Mykje bra vedlikehald
Det er mykje bra vedlikehald på skogsvegane i Hordaland.
Denne nyheten ble publisert av: Torgunn Sollid Publisert dato: 01.11.2010
Fylkesmannen i Hordaland har sjekka vedlikehaldet på skogsvegane i fylket. Vedlikehaldskontrollen syner at det vert utført mykje bra vedlikehald, men og at det i mange tilfelle trengs eit betre vedlikehald. Gode rutinar og avtaler i veglaget om årleg vedlikehald vil gje eit godt og rimeleg resultat. Det var sommaren 2010 at kontrollen vart gjennomført i kommunane Voss, Granvin, Ulvik, Ullensvang, Kvinnherad og Lindås.