TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Norge på langs - to gonger

Norge på langs - to gonger

Terje Uthushagen frå Elverum har planlagt meir skogsvegar enn nokon annan i dette landet, dei fleste i Hedmark. Ja etter snart 40 år ei total lengde tilsvarande «Norge på langs» 2 gonger. I samarbeid med FanAgro frå Os i Hordaland vil han no tilby vegplanlegging i kystskogfylka.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 06.04.2017

Uthushagen Plan AS og FanAgro AS tilbyr i felleskap ei totalpakke innan skogsvegplanlegging kvar som helst i landet. F.v. Ove Frotvedt, Atle Almeland og Terje Uthushagen.
Foto: Helge Kårstad

Det er mykje skog i Hedmark. Og med god grunn var ein tidleg ute med bygging av skogsbilvegar i dette fylket. Terje Uthushagen starta allereie i 1978 å planlegge skogsvegar, då hos fylkesmannen i Hedmark med kontorstad på Elverum. Arbeidet vart trappa opp på 80-talet og etter kvart var det 4 vegplanleggarar i sving i Hedmark. Kring århundreskiftet avtok vegbygginga og i 2003 starta Terje eige planselskap: Uthushagen Plan AS. I åra etterpå og fram til idag har han i tillegg til skogsvegar også teke fleire oppdrag innan arealplanlegging, utstikking av infrastruktur i hyttefelt og ikkje minst som sakkyndig i fleire større vernesaker.

Planlagt ein tredjedel av skogsvegnettet i Hedmark
Terje Uthushagen fortel at han sidan 1978 har planlagt kring 3500 km med skogsbilvegar, ca ¾ av dette er ombyggingsveger, resten er nyanlegg. Hedmark har i dag eit skogsbilvegnett på ca. 13000 km. Det betyr at Terje har vore engasjert i planlegging av ca. 1/3 av heile skogsbilvegnettet i Hedmark.
Dersom vi legg til grunn at den enkelte veg har eit effektivt dekningsområde på ca. 300 meter til kvar side, utgjer dette eit produktivt skogareal på ca. 2,1 millionar dekar. Legg vi til grunn ein årleg snitttilvekst på 0,4 m3 pr. dekar vil skogen inntil desse planlagte og bygde/ utbetra vegane årleg produsere kring 0,9 millionar kubikkmeter tømmer. Detter tilsvarar på same vis kring ein tredjepart av det årlege hogstkvantumet i Hedmark fylke dei siste åra. Imponerande synest vi !

Utan subsidiar
Denne veka møter vi Terje Uthushagen hos FanAgro ved Os utanfor Bergen. På same vis som Terje driv Ove Frotvedt og Atle Almeland i planfirma FanAgro også innafor skogbransjen, og tek m.a oppdrag med utstikking og profilering av skogsbilvegar. Begge påpeikar at oppdraga har auka noko siste åra etter at regjeringa har trappa opp dei statlege tilskota til skogsvegar. Likevel meiner dei at private firma ofte kjem i ein skvis i høve til andre vegplanleggarar som i større grad er offentleg subsidierte. Men legg til at dette sjølvsagt gjeld utstikking og profilering av skogsvegar. Den innleiande fasen som går ut på å finne gode felles løysingar i bygdene (områdeplanlegging), har alltid vore offentleg finansiert og slik må det også vere. Denne type områdeplanlegging føregår stort sett i dag i skogreisingsområda, i resten av landet er hovudvegnettet allereie utbygd.

Hovudplanarbeidet viser at det berre i Hordaland må byggjast 600 km nye skogsbilvegar. Liknande trong for skogsvegar finn ein i alle tidlegare skogreisingsfylker. Regjeringa har dobla løyvingane til skogsvegar siste åra. Likevel blir det eit etterlep med vegbygging i høve hogsten på Vestlandet idag. Ei forsering av skogsvegplanlegginga kan bli heilt sentral.
Bildet viser ein nybygd skogsveg som er planlagt at FanAgro i Bergen kommune, - ein av dei skogrikaste kommunane på Vestlandet.
Foto: Helge Kårstad

Tilbyr ei totalpakke innan skogsvegplanlegging
Med den kompetansen Uthushagen og FanAgro har, vil dei gjerne tilby vegplanlegging kvar som helst i landet. Dei kan også ta på seg arbeid i den innleiande fasen med å finne gode felles vegløysingar, kostnadsfordeling, bruksavtalar, utstikking av vegane, profilering, byggeleing og oppfølging. Det kan like godt vere i nord som i sør, men oppdragstype, mengd arbeid og pris må sjølvsagt avtalast på førehand.
Både Terje, Ove og Atle er kvalifserte som «profesjonelle» skogsvegplanleggarar etter ei godkjenningsordning som nyleg er etablert i regi av Landbruksdirektoratet og Skogkurs.
Begge firma nyttar planleggingsverktøyet "Gemini Terreng" fra Trondheimsfirmaet POWEL. – «Dette er svært godt norsk «software» som også blir nytta av mange anleggsentreprenører. Det blir fleire og fleire «datastyrte» gravemaskiner. Profil av vegkroppen i papirutgåve blir jamt skifta ut med elektroniske datafiler. Firma Powel har i tillegg ein god support» sier Ove Frotvedt.

Kontaktinfo finn du her:
Uthushagen Plan AS: http://www.uplan.no/
FanAgro: http://www.fanagro.no/