TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Modellering på tømmerkai

Modellering på tømmerkai

Ingvild Helle Nysæter er student ved NTNU i Trondheim. Med god hjelp av seniorforskar Vibeke Stærkebye Nørstebø ved SINTEF er ho godt i gang med ei masteroppgåve knytta til å modellere matematisk det som skjer på ein tømmerkai. Resultata vil bli nytta i eit pågåande forskingsprosjekt om verdiskaping og infrastruktur i Nord-Trøndelag og Nordland

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 01.12.2016

Både Skognæringa og SINTEF set pris på masteroppgåva til Nysæter. F.v. spesialrådgjevar Ole Bakke frå Allskog, seniorforskar Vibeke Stærkebye Nørstebø frå SINTEF, student ved NTNU Ingvild Helle Nysæter og adm.dir. Knut Dreier frå Moelven van Severen i Namsos.
Foto; Helge Kårstad

Dette er gledeleg
Det har aldri gått så mykje tømmer sjøvegen og over kai som no. Dette er fordi det er stadig lenger mellom skogindustriføretaka og samtidig er den miljøvenlege sjøtransporten mykje rimelegare enn biltransport (pr. tonn/ km).  Noverande regjering har også satse på ei utbygging av tømmerkaier, nettopp for styrkje konkurransevilkåra for tømmerstokken og samtidig medverke til at stadig meir gods går sjøvegen.
Investeringa i tømmerkaiar har blitt ei velsigning for skognæringa, men opptrappinga er også ei stor utfordring reint logistikkmessig. Difor er det svært gledeleg at Ingvild Helle Nysæter ved NTNU har lagt masteroppgåve si til tømmerkaier.

Beskrive/ modellere prosessar matematisk
Nysæter er frå Bergen og student på 5-te året ved NTNU på studiet Industriell økonomi og teknologiledelse (Indøk). Ho fortel at masteroppgåva vil gå ut på å modellere (beskrive) ulike prosessar ved tømmerkaien matematisk, og deretter rekne ut kva som er optimalt. Kort sagt vil ho kunne rekne ut raskaste og rimelegaste måten å få ein tømmerstokk inn og ut over tømmerkaien. Føresetnadane er m.a. at noko tømmer ligg på baklager, noko på kaifront, at det er 2 aktørar som nyttar kaien, at det er minst 2 ulike tømmersortiment og minst 2 ulike kjøparar av virket. Data vil bli kopla til eit pågåande 3-årig forskingsprosjekt ved SINTEF : «Efficient value chains for the forest industry in Coastal Norway», (Norfor 2014-2017).

Masteroppgåvene bør ha ei nytte
Seniorforskar Vibeke Stærkebye Nørstebø ved SINTEF, adv. Teknologi og Samfunn seier at SINTEF er glad for den gode kontakten med studentane ved NTNU. - «Vi prøver å medverke til å finne eigna oppgåver og legg vinn på at oppgåva har ein nyttig relevans og gjerne kopla til pågåande prosjekt, - ja gjerne som i dette tilfelle» seier Nørstebø.
Nørstebø minner også om at Norfor-prosjektet er tilknytt følgjande industrielle og offentlege partnarar: Arbor-Hattfjelldal AS, Moelven van Severen AS, Statskog SF, Fylkesmannen i Nordland, Allskog SA, Nordland Fylkeskommune, Mosjøen Havn KF og Skognæringa Kyst SA.
Eit av hovudmåla til Norfor-prosjektet er å medverke til auka kunnskap om effektiv bruk av sjøtransport i kystskogfylka. Sentralt i prosjektet er også å sjå på tømmerflyten av avverking som grunnlag for investering i industri og/ eller ringverknader knytta til eksisterande eller ny industri/ hamner i Nord-Trøndelag og Nordland.
Nørstebø legg til at masteroppgåva til Nysæter vil ha stor nytte i dette prosjektet for å optimalisere aktiviteten som føregår på tømmerkaien.