TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Kippkøyringa stoppar skogbruket

Kippkøyringa stoppar skogbruket

«Eg vil ikkje betale for kippkøyringa meir» seier skogeigar Erik Njøsen, Gaular i Sogn og Fjordane. «Vi må køyre 5 turar istadenfor ein og taper også pengar på dette» seier tømmerbilsjåfør Gøran Kårstad. Begge er samde om at dersom ikkje vegane blir oppskrive eller opprusta raskt, må det innførast ei dispensasjonsordning. Elles stoppar skogbruket mange stader.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 03.11.2016

Skogeigar Erik Njøsen (t.v) og tømmerbilsjåfør Gøran Kårstad taper begge pengar på at tømmeret må kippkøyrast (køyrast fram med enkel bil) fordi den offentlege vegen er lågt klassifisert. Her frå ein fylkesveg i Sogn og Fjordane som er godkjent for køyretøylengde på 12,4 meter og vekt 50 tonn (BKT8) og som difor ikkje tillet å bruke tilhengar. På lasset ligg berre 5 kubikkmeter tømmer. Med hengar kunne lasset vore ca. 27 kubikkmeter på denne vegen.
Alle foto: Helge Kårstad

Rett og slett for gale
Vi møter skogeigar Erik Njøsen ein regntung dag i Sunnfjord. - "At tømmeret har lege her lenge er no ei sak. Men at eg må betale 15 tusen kroner fordi alt må kippkøyrast er rett og slett for gale" sier Njøsen. Å kippkøyre tyder at enkel lastebil må køyre fleire gonger for å fylle opp ein fast stasjonert tilhengar fordi vegen ikkje tillet å køyre bil + tilhengar (vogntog). Totalt er det hogge ca. 500 kubikkmeter tømmer i området og kostnadane ved kippkøyringa utgjer ein god del av venta netto. «Hadde eg visst at eg skulle betale for kippkøyring av tømmeret hadde eg aldri sett i gang» sier Njøsen. Og vi kan gjerne legge til at bortsett frå knapt med møteplassar er vegen reint teknisk heilt grei å køyre for tømmervogntog.

Hengaren må stå igjen
Tømmerbilsjåfør Gøran Kårstad har køyrt tømmer i 7 tal år og likar arbeidet svært godt. - "Men kippkøyringa har auka, og den tek snart knekken på både oss og skogeigaren" seier Kårstad. Grunnen til dette er stadig aukande hogst frå områder der det aldri har vore hogge tømmer for sal før. Og dei kommunale vegane og/eller fylkesvegane fram til desse felta er ikkje registrerte for vogntog i veglista frå Statens Vegvesen. På kommunevegen eller fylkesvegen er det ofte snakk om godkjent lengde på 12,4 meter og vekt på 8 tonn (BK8) eller «tung» 8 tonn (BKT8) akseltrykk. I praksis fører dette til at hengaren må stå igjen. På bilen kan du knapt lesse halvt lass (ca. 5 m3 på bruksklasse BK8 veg og ca. 7 m3 på bruksklasse BKT8 veg). - "Dette fører til at vi må køyre 5 gonger med enkel bil istadenfor 1 tur med vogntog. Vi taper også pengar på dette" seier Kårstad og legg til at grantømmeret på Vestlandet er noko tyngre enn austanfor og dette fører igjen til noko lågare volum.

Hengaren må stå igjen. Hit må altså enkel tømmerbil køyre 4 lass (kvart ca. 5 m3) for å fylle den, - i tillegg må bilen køyre minst ein ekstra tur for å lesse lass på bilen. Det er også stadig vanskelegare å finne eigna lovleg stad der hengaren kan stå for å bli opplest.

300 turar istadenfor 70 turar
Howard Summers er transport- og logistikkleiar i Vestskog som har organisert hogst, transport og omsetning av tømmeret til Njøsen. Summers bekreftar at kippkøyringa har auka og at dette er uheldig for alle partar og til slutt fører det til ekstra slitasje på vegnettet. «Siste vekene har vi berre hatt kippkøyring» sier Summers og viser til eit eksempel i Stryn kommune. Ei skogdrift på 1500 kubikkmeter skal hoggast og vegen er ikkje godkjent for vogntog. Istadenfor 70 turar må vi nok køyre kring 300 turar med enkel bil for å få ut dette tømmeret. Denne unødige transporten er også lite miljøvenleg og bind i tillegg opp allereie avgrensa transportkapasitet.

Ei dispensasjonordning må til
Summers meiner at ei dispensasjonsordning hadde løyst dette fordi vegane eller deler av vegane ofte er teknisk sett køyrbare med vogntog. Han får også stadig tilbakemeldingar frå skogeigarar som ikkje vil hogge tømmer på grunn av at kommunevegen eller fylkesvegen er så lågt klassifisert. Og dei fleste kommunane er svært restriktive på ei generell oppskriving for alle typar transportar. «Ja det er ein fortvila situasjon» avsluttar Summers.