TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Anleggsarbeidet på Håhjem tømmerkai er igang

Anleggsarbeidet på Håhjem tømmerkai er igang

Håhjem tømmerkai i Skodje kommune i Møre og Romsdal var ein dei 5 første tømmerkaiprosjekta som fekk statleg finansiering i 2013. Arbeidet som no er i gang med forsterking og asfaltering av bakarelet sikrar lågare tranportkostnader og er også viktig for miljøet.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 22.05.2014

Over; Anleggsarbeidet på Håhjem tømmerkai i Skodje er igang. Kaifronten i bakgrunnen.
Under; Siste last er levert før opprustinga på Håhjem starta. Legg merke til griplasteren som blir brukt til opplasting av tømmer på båt både i Ørsta, Håhjem og Malo. 
Alle foto; Helge Kårstad
 

Håhjem tømmerkai Skodje i Møre og Romsdal vart bygd i 1985 og er idag eigd av Allskog.
Kaifront er 27 meter, djupne ved fjære sjø ca 7 meter og bakarealet er ca 10 dekar.
Tømmerkaien Håhjem er ein av dei viktigaste virkesterminalane ved sjø i Møre og Romsdal

Investeringa er viktig både for drift og miljø
Arbeidet som no er igang gjeld forsterking og legging av fast dekke (asfalt) bakarealet. Anlegget Håhjem var blant dei prioriterte i Sintef-rapporten (2011) om tømmerkaier og tilsvarande mellom dei 5 første som vart prioriterte for statstilskot.
Pål Bæverfjord i Allskog fortel at det har teke noko tid med igangsetting grunn av ei klagesak kring støy. Kommunen har no gitt løyve til oppstart og arbeidet er venta sluttført kring sommarferien i år.
For skogbruket i regionen vil dette sikre ei meir effektiv og rimelegare terminalhandtering av tømmeret. Bruk av hjullaster ved lessing båt krev fast dekke men frigjer tømmerbilparken og blir i tillegg eit rimelegare alternativ. I tillegg fører fast dekke til mindre støy og knapt støvplager for omgivelsane. Oppsamla bark vil no vere fri for sandpartiklar og kan nyttast som fyringsmedium til eit bioenergianlegg i nærleiken.
Den statlege medverknaden i invsteringa krev at alle som omset tømmer for skogeigarane i regionen skal kunne nytte terminalen og at det skal føreliggje avtalar som sikrar dette.