TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Vi elskar skog

Vi elskar skog

«Vi elskar skog» sier elevane ved VG2 skogbruk på Mære landbruksskole i Nord-Trøndelag. Difor vil dei satse på eit arbeid i denne grøne fornybare næringa. Difor går dei VG2 skogbruk på Mære.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 18.05.2017

"Vi elskar skog" sier elevane ved VG2 på Mære. Det er såleis ikkje utan grunn at den splitter nye lassberaren har fått klistremerke med same bodskap. Skognæringa i kystskogfylka går heilt klart ei lys framtid i møte. Framme til venstre står lærar Hallstein Berre.
Alle foto: Helge Kårstad.

På Mære Landbruksskole i Nord-Trøndelag går det i år 7 elevar på VG2 skogbruk. Bak seg har dei eit skuleår der dei har vore innom det meste innfor norsk landbruk. No er dei igang med spesialiseringa. Vi møter dei ein maidag når sola er på det varmaste og etter ein times skogprat innandørs dreg vi ut i skogen for å lære om tynning.

Vi elskar skog
Det er ein svært så aktiv og positiv klasse eg møter på Skogsenteret på Mære . Då eg spør kvifor dei går VG2 på Mære er det ikkje vanskeleg å få svar. – «Vi trives i skogen, vi har alltid likt å vere i naturen og arbeid med skog er både variert og utfordrande» kjem det i tur og orden frå alle elevane. - «Vi elskar skog» kjem det brått og ettertenksomt frå Stian Finstad frå Levanger. Og han legg til at dei har ein grei lærar og at det aldri er kjedeleg på skulen. Og når det gjeld pengar og inntjening er optimismen på topp: - «Det blir nok bra når eg kjem i gang» sier Tora Aurstad frå Beistad med eit smil. Og med det bekreftar ho noko viktig, noko vi alle kan lære av etter oljealderen. Det er ikkje pengar som treng vere drivkrafta, derimot interresse og tru på ei næring, ei fornybar og grøn skognæring. Kanskje er det nettopp ungdomen som må få auga opp på oss alle. For du må kanskje både sjå og kjenne at du «elskar» den fornybare veksande skogen for å kunne arbeide i denne flotte næringa.

Vil satse på eit yrke i skognæringa
Etter at skuleåret no snart er over, skal fleire av elevane ut som lærlingar i 2 år, nokon fortel at dei har fått plass og nokon manglar enno lærlingeplass.
Martin Midtgård frå Trondheim ynskjer å starte som lærling så fort det er muleg. Helst ynskjer han å hogge tømmer med hogstmaskin, men har enno ikkje fått nokon plass.
Thomas Sørli er frå Stjørdal og har allereie fått plass som lærling hos skogsentreprenør Tretopp AS og gledar seg stort til oppstart. Han har allereie bestemt seg å jobbe som hogstmaskinførar i framtida.
Håvard Bakken frå Stjørdal har heller ikkje fått lærlingeplass. Men han ynskjer helst å arbeide med manuell hogst.
Stian Finstad fra Levanger har allereie skaffa seg ein lærlingeplass hos Næsbø Skog AS på Stjørdal.
Martin Bogan kjem fra Bindal og har enno ikkje fått lærlingeplaass, men ynskjer primært også å arbeide skogsmaskinførar eller ha tilsvarande arbeid.
Tora Aurstad er einaste jente i klassen. Ho er frå Beistad i Steinkjer og har allereie fått lærlingeplass hos Stig Lyngsnes, hogstentreprenør frå Overhalla. (sjå eigen reportasje seinare)
Martin Bergsmyr kjem fra Levanger og har enno ikkje fått lærlingeplass.

Klassebildet ved ei herskande gran i skogen på Mære.
Fremst til venstre: Håvard Bakken frå Stjørdal. I midten f.v. Thomas Sørli frå Stjørdal, Tora Aurstad frå Steinkjer, Stian Finstad frå Levanger, Martin Bergsmyr frå Levanger og lærar Hallstein Berre. Bak f.v. Martin Midtgård frå Trondheim og Martin Bogan frå Bindal. 

Skal vi tynne eller ikkje tynne
Etter timen inne, dreg vi til ut til ein skogteig med planta gran som høyrer til landbrukssskulen. Oppgåva er å finne ut om det bør tynnast eller ikkje.
Tynning av skog er aktuelt ein del stader i Norge, i mindre grad i skogreisingsområda langs kysten. Tynning var tidlegare mest manuelt arbeid. Dei siste 10-åra har eigne tynningsmaskiner også teke over dette arbeidet. På Mære er vi denne dagen på eit tidlegare grøfta område og lærar Hallstein Berre tilrår å bruke lett og smidig skogsutstyr for å redusere skader på gjenståande skog dersom ein skal tynne. Men skal det tynnast ?

Øverst: Inga tynning her seier gruppe 1. F.v Stian Finstad, Thomas Sørli med høgdemålaren og Martin Midtgård med skjema.
Nederst: Martin Bergsmyr (t.h) konkluderar med at oppmålte verdiar for grunnflatesum og overhøgde ikkje gir grunnlag for tynning. F.v. Håvard Bakken, Martin Bogan og Tora Aurstad med relaskopet i handa. 

Relaskop og høgdemålar
Hallstein deler klassen i 2 grupper og dei får utdelt relaskop, høgdemålar og ein tabell. Relaskopet er sikkert kjent for dei fleste lesarane her. Kort sagt måler ein grunnflatesummen av ståande skog ved å telje alle tre som går inn i eit «sikte» i enden av ei snor. Deretter må ein finne høgda på dei relativt sett høgaste/ herskande trea (overhøgde). Når desse tala er funne, kan ein berre gå inn i ein tabell og finne ut om skogen skal tynnast eller ei.
Gruppe 1 finn ein grunnflatesum på 26, ei overhøgde på 16,1 og ved ein kikk på tabellen finn dei fort ut at her ikkje treng tynnast. Gruppe 2 finn ein grunnflatesum på 23, ei overhøgde på 19 og tilsvarande resultat, dvs. ikkje trong for tynning.

Håvard Bakken heng opp avstandsmålaren som definerar avstanden frå treet til personen som måler høgda på treeet med høgdemålar.

Ei lys framtid i møte
Til slutt blir det ein diskusjon kring avstandsregulering i ung alder, å la relativt tette veksande bestand tynne seg sjølve eller gå inn med maskiner for å gjere jobben når det blir netto på tynninga.. Det slår meg at dagens elevar diskuterar mykje det same som vi gjorde for 40 år sidan. Og eg føler ein viss tryggheit kring det. For det må jo tyde på at kunnskapen har vore rett….om enn dagens elevar nok har blitt litt klokare med åra.
Når eg spør om tynning fører til høgare produksjon kjem svara raskt. – «Nei, det er same produksjonen pr. dekar om du tynnar eller ei, - men færre tre fører til at gjennomsnittsdimensjonen blir større etter tynning». Tenk det, - dette lærte eg også ein gong. Så eg forlet ungdomane i den solige skogen på Mære denne maidagen, - vel vitande om at norsk skogbruk går ei lys framtid i møte.

Øverst. Humoren og morosame påfunn høyrer også med når elevane ved VG2 på Mære dreg til skogs. F.v. Tora Aurstad med høgdemålaren medan Martin Bogan synest det går for seint og vil ha opp tempoet :)
Nederst. Small talk i tett granskog på Mære. F.v. Martin Midtgård og Stian Finstad