TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Ei båtlast med førsteklasses sitka-materialer

Ei båtlast med førsteklasses sitka-materialer

Eg hadde ikkje forventa eit så godt økonomisk resultat av sitkaskogen seier skogeigar Thorvald Zahl på Nesna i Nordland

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 28.04.2014

Sentrale aktører på Nesna. F.v Skogbruksleiar i Allskog Jon Halvard Hjerpbakk, hogstentreprenør Jan Thomas Kløvimo, landbruksjef Inger Richardsen og skogeigar Thorvald Zahl.
Alle foto; Helge Kårstad

Vi er i Nesna kommune i Nordland, eit par timars biltur med ferje frå Mosjøen.
Skogbruksleiar Jon Halvar Hjerpbakk i Allskog kan fortelje gode nyheiter frå hogst av siktagranskog med føremål tømmer til bygningsmaterialer.  I det siste feltet, hos skogeigar Thorvald Zahl, er det nyleg hogge ca 2000 kubikkmeter tømmer av sitka og det meste (ca 70%) er levert som skurtømmer eller som råstoff for bygninglast til ei skogindustribedrift i Tyskland. Godt terreng, - relativt låge driftskostnader og høge kubikkmasser pr dekar gjer at resultata også for skogeigar blir svært gode. Ja vi er i klasse med "det beste i landet" når vi snakkar om ein netto på ca 10 000 kroner pr dekar til skogeigar. Dette skaper positiv interesse for sitkagrana seier Hjerpbakk. 
Skogeigar  Thorvald Zahl kan fortelje om ei tid då det var skoglaust på Nesna og alle måtte frakte bygningsmaterialer frå Mo i Rana lengst inni fjorden. Dette var også noko av grunnlaget for at skogreisinga skaut fart etter krigen seier Zahl. "Eg hadde ikkje på noko vis venta eit så godt økonimisk resultat av skogdrifta som pågår her no" seier Zahl. Med eit resultat på kring 10 000 kroner pr. dekar er han heller ikkje i tvil om at her skal opp ny skog av sitka. 

Sitkagrana og jordbruksdrift 
Skogeigarane Johan Anton Sandnes og Ronny Sommeroe understrekar behovet for beiteareal i kommunen og ser kombinsjonen skog og beite som svært positiv. Men folk flest har også meiningar om både jord- og skogsdrift og vi opplever eit stort behov for å infomere om tiltaka. Det er også eit spørsmål om korleis ein foryngar skogen. Ronny Sommeroe som er aktiv husdyrbonde i Nesna framhevar sitkagrana sine sterke eigenskapar mot vind og saltskader. Den utmerkar seg også ved naturleg gjenvekst, så god at det knapt treng plantast nye planter i mindre skogfelt, - ja den foryngar seg bokstaveleg tala sjølv. Og auka beiting/ aktiv jordbruksdrift reduserar unødig spreinig av sitkagran i kulturlandskapet. 

Hogstentreprenør Jan Thomas Kløvimo har erfaring frå granskogen i Grane og Vefsn kommuene lenger aust og opplever ein god del som er annleis ved hogst i sitkaskog. Store kubikkmasser pr. dekar er alltid eit pluss, - det er likevel ei utfordring at kvistinga tek relativt mykje lenger tid. Kanskje ei utfordring for den driftstekniske forskinga i Norge ?

Planlegging og bygging av skogsvegar blir viktig
Landbruksjef Inger Richardsen framhevar at god tilrettelegging for hogst av sitkaskog blir viktig. Det er difor nødvendig at planlegging og utbygging av skogsvegar kjem igang i tide, - dette reduserar også køyreskader i terrenget og det ser i det heile finare ut etter ei skogsdrift. Richardsen nemner også fleirbruk og omsynet til miljø og friludtsliv som må ivaretakast ved planlegging og drift av skogareala i kommunen framover. 
Hovudplanleggar Geir Einar Sund hos fylkesmannen i Nordland kan bekrefte dette. Siste tida har det vore svært stor pågang i heile fylket etter å få godkjent bygging og opprusting av skogsbilvegar.
Han legg til at det auka fokuset på ein betre infrastruktur i Kystskogbruket er noko av grunnen til dette.

Øverst; Førsteklasses sitkagran til bygninglast frå skogeigar Thorvald Zahl på Nesna i Nordland.
Nederst; f.v. Geir Einar Sund og Andreas Sletten frå fylkesmannen i Nordland, Torgunn Sollid frå Kystskogbruket, skogeigar Thorvald Zahl, landbruksjef Inger Richardsen, Gunnar Nygård frå fylkesmannen og skogeigar Johan Anton Sandnes