TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Skogsvegsamarbeid ved hjelp av jordskifte

Skogsvegsamarbeid ved hjelp av jordskifte

22 grunneigarar nytta jordskifteretten for å få bygd Solsidevegen i Sunnfjord for ca 20 år sidan. Denne "reiskapen" for å få fram gode skogsvegløysingar har vist seg å vere svært god og burde nok brukast meir seier skogeigar og dagens leiar i veglaget Oddbjørn Schei.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 21.05.2014

Over; Sentrale personer ved etableringa av Solsidevegen for kring 20 år sidan, og like aktive i dag. F.v. skogbruksjef Henning Malones, skogeigar Oddbjørn Schei og jordskifterettsleiar i Sunnfjord og Ytre Sogn Jordskfterett Vidar Otterstad.
Under; Solsidevegen strekkjer seg ca 5 km i lia ovanfor Naustdal sentrum og er i tillegg til skog og anna næringsaktvitet ein svært mykje nytta turvei.

Kystskogbruket set skogeigaren og skogeigarsamarbeid i fokus for å betre infrastrukturen for skogsvirket fram til industrien. Eit nyleg avslutta forskingsprosjekt kalla "Fra ti til en" konkluderte med at eigedomsoverbyggjande frivilleg samarbeid er utfordrande men har eit stort potensiale.(sjå omtale her, - arkivet dagsett 06.04.14).
Utover 1980 talet og litt inn 90-talet var bruk av jordskifteretten for å iverksetje eigedomsoverbyggande vegsamarbeid svært mykje nytta. Jordskifterettsleiar ved Sunnfjord og Ytre Sogn Jordskfterett Vidar Otterstad fortel at i Sogn og Fjordane kunne det årleg dreie seg om kring 10 skogsvegsaker. Men aktiviteten og etterspørselen frå skogeigarane fall kraftig kring 2000, og i dag er det bortimot ingen etterspørsel etter deira tjenester for å få fram gode felles skogsvegløysingar. Otterstad seier at tendensen er den same heile Vestlandet.

Organiseringa av skogsvegsamarbeidet er viktig
Korleis
gjekk det med desse felles skogsvegsakene som nytta jordskfteretten for kring 20 år sidan ? Vi besøkte i dag ei av desse, nærmare bestemt Solsidevegen i Naustdal kommune like utanfor Førde i Sunnfjord. Vegen er ca 5 km lang og løyser ut eit skogareal kring 4000 dekar. Vegkostnaden den gongen var 1,8 millionar kroner.
Skogeigar og dagens vegformann Oddbjørn Schei kan fortelje at i korte trekk har dette gått svært bra. Skogeigarane har i alle år sett stor pris på og drege nytte av vegen. Ja vegstyret har innkalla til årlege årsmøter (med nokre få unntak) heilt fram til i dag. Schei meiner også at erfaringane ved Solsidevegen har vore så pass gode at han gjerne kan tilrå andre å nytte jordskifteretten i skogsvegsaker.
Dette fortel også  at organiseringa kring iverksetjng og drift av skogsvegen som vart vedteken og tinglyst av jordskifteretten kring 1990 har fungert som planlagt heilt fram til i dag. "I slike skogsvegsaker var det viktig å få vedteke eit vegstyre med leiar som skulle gjennomføre bygginga av vegen og seinare ha eit eige ansvar, særleg for vedlikehald og årlege årsmøter" seier Otterstad. Og han legg til at den vedtekne vegsaka ved hjelp av ei tinglysing på sett og vis også sikra eit obligatoirisk medlemskap for alle grunneigarane i vegforeninga for framtida. Men det er svært viktig å finne den rette leiaren i vegstyret dei første åra, - ein leiar som både er god på gjennomføring av tiltaket  og samarbeid i grenda.

Skogbruksjef Henning Malones legg til at den kommunale skogbruksforvaltninga var sentral i denne saka og meiner at dette også er ein føresetnad i dag. "Men bruk av jordskfteretten må kanskje marknadsførast betre og det er ikkje nødvendigvis dei store konfliktsakene som kan dra mest nytte av denne gode "reiskapen". I mange vegsaker kan oppstå uklare rettstilstander kring eigdomstilhøva og då vil ville det vere mest praktisk å tilrå bruk av jordskifteretten" legg Malones til.

Ny jordskiftelov
Otterstad fortel vidare at den nye jordskiftelova framleis opnar for bruk av jordskifteretten ved framføring av  felles skogsvegsaker. I ei skogsvegsak er det nok at ein enkelt grunneigar krev bruk av jordskifteretten, det vil likevel vere ein føremon om flest mogeleg står bak kravet. Men for å kunne gjere vedtak om iverksetjing av ei skogsvegsak må vilkåret om at ingen grunneigar skal lide tap dokumenterast. Det betyr i praksis at det må dokumenterast at nytten er større enn ulempa. I slike tilfeller vil retten ved sida av forhandlingar med grunneigarane også søkje anna skogfagleg hjelp. For å få starta ei skogsvegsak er det eit inngangsgebyr (2014) på kr 4300, i tillegg til partsgebyret på kr 1550. I mindre og enkle vegsaker er jordskfteretten representert ved ein jordskiftedommar, i større saker er det vanleg å innkalle meddommarar (lekdommar) og kostnaden kan då bli noko større.