TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Doble inntekta pr. dekar om du ventar 10 år med hogsten

Doble inntekta pr. dekar om du ventar 10 år med hogsten

"Du bestmmer sjølv når tømmeret skal hoggast og kan derfor påverke både verdien av tømmeret og kostnaden med å få det fram" sier Knut Edvard Grøtta i Rauma Skogeigarlag.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 24.04.2014

Hogst av spesialvirke av furu i Isfjorden i Rauma kommune, - 22 april 2014  
T.v. sagbrukseigar Leif Stangnes og t.h. leiar i Rauma Skogeigarlag Knut Edvard Grøtta.
Bildet under er frå same området i Isfjorden og viser Romsdalshorn  i bakgrunnen.
Alle foto; Helge Kårstad

"Vent 10 år med hogsten og doble inntekta pr. dekar" sier ein svært engasjert skogeigarlagsformann i Rauma, Knut Edvard Grøtta. Men ikkje misforså legg han til; Som skogeigar bestemmer du sjølv når tømmeret skal hoggast og kan derfor påverke både verdien av tømmeret og kostnaden med å det fram.
Grøtta viser til eit eksempel (kronervedi 2013) frå eit granfelt med bra vekseforhold (G20). Høgg du dette feltet ved 50 års alder sit du igjen med ein netto pr. dekar kr 3225, ventar du til 60 år doblar du inntekta pr. dekar til kr 6048 og til kr 9850 om du ventar å hogge til alderen er 70 år.
Bakgrunnen for dette er at treet legg stadig  seg kring ein større omkrets, du får altså ein stadig større volumtilvekst i desse åra og samtidig aukar andelen kvalitetsvirke med alderen (innafor desse aldersgrensene og føresett skog i bestand).
Detaljar finn du i vedlagde dokumentasjon 

Bygg skogsbilvegen før skogsdrifta startar opp 
Grøtta
seier at i Rauma fins det både vanskeleg og mindre vanskeleg skogterreng. Men utan tilrettelegging med skogsbilvegar vil det som no gjenstår å hogge av granfelta bli dårleg økonomi. "Det hastar med vegbygging" poengterar Grøtta som svært gjerne vil engasjere seg i skogmøter i Rauma. Folk er gjerne interersserte men treng råd og tips om det meste kring skog, skogsdrift og økonomien i dette.

Skogbruksjef Rune Horvli i Rauma kommune bekreftar dette. Dersom vi i felleskap med skogeigarane kan tilretteleggje for ei effektiv skogsdrift blir også økonomien god, - alternativt blir det ofte svært dårlege resultat. Horvli har utarbeidd digitale skogsvegplaner for mange områder i kommuen og har no som eit kortsiktig mål å gjennomføre denne planlegginga for heile kommunen. Skogdrifter bør ikkje setjast igang før vi har ei best mogeleg tilrettelegging med skogsvegar, lunneplassar, eventuelle standplassar og snuplassar seier Horvli. Informasjon og effektiv bruk av skogfond, tilskot og andre regnskapsmessige ordningar er også svært viktig for lønsemda til den enkelte skogeigar legg Horvli til.

Les her kva Skogkurs har skrive om hogsttidspunkt:
http://www.skogkurs.no/Resyme/resyme_13.pdf