TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Skognæringa er viktig for Voss kommune

Skognæringa er viktig for Voss kommune

Skognæringa er viktig for Voss kommune sa ordførar Hans-Erik Ringkjøb då hovudplan for skogsvegar var tema på eit fullsett kommunestyremøte i dag.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 20.03.2014

F.v. ordførar Hans-Erik Ringkjøb, Dag Skjølaas frå Norges Skogeierforbund, hovudplanleggar Oddbjørn Helland, skogbruksjef Bjørn Hystad og Jens Manger frå Nortømmer.
Foto; Helge Kårstad

Kommunestyret Voss tel over 40 representantar og det var ei svært interessert forsamling som allereie før det ordinære kommunestyret hadde sessa seg i salen for å høyre om skog og skogbruk.
Ordførar Hans-Erik Ringkjøb innleia med å seie at skogbruket alltid hadde vore viktig for Voss. Og ikkje minst i dag med stadig aukande hogst og eit av moderne sagbruk i Granvin var skogbruk og skognæring stigande kurs.

Skogreising, vegplanleggng og miljøomsyn
Dag
Skjølaas frå Norges Skogeierforbund hadde teke vegen heilt frå Oslo for å orientere om skogsvegbygging og verdiskaping. Han kom inn den store satsinga i skogreisingstida. Ikkje minst Voss der dei i dei mest hektiske åra måtte nytte NSB sine lastevogner til å frakte skogplanter innover i dalen. Skjølaas minna om den store fokuseringa kring skog og miljø som fokuset Oslomarka skapte tidleg 80 -talet. Dette var fokus som seinare m.a. førte til nye føreskrifter for godkjenning og bygging av skogsvegar. Og utover 90-talet kom krav om å utarbeide oversiktsplaner/ hovedplaner for vegbygging før ein kunne ta stilling til enkeltsøknader.
Verkeleg fart i dette vart det når Kystskogbruket etablerte skogsveiprosjekta i 2009 og resultat av dette arbeide skal no leggast fram for kommunestyret i Voss. 

Historisk mulegheit
Skjølaas
sa til slutt at det no er ein historisk mulegheit til å realiserre dei planlagde skogsvegane på Voss og bidra til ei stor verdiskaping. Ja aldri nokon gong før har det vore mykje hogstmoden skog på Voss som i dag. Denne planen legg opp til at det skal byggjast 49 km med nye skogsbilvegar og det løyser ut ca 900 000 kubikkmeter skog.  
"Noen vil sikkert synes at det blir for dyrt å bygge bilveger, og at det er nok med en traktorveg for å få ut tømmeret. Samtidig er det kjempestor forskjell på det å få en bilveg inn i et område, og det å få en traktorveg. Hvis du ser på drivstofforbruket på en lastebil som kjører langs en skogsbilveg og drivstofforbruket på en lastetraktor som kjører i terrenget, er forholdet 1:50. Ser du på kostnadene med å kjøre en kilometer, er det 15 ganger dyrere å kjøre med lastetraktor enn med bil. Og i tillegg til at er det er tungt å kjøre opp og ned lisidene her på Vestlandet, sparer vi oss mye problemer med kjøreskader, erosjon og lignende" sa Skjølaas til slutt.


Hovudplanen er ført i pennen av hovudplanleggar Oddbjørn Helland og skogbruksjef Bjørn Hystad Voss.