TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Skognæringa Kyst sitt innspel til statsbudsjettet 2018

Skognæringa Kyst sitt innspel til statsbudsjettet 2018

Skognæringa Kyst sitt innspel til statsbudsjettet 2018 har sterkt fokus på verdiskaping, meir skogplanting og fortsatt satsing på infrastruktur.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 25.03.2017

Stjørdal 22. mars 2017, f.v. dagleg leiar i Skognæringa Kyst Kurt Jessen Johansson, Jan Ivar Rødland (styreleiar) og vidare styremedlemene Ann-Hege Hanstad frå Statskog, Olav Vold frå MM Karton Folla Cell, Rolf Solberg frå Kjelstad Trelast og Arild Kulseng--Hansen frå Sæteråsen Sag og Høvleri.
Torbjørn Frivik og Ole Bakke var ikkje tilstades då biletet vart teke.
Foto: Helge Kårstad

Skognæringa Kyst har i styremøte 22. mars gjeve innspel til Statsbudsjettet 2018:

6 millionar kroner til kystskogmidlar
Grunngjevinga er at kystskogfylka fortsatt har dei høgaste transportkostnader for tømmer og relativt minst utbygd skogindustri i landet. Ei sterkt redusert skogforvaltning saman med ei sterk opptrapping av investeringar i infrastruktur medfører fortsatt stor trong for felles oppgaveløysing i kystskogfylka. Kystskogmidlane vil vere heilt sentrale i dette felles løftet.

25 millionar kroner ekstra til planting og ungskogpleie
Investering i skogkultur er langsiktig og det tek tid å utvikle eit skogmiljø. Det har vore ei særdeles god utvikling i hogsten i dei tidlegare skogreisingsfylka, men planting etter hogst er urovekkjande.

40 millionar kroner ekstra til skogsvegar
Det er stor interesse frå skogeigarar å byggje skogsvegar og ventelistene er lange i mange kommunar. Trongen for ekstra midlar er dokumentert.

50 millionar kroner til tømmerkaiar
Regjeringa si satsing på tømmerkaier har vore svært bra. Med fortsatt sterk satsing vil det meste vere gjennomført i løpet av dei nærmaste åra. Trongen for midlar i 2018 er dokumentert.

100 millionar til fjerninga av flaskehalsar for tømmertransport
Fleire av kommunane i kystskogfylka har flaskehalsar for tømmertransport på mesteparten av dei kommunale vegane. Mykje kan gjerast ved direkte oppskriving. Det er også dokumentert at mindre investeringar på kommunale vegar (eks. møteplassar og snuplassar) kan føre til rask oppskriving for vogntoglengde.

25 millionar kroner til bioøkonomiordninga (tidlegare Treprogrammet)
Det har vore ein sterk auke i eksporten av tømmer frå kystskogfylka. Auka fokus på utvikling og nyetablering av store og små skogindustriføretak er ei prioritert oppgåve framover.

40 millonar kroner til skogplanting som klimatiltak – klimaskog
Ein 3-årig pilotfase er i gang i Rogaland, Nord-Trøndelag og Nordland. Pilotfasen må tilførast frisk kapital, og dette er i tråd med tilrådingane i ein fagrapport frå Miljødirektoratet m.fl. fra 2013.

Skognæringa Kyst sluttar seg elles til innspelet til statsbudsjettet 2018 frå «Verdikjeden Skog og Tre».

Du kan lese heile innspelet frå Skognæringa Kyst her

 
Skognæringa Kyst er uroa over manglande planting etter hogst.
Mange gjer likevel ein svært god jobb. Skogsentreprenør Svein Valaker i Lindås fortel at alle hogstflater som han høgg i skogområder i regionen blir tilplanta, - i dette tilfelle av skogplantar Janise Staniskaw.
Foto: Helge Kårstad