Hovudplanarbeidet i kystskogbruket er godt igang
Aktiviteten for hvudplanarbeidet i kystskogfylka er god men enno noko variabel kring i kommunane.
Denne nyheten ble publisert av: Torgunn Sollid Publisert dato: 14.10.2010
Hovudplanrbeidet for skogsbilvegar er ein kommunal 10 års plan for eit framtidig hovudtilkomst-vegnett i viktige skogområder langs kysten. Dette arbeidet sikrar heilskaplege løysingar for framtidig bilvegbygging i skogområder der omsyn både til økonomi og miljø blir ivareteke.
Skog og Landskap utviklar for tida eit dataprogram som koplar dei planlagde vegdata med skogressursdata. Dette er viktig for å få fram kostnadstal og verdiskaping for planlagde enkeltvegar, likeeins summert for områder , kommunar og fylke.
Dei første hovudplanane vil vere ferdige før jul i år.Målsetjinga er at alle kommunar med viktige skogareal langs kysten skal ha utarbeidd ein hovudplan for skogsbilvegar innan utgangen av 2011.
Kommunar i Trøndelagsfylka, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane er kome lengst i dette arbeidet, dei andre fylka følgjer godt på.
Arbeidet er prioritert såvel av fylka (kystskogmeldinga) som Landbruks- og matdepartementet.
Arbeidet er særleg viktig for å sikre ei konkurransedyktig skognæring langs kysten i dag og i framtida.
Kystskogbruket har tilsett Helge Kårstad (48020261) for å samodne dette arbeidet i fylka/ kommunane. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller kommentarer.
BILDET: Hovudplanarbeidet sikrar heilskaplege løysingar for framtidig bilvegbygging i skogområder der omsyn både til økonomi og miljø blir ivareteke, - her frå Sortland i Vesterålen.