TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Tømmerkaiar i Nordland og Troms.

Tømmerkaiar i Nordland og Troms.

Skogreisinga i Nord-Norge har etter kvart vist svært gode gode resultat og dei første hogstane er igang. SINTEF-rapporten «Transport av skogsvirke i kyststrøk» (2011) konkluderte med at lange fjordar og kort avstand frå skog til sjø førte til trong for fleire kaier (men gjerne mindre) enn lenger sør. Nyleg gjennomførte skognæringa og skogforvaltninga i regionen besøk til ein del av tømmerkaiane som er i bruk og for å få nærmare vurdert trongen for utbygging.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 15.02.2017

Hogsten har starta på Andøya i Nordland, her frå Skjoldehamn. Skogreisingsleiarane har saman med grunneigarane utvilsamt gjort ein særdeles god jobb. God vekst og god kvaltiet saman med jamnt over gode driftstilhøve gir von om gode tider for skogbruket i regionen framover. Men infrastrukturen er enno ikkje på plass mange stader.
Foto: Helge Kårstad

Planlegging og god logistikk
Kystskogbruket her sidan den første meldinga vart vart lagt fram i 2008 fokusert på betre infrastruktur og kutt i transportkostnader. Dette gjeld ikkje minst i dei 3 nordlegaste fylka og særleg i dei reine skogreisingsfylka nord for Saltfjellet.
I dag er det ikkje skogindustri nord for Saltfjellet som kan ta unna for dei aukande hogstmengdene.
Dette fører til at det blir rimeleg lang veg til skogsindustri. God planlegging av skogsdrift i hogstmoden skog og kort bilvegtransport kopla til sjøtransport blir avgjerande for å oppretthalde eit aktivt og lønsamt skogbruk.

Fleire mindre tømmerkaiar
Sintef-rapporten «Transport av skogsvirke i kyststrøk» (2011) konkluderte med at i høve til lenger sør burde det byggast mindre tømmerkaier (men gjerne fleire) i nord. Hovudgrunnen var relativt lange fjordar, kort veg frå skog til sjø og relativt lang veg til industrien. Ei minimalisering av totale transportkostnader gav tydelege resultat i samsvar med denne konklusjonen. Rapporten oppgav også aktuelle stader for tømmerkaiar.

Befaring til nokre av kaiane i Nordland og Troms
Nyleg gjennomførte representantar frå skognæringa og den lokale skogforvaltninga ei befaring til kaiar i Ofoten, Harstad, Kvæfjord, Vesterålen og Lofoten. Målet var å sjå på dei kaiane som har vore i bruk til tømmerutskiping siste åra, og få vurdert trongen for opprusting og eventuell utviding.
Nedanfor har vi lagt inn eit bilde med litt info frå desse kaiane (alle foto Helge Kårstad):

 
Bogen kai i Evenes er ein kommunal kai, ca 40 meter kaifront. Kaien er disponibel for tømmer og har vore noko brukt dei siste åra. F.v Ole Bakke (Allskog), Håkon Olsen (Evenes kommune) og Bjørn Næsvold (Allskog)
 
Skarvenes kai (bilde over) og Fagernes kai i Narvik er kommunale, begge har stor kapasitet og som bildet viser har det nyleg vore skipa ut tømmer over Skarvenes kaia.
 
Bilde over er frå Forneskaia i Ballangen kommune i Nordland. Dette er ei kommunal kai med kring 100 meter kaifront som har vore ein del nytta til tømmerutskiping.
I Harstad ligg 2 kommunale  kaiar som kan nyttast til tømmerutskiping, Stangenes-terminalen i sentrum og Raudskjer ved Tjeldsundet. Bildet (over) er frå Raudskjer og kaien har ca. 40 meter kaifront. Denne har nyleg vore nytta til tømmerutskiping. I bakgrunnen Evenskjer med gode og lett drivbare skogområder vidare austover. F.v. Skogbruksjef Leif Evje i Kvæfjord kommune, Bjørn Næsvold og Ole Bakke i Allskog.
 
Anfinnslett i Lødingen kommune i Nordland. Denne kaien er kommunal og har nyleg vore nytta til tømmerutskiping.
Kvæfjord kommunale kai i Borkenes (bilde over) har også vore nytta til tømmerutskiping. Det er trong for opprusting av anlegget. Det er relativt mykje planta gran av god kvalitet og god vekst  i denne delen av Troms.
Risøyhavn med Risøyrenna i bakgrunnen. Denne hamna har 2 døgnlege anløp av hurtigruta og det er følgjeleg trangt på kaien. Risøyhamn ligg sentralt i høve til skogen på Andøya og eigaren har tidlegare søkt Landbruksdirektoratet om tilkskot til ei utbygging, men er ikkje blitt priortert.
F.v. Bjørn Næsvold (Allskog, Ole Bakke (Allskog), skogbruksjef i Lofoten og Vesterålen Gjermund Pettersen og eigar av Risøyhamn Hans Benjaminsen.
 
Skjoldehamn på Andøya er kommunal. Kaien har relativt kort kaifront og er ikkje tidlegare nytta til tømmerutskiping. Denne kaia blir vurdert å leige ved ei pågåande skogsdrift i Skjoldehamn.
 
Myre i Øksnes kommune i Vesterålen har mykje fiskeindustri og ei svært god kommunal kai (bilde over). Denne kaia har god kapasitet og kan nyttast til tømmerutskiping. 
 
Sortland hamn er ei stor kommunal hamn. Det er tidlegare søkt Landbruksdirektoratet om tilskot til ei utbygging av tømmerkai utan å bli prioritert. Under synfaringa forrige veke vart det skissert nye planar for å kunne tilby eit meir eigna område til tømmerutskiping (bilde over)
Stokmarknes hamn er kommunal med daglege anløp av hurtigruta. Denne kaien har vore svært mykje nytta til tømmerutskiping og under synfaringa møtte vi både tømmerbilen med last til kaia og hurtigruta Finnmarken. Fv. Bjørn Næsvold (Allskog), hamnesjef Line Anette Jakobsen og tømmerbilsjåfør Knut Henrik Lihaug