Finansminister Siv Jensen støttar satsinga på skogbruket
Finansminister Siv Jensen sa under eit møte i Bergen på tirsdag at ho støttar heilhjerta landbruks- og matminster Sylvi Listhaug sine lovnader om ei sterkare satsing på infrastrukturen i skogbruket.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 29.05.2014
![]() |
Fv. Helge Kårstad frå Kystskogbruket, bedriftseigar Sing Wah Hui frå Vestlandske Limtreindustri AS, Ove Frotvedt frå Fanagro AS og finansminister Siv Jensen. |
Det var ein fullsett Mortmannshage på Hotell Norge i Bergen som tysdag 27 mai tok mot finansminister Siv Jensen. Publikum var rett nok mest opptekne av helse- og samferdselspolitikk, men også landbruksoppgjeret og skogbruket vart kommentert av både finansministeren og publikum under debatten etterpå.
Finansministerer støttar signala frå Listhaug
Frå Kystskogbruket vart det under spørsmålsrunden trekt fram dei positive signala om satsing på skogbruk frå landbruks- og matminister Sylvi Listhaug. Spesielt signala om å utbetre flaskehalsar på offentlege vegar, ei forsert utbygging av skogsvegar i kystskogfylka og ikkje minst fleire sjøterminaler for å få meir av godstrafikken frå veg til sjø. Kunne Siv Jensen bekrefte at desse signala ville visast igjen i statsbudsjettet for 2015 ?
"Sjølvsagt kunne ikkje finansministeren kome med budsjettlekkasjer allereie" repliserte Siv Jensen med eit smil. Men, - skogbruk, skognæring og lågare transportkostnader var noko både ho og regjeringa var oppteken av. Ja ho rosa landbruks- og matminister Sylvi Listhaug for tydelege signal også i skogpolitikken. Og det var ingen tvil om at ho ville gi si fulle støtte til signala frå Listhaug om ei sterkare satsing på skogsvegar og tømmerkaier i åra framover.
Vestlandske Limtreindustri AS treng gode rammevilkår
I møtet deltok også Sing Wah Hui som er ein av eigarane av Vestlandske Limtreindustri AS som ligg i Fusa kommune i Hordaland (sjå også eiga sak her 10.05.12).
Fabrikken er ein av dei tre største limtrefabrikkane i Norge. Dei to andre er Moelven Limtre AS og Sørlaminering AS i Marnardal i Vest Agder. Det er idag ca 24 årsverk ved fabrikken og Hui er oppteken av gode rammevilkår for denne viktige hjørnesteinsbedrifta i Fusa kommune.
I limtre nyttar ein normalt gran- og impregnert virke som er sortert etter reglar fastlagt av Norsk Limtrekontroll. Limtre har mange bruksområde og kan mellom anna nyttast som dragarar, sperr, golvbjelkar og komplette berekonstruksjonar. Hui fortel at bedrifta kjøper alt virket i Norge og mesteparten av salet går faktisk til kystskogfylka, - i hovudsak fordi sjøtransport av ferdigvarer er eit konkurransefortrinn.
Sjå og; http://www.vlimtre.no/