ved denne type investeringar.   
 
Over: Desse fekk også gåver frå Flora Skogeigarlag v/ Asle Magne Ellingsund.
F.v. fylkesskogmeister Torkel Hofseth, Helge Kårstad frå Kystskogbruket, anleggsleiar Magnar Sandvik frå Florø Entreprenør og byggeleiar Gunnvar Seljeseth.  
 
 
Over: Ordførar Ola Teigen i Flora takka til slutt minstrane for besøket og forsamlinga for oppmøtet.  
 
Over: Under matøkta etter programmet vart det servert betasuppe, kaker og kaffi. Det vart folksamt i det store teltet. Ved bordet i forgrunnen ser vi tidlegare leiarar i Sogn og Fjordane Skogeigalag Leif Otto Østenstad og Per Kjestad. Overfor desse ser vi i rutete jakke Erik Nilsen som tidlegara arbeidde hos fylkesmannen og var samtidig instruktør i Aktivt Skogbruk.   
 
Praten gjekk livleg under bordsetet. Bakerst med ansikt vendt hitover ser vi Helge Ådland frå Fusa, Jon Georg Dale, Heidi Eriksen Riise frå kommunikasjonsavdelinga i Landbruksdepartementet og Margrethe Dysjaland som er politisk rådgjevar for landbruks- og matministeren.  
 
Over: Musikk under matøkta skapte den rette stemninga. F.v. Kolbjørn Taklo og Hilda Sofie Taklo  
 
Over: Finansminister Siv Jensen og følgjet hennar forlet Eikefjord Tømmerkai etter to hektiske timar. Dei oppmøtte, Flora Skogeigarlag og Kystskogbruket takkar for eit særdeles hyggjeleg besøk !