TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Ein temaplan som sikrar opne landskap, jordbruk og skogbruk

Ein temaplan som sikrar opne landskap, jordbruk og skogbruk

Me vil i felleskap prøve utarbeide ein temaplan for opning av landskap, for jord- og skogbruk konkluderte Jon Nordø i Naturvernforbundet då folket i Austrheim kommune i Hordaland stilte mannsterke opp til debattmøte på skulen sist fredag.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 22.03.2014

Øverst; Eksempel på aktivt drive kulturlandskap og skogareal i Austrheim 
Nederst; Kantina på Austrheim Vidaregåande skule vart neste fullsett då tema kring opne landskap og sitkagran vart debattert sist fredag kveld.
Foto; Helge Kårstad

Leiar i Naturvernforbundet i Nordhordland Jan Nordø spådde 20 personar til møtet, - det kom 60.
Ja ein fullsett sal  Austrheim Vidaregåande skule i Hordaland viste at temaet opning av landskap vekkjer interesse. Ikkje utan grunn sidan Austrheim kommune nyttar slagordet; "opne landskap - ope sinn" i si marknadsføring av kommunen.
Under tittelen "Slaget om sitkagrana, kva gjer vi når opne landskap i Austrheim gror att ? " var det venta sterke utspel når skogbrukararnaturvernarar og folk flest skulle debattere dette tema.
Likevel, - møtet vart svært godt motteke, - innleiarane fekk alle skryt av forsamlinga og det var ei engasjert forsamling i alle aldrar som utover kvelden vart stadig meir motiverte til å handle.

Innleiarar var ass. miljøvernsjef hos fylkesmannenHordaland Stein Byrkjeland, leiar i Naturvernforbudnet Lars Haltbrekken, plansjef Asbjørn Toft i Austrheim kommune og prosjektleiar Helge Kårstad frå Kystskogbruket.

Leplantingane, - øy og skjer plantingane
Frå
flere hald vart det kommentert at tidlegare leplantingar i kulturlandskapet/ innmarka saman med mindre drift av jordbruksareal hadde skapt særleg gode vilkår for frøspreing av sitka i Austrheim. Desse leplantingae vart oppført på 60-70 talet,  og hadde som føremål å skape livd for vind og gi betre grasavlingar for bøndene. Den statlege leplantingskonsulenten som hadde arbeidsområde mellom Lista og Lofoten tilrådde ofte bruk av sitkagran, også i Austrheim. Det viste seg også i ettertid at dette var svært vellukka. Det vart skapt livd for vind og grasavlingane auka. Dette betydde mykje i åra før "oljealderen" sette inn for fullt, - også i Austrheim.
I dag har mange slutta å slå grasmarka og sitkafrø frå leplantingar i innmarka slår raskt rot.
Fleire av innleiarane peika på tiltak for å unngå vidare spreiing av sitka i kulturlandskapet og meir aktiv jordbruksdrift må her bli sentralt. Hogst av einskilde leplantingar og andre uønska siktatre i kulturlandskapet kan også bli viktige tiltak ein del stader.
Assisterande miljøvensjef i Hordaland Stein Byrkjeland gav ei engasjerande orientering om statlege føringar for bruk av utanlandske treslag og viste til at utplanting av sitka på holmar og skjer ikkje alltid hadde vore like godt gjennomtenkt for 50 år sidan. Dei fleste i salen nikka samde i dette.
Pål Solberg frå Solberg Sag  Osterøy hadde like godt teke med seg prøver på sitka-materialer frå bestandskog av sitka, - dette for å vise kva utmerka trematerialer ein kan få ut av kvalitetsmessig god bestandskog av sitka. Dette skapte stor interesse i forsamlinga.

Ungdomar på fremste benk
Under paneldebatten til slutt lova ordørar Per Lerøy at kommunen skulle stille opp det beste ein kunne for å få igang meir aktiv drift av jordbruksareala.
Det var såleis ein optimistisk leiar i Naturvernforbudnet Jar Nordø som til slutt kunne konkludere med at ein i felleskap måtte arbeide for å få utarbeidd ein kommunal temaplan for opning av landskap der også aktiv bruk av jord - og skogareal må vere ein del av løysinga.

Underteikna vil gi honnør til Naturvernforbundet i Nordhordland for initiativet. Samtidig er det utan tvil eit stort behov for informasjon om fortida, kvifor bønder planta leveggar av sitka, kvifor dei planta sitka i skog, kvifor dei planta sitka på holmar og skjer og kvifor dei slo gras. Og det er ikkje minst eit stort behov for gjensidig utveksling av kunnskap kring både jord- og skogsdrift og tilhøyrande produkt som blir skapte. At ungdomar frå Austrheim vidaregåande skule stiller på fremste benk gledde meg mest !