TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Orkanger vil ha tømmerkai

Orkanger vil ha tømmerkai

Tømmer har i fleire tiår vore ei viktig last over hamna på Orkanger. Vi ynskjer no å tilrettelegge for ein meir effektiv logistikk ved ein stadig aukande tømmertransport over kaia seier teknisk sjef Geir-Ove Sumstad i Trondheim Havn. For skogeigarane i distriktet er det svært viktig å sikre framtidig tilgang til ein effektiv sjøtransport og dette er gledelege signal sier spesialrådgjevar Ole Bakke i Allskog.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 17.11.2016

Orkanger 17..november 2016. Orkanger hamn treng eigen tømmerkai seier frå venstre spesialrådgjevar Ole Bakke i Allskog (også delprosjektleder i Arena Skognæringa Trøndelag), driftsleiar Bjørn Steinshaug og teknisk sjef Geir-Ole Sumstad ved Trondheim havn, avd. Orkanger.
Alle foto: Helge Kårstad

Trondheim Havn IKS, avd. Orkanger er ei industrihamn med 3 kaiar og eit hamneareal på ca. 190 dekar. Det er ei regionhamn for offshorebedriftene på Orkanger, Technip Spolbase, Bredero Shaw og Reinerstsen, den lokale smelteverksindustrien Elkem Thamshavn og Washington Mills , gjødseltransnport for Norgesfor og tømmertranssport for Norske Skog Skogn og Allskog.
- "Hamna sin kapasitet er i dag for liten og det pågår no regulering i hamneområdet. I den samanheng vil vi tilrettelegge for eigen kaifront til tømmer inkludert baklager" sa teknisk sjef i Trondheim Havn Geir-Ove Sumstad under eit møte på Orkanger i går.

Støtte frå skognæringa til ei utbygging i Orkanger
Hamna har tidlegare søkt Landbruksdirektoratet om støtte til kaiutbygging, men dette er hittil ikkje blitt prioritert. Nye og ferske planer vil tilretteleggje for ein stor betring for tømmertransporten over hamna og spesialrådgjevar Ole Bakke i Allskog sier at dette er svært viktig for skognæringa.- «Den ideelle situasjonen for Allskog er ein lang eigen kaifront der det kan lagrast tømmer før båtanløp og eit tilstøytande bakareal på ca. 6 dekar. Ein slik situasjon vil gi oss minimalt med kostnader frå målestasjonen like ved kaien til kaifront» seier spesialrådgjevar Ole Bakke i Allskog.
Ivar Egil Gjøra i Nortømmer er konkurrerande føretak til Allskog og bekreftar at dette også er viktig for dei. - «Nortømmer intensiverar arbeidet i Trøndelag for tida og tømmerkaia på Orkanger vil også bli viktig for oss» seier Gjøra.

 
Øverst: I dette området tilbyr Trondheim Havn, avd. Orlanger eit eige bakareal med asfaltert dekke og med ny kaifront kring 70 meter lengde.
Nederst: Hamna i Orkanger er ei fleirbukshamn med for liten kapasitet og svært vanskelege logistikktilhøve. Bildet visar transport for utskipning av ferdigisolerte stålrør for olje og gasstransport på havbotnen i Nordsjøen.
 
 

Tømmer til norsk industri
Hamna på Orkanger har over tid vore ei av dei viktigaste hamnene for utskiping av tømmer i Norge. Figuren under viser ein sterkt auke i kvantum oveer hamna frå år 2000 til år 2015. I 2016 er det venta at kvantumet vil overstige 100 000 kubikkmeter. Og i alle desse åra har dette tømmeret gått til norsk industri, både til Norske Skog på Skogn, Moelven van Severen i Namsos og MM Karton Follacell AS på Follafoss.
Ein ny søkand om støtte til eigen tømmerkai på Orkanger vil no bli utarbeidd innan fristen som er ca. 1 april 2017.